Kva kan du forvente når barnet ditt blir fødd i veke 33-35
Informasjon til komande foreldre og foreldre til for tidleg fødde barn:
Utstyr
Nyføddintensiv har mykje teknisk utstyr. Det kan vere skremmande for foreldre å sjå barnet sitt med slanger og ledningar festet til kroppen, og å høyre apparat som stadig alarmerer.
Utstyret er nyttige hjelpemiddel for å overvake og behandle barna. Det gir oss viktig informasjon om barnet sin tilstand, slik at vi kan følgje med på endringar og setje inn tiltak når det trengst.
Mange kan bli redde når alarmane piper, og tenkje at pleiarane ikkje reagerer raskt nok. Hugs at ikkje alle alarmar er like alvorlege, og at sjukepleiarane kjenner lydene godt. Nokre gongar skjer det falske alarmar, for eksempel om barnet er uroleg.
Pusting
Ein del barn har lunger som ikkje er heilt klare for livet utanfor livmora. Dette kan føre til at barnet får ei "knirkande", tung pust, som betyr at lungene er stive. I slike tilfelle kan CPAP (continuous positive airway pressure) hjelpe til med å halde lungene opne og gjere det lettare for barnet å puste.
CPAP-masken eller prongen ligg over, eller i, nasen til barnet og er festa til ei spesiallaga lue. Gjennom CPAP-en kan barnet òg få oksygen om det treng det. Behandlinga med CPAP kan vare frå nokre dagar til nokre veker, avhengig av kor stive lungene er.
Mat
Ein del barn født i veke 33-35 vil kunne amme hos mor med ein gong, medan andre treng litt tid og hjelp til å få i seg maten. Når barnet er for umogent eller sjuk til å ete sjølv, får det mjølk gjennom kopp eller sonde (ein liten plastslange som går gjennom nesen og ned i magesekken).
Mjølka barnet får på sonde, er morsmjølk som mor har pumpa. Før mor har fått opp mjølkeproduksjonen, får barnet morsmjølkerstatning eller donormjølk.
Etter kvart vil barnet kunne ete all maten sin ved amming. For tidleg fødde barn har like gode sjansar som fullbårne barn til å fullamme. Veien til fullamming startar med at barnet blir lagt hud-mot-hud med mor. Etter kvart kan barnet få legge seg til brystet for å lukte og smake på mjølka. Mor og barn vil få hjelp og råd frå sykepleiarane når amminga startar. Ved termin vil dei fleste for tidleg fødde barn klare å fullamme.
Gulsott
Dei fleste for tidleg fødde barna får gulsott. Gulsott er ufarlig, men treng behandling. Barnet kan bli trøytt og slapt. Gulsott behandlast med lys (fototerapi), som er heilt ufarlig. Barnet ligg i senga eller kuvøsen med lys over eller under seg. Det skal vere mest mogleg avkledd for å få mest mogleg lys på kroppen. For å beskytte augo mot det sterke lyset, får barnet på seg "solbriller".
Varigheit for innlegging
Barnet blir trolig innlagt fram til termin eller tett opp mot den. Når barnet kan ete all maten sjølv og legg på seg, er det klart for å reise heim.
Nokre barn treng oppfølging etter heimreise. Det finst eit tilbod der NAST (nyfødd ambulerande sjukepleiar-team) kan følgje opp familien heime når barnet er klart for å slutte med respirasjonsstøtte og berre treng trening på å ete. Det finst visse krav for å få dette tilbodet. Les meir om dette tilbodet her: Heimeoppfølging av nyfødde - Helse Fonna HF