Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyføddintensiv

Nyfødde barn med behov for observasjon eller behandling utover det barselavdelinga kan gi, blir innlagt ved nyføddintensiv. Det er barn som er fødd for tidleg (mellom 28. og 35. svangerskapsveke), som er sjuke eller har har forbigåande utfordringar. Nokre barn er innlagte kort tid, kanskje bare nokre timar, medan andre må vere dagar, veker eller månader. Foreldre er har ulike behov. Dei fleste vil likevel oppleve det å ha barnet sitt her som vanskeleg. Vi som jobbar her vil gjere vårt beste for å hjelpe familien gjennom dette.

Dei fleste barna får mat 7-8 gonger i døgnet, men det kan vere forskjellar. Tidene kan variere og blir avtalt med den som passar barnet. Vi vil legge tilrette for at mor og barn skal få etablere gode ammerutinar så tidleg som mogleg. I tillegg til amming vil det i starten vere aktuelt å gi barnet mat med kopp eller sonde, til barnet klarer å spise sjølv. Barn med fødselsvekt under 2500 gram før tilskot av vitaminar og jern.

Foreldre kan forsyne seg med juice, drikke, suppe og kjeks på gangen. Vanndispenseren på kjøkkenet har godt, kaldt vatn. Det er viktig å drikke godt, då vi må halde høg romtemperatur på avdelinga.

Éin av foreldra har rett på gratis mat frå sjukehuskantina. Dersom far også får pleiepengar, har begge dekka mat. Gi beskjed til sjukepleiar før kl. 10.00 kvar dag om de ønskjer middag. Husk kantinelapp. Spør sjukepleiar om du ikkje har fått dette. Pasientkantina ligg i 5. etasje og serverer frukost kl. 8.00-9.30, lunsj kl 11.30-13.00, middag kl. 14.30-15.30 og kveldsmat kl. 18.30-19.30. Narvesen har kiosk i første etasje.

Viss barnet er sugesvakt, eller du er heime, er det viktig at du pumpar deg jamleg slik at melkeproduksjonen blir stimulert. Merk flaska med namn, dato og klokkeslett og oppbevar melka i kjøleskap. Fersk morsmelk er haldbar i 2 døgn ved oppbevaring i kjøleskap på sjukehuset, 5 døgn heime. Viss du har meir melk enn barnet ditt treng, kan vi fryse melka. Den er haldbar i 3-6 månadar i fryseboks, og 1 døgn etter opptining. Flasker og fryseboksar til å ha melka i får du hos oss.

Heime skyller du alt pumpeutstyret i kaldt vatn etter kvar pumping; det er viktig for å fjerne alle melkerester og hindre grobotn for bakterier. Éin gong i døgnet vaskar du utstyret med såpevatn og kokar det i 5-10 minutt. Vi hjelper med å skaffe pumpe. Så lenge barnet er innlagt ved nyføddintensiv, dekker vi utgifter til leige av pumpe.

Det er mykje teknisk utstyr hos oss. Det kan vere skremmande å sjå barn med slangar og ledningar festa til kroppen, og høyre apparat som lagar lyd og gir alarm. Utstyret er gode hjelpemiddel for oss i overvaking og behandling av barna. Det gir oss viktig informasjon om barnets tilstand, slik at vi kan observere forandringar og sette i verk tiltak. Mange opplever alarmane som uhyggelege og meiner pleiarane ikkje reagerer raskt nok. Hugs då at alle alarmar ikkje er like alvorlege, og at pleiarane kjenner lydane. Nokre gonger kan det også oppstå falske alarmar, for eksempel viss barnet er uroleg.


Foreldre som er van med mykje teknisk utstyr rundt barnet, opplever det som tryggande. Då kan det faktisk verke meir skremmande når vi begynner å fjerne overvakingsutstyr. Hugs at dette er eit teikn på at barnet er blitt friskare og meir stabilt.

Vi ønsker at du skal få vere saman med barnet ditt så mykje som mogleg. Derfor har vi open post det meste av døgnet. Stengetida bruker vi til rapportar og faglege møter. Stengetidene er 7.30-8.00 og 13.00-14.00 (mor og far kan vere hos barnet sitt, men det er ein "stille time").

Besøk av andre enn barnets foreldre skal skje mellom kl. 17.00-18.30. Besøket er maks to personar om gangen og besøket bør avgrensast til 10 minuttar. Det er viktig at besøket kjem saman med ein av foreldra, viss ikkje anna er avtalt med oss på posten.


Barn under 7 år har dessverre ikkje adgang til nyføddintensiv. Besøk av storesøsken under 7 år kan avtalast med den som har ansvar for barnet ditt. Du bør fortelle søsken om korleis det er på posten før dei kjem, slik at dei veit kva som ventar.

Gratulerer med barnebarnet! Som besteforeldre kan ein oppleve at gleda over barnebarnet blir blanda med bekymringar for barnets helse og korleis dotter eller son opplever å ha eit for tidleg fødd eller sjukt barn. Vi har samla nokre råd til kva du som besteforelder kan gjere for både barn og barnebarn.

  • Tilby å hjelpe til dersom barnet har storesøsken. Å ha lillesøster eller lillebror på nyføddintensiv kan vere ei utfordring for eldre søsken. Dei kan vere bekymra og redde for babyen, samtidig som dei kan vere leie og sinte for å sjå lite til mor og far. Dei kan også prøve å skåne foreldre og besteforeldre ved å ikkje vise at dei har det vanskeleg. Du som besteforelder kan vere ein verdifull vaksen som ser og støttar.
  • Tilby hjelp. Dei nybakte foreldrene kan kjenne seg overvelda over alt dei har å gjere, samtidig som dei må vere på sjukehuset med barnet sitt. Dersom mor og far ønsker det, kan du hjelpe med huslige gjeremål som handling, klesvask, husvask eller passe kjæledyr.
  • Besøk gjerne familien på nyføddintensiven. Dersom barnets foreldre ønsker det, kan du vere avlastar for foreldra på sjukehuset ved å tilbringe tid hud mot hud med babyen. På den måten kan foreldra få pausar saman og moglegheit til å gå ut frå sjukehuset ein tur.
  • Respekter foreldrene sine avgjerdsler, sjølv om du ikkje er einig. Foreldre må ta mange val gjennom opphaldet, og dei vil kanskje be om råd. Sjølv om dei ikkje følgjer rådet ditt, er det viktig å hugse at dei handlar etter det dei meiner er rett og best for seg og barnet sitt.

Dette er eit tilbod om å få reise heim med vidare oppfylging frå nyføddintensiv. Dette er aktuelt når barnet er stabilt nok til å vere heime, men fortsatt treng oppfylging frå sjukehuset. Det kan gjelde premature barn, barn med kroniske sjukdommar eller syndrom, barn med hjertefeil eller familiar som treng litt ekstra oppfylging i starten. Så godt som alle barna har ernæringsproblem og må sondematast i starten. Tilbodet er frivillig. Før heimreise får alle ein samtale med ein NAST-sjukepleiar. Informasjonen på denne sida er meint som hjelp for å hugse kva som blei sagt under samtalen. 

Vår erfaring er at barnet og familien har det best heime når barnet er stabilt nok til det og foreldra føler seg trygge nok til å reise heim. Vi ser på dette som ein «mjuk overgang» til å ha ansvaret for eit barn som trenger litt ekstra oppfylging. Dei fleste synest nok det er litt skummelt å reise heim med eit nyfødd barn. Med ekstra utfordringar i nyføddperioden kan det vere godt å vite at du får hyppige besøk og oppfylging i starten. 

Familien får kome heim tidlegare og kan sleppe fleire dagar eller veker på sjukehuset. Her kan foreldre og søsken vere samla, noko som gjer det enklare i den praktiske kvardagen. Ved utskriving til NAST får far/medmor framleis pleiepengar, for at begge foreldra kan vere heime med barnet. 


Dei aller fleste vil gjerne reise heim så snart dei kan. Når de er heime kan de kome i gong med eit vanleg familieliv og lage sine eigne rutinar og døgnrytme. Vi trur også at ammemoglegheitene er betre når mor er saman med barnet heile tida og lærer å bli kjent med barnets signaler. Ein kan vere meir fleksibel heime og ikkje minst slappar mange betre av i si eiga stue utan framande folk på alle kantar. 

Barnet må være medisinsk stabilt. Det vil seie at det ikkje treng pustestimulerande medisin (som mange premature får ein periode). Barnet må ha vore stabilt utan dette nokre dagar og det må ikkje trenge overvaking lenger. Barnet skal vere ferdig utgreidd og behandla for sine aktuelle problem.

Barn med kroniske sjukdomar kan reise heim når tilstanden er stabilisert og foreldre er opplært i det som er aktuelt for dei. Det er barnelegen som saman med kontaktsjukepleiar og NAST-sjukepleiar avgjer når barnet kan reise.


Barnet må vere minimum 35 svangerskapsveker ved heimreise. Dei fleste barn går ned i vekt etter fødselen. Barnet må ha snudd i vekt, og begynt å gå opp igjen i vekt. Barnet må klare å ete noko sjølv, enten frå bryst eller flaske. Når mor ønsker og kan amme, er det viktig å prioritere dette og vente litt med eventuelt flaskemating. Barnet må kunne halde varmen i vanleg seng utan varmemadrass. Det er ikkje satt noko absolutt vektgrense for utskriving til NAST.

Vi kjem vanlegvis på heimebesøk måndag, onsdag og fredag. Nokon treng besøk oftare, andre sjeldnare. Vi avtalar alltid tid på førehand, slik at dykk veit omtrent når vi kjem.

De kan ringe heile døgnet dersom det er noko de lurer på eller er bekymra for. Vi i NAST er tilgjengelege måndag, onsdag og fredag kl. 08-15. Utanom desse tidene ringer de til nyføddintensiv. Alle NAST-sjukepleiarane jobbar vakter i avdelinga. Dersom ingen av oss er på jobb, vil du få snakke med ein sjukepleiar på avdelinga som svarer og eventuelt formidlar kontakt med lege. Ved behov kontaktar vi nyføddavdelingens leger for rettleiing.

Legane er ikkje med på heimebesøk, men dersom barnet treng legetilsyn kan de kome inn til nyføddavdelinga for undersøking. Så lenge barnet er i NAST treng ein ikkje gå til fastlege eller legevakt viss barnet blir sjukt. Dersom barnet skulle bli akutt dårleg og de trur det hastar å få hjelp må de ringe nødtelefonen 113. 


Ein del barn treng kontroll av blant anna blodprøvar. Dette skjer vanlegvis heime eller å NAST-kontoret i nyføddavdelinga. Det kan bli nødvendig at barnet blir lagtt inn på sjukehuset på nytt. Det er sjukdommen eller tilstanden som avgjer om barnet må innleggast og kor. Ved smittsame sjukdommar blir barnet ikkje lagt inn på nyføddintensiv.


Vi følger vanlegvis barna til de et alt sjølv, og sonden er fjerna. Vi har også alltid eit par besøk etter at sonden er fjerna, slik at vi ser det går bra og at foreldra er trygge. Før vi avsluttar NAST forsøker vi å få til eit felles heimebesøk/telefonsamtale med helsesjukepleiaren som skal følge barnet vidare på helsestasjonen. Vi fortel om barnet sitt forløp både på sjukehuset og heime. De får moglegheit til å spørje om ting de lurer på. Det er ønskelig med hyppig vektkontroll på helsestasjonen etter at NAST er avslutta.


Nokre av barna i NAST har kroniske sjukdommar eller langvarig problem med å ete. Det kan då bli aktuelt å avslutte NAST etter ei stund, sjølv om barnet fortsatt har behov for sondemat. Dette gjer vi alltid i samarbeid med foreldre når dei føler seg klare for det. Det kan vere aktuelt at helsetenesta i heimkommunen overtar oppfylginga.

Korleis skal barnet spise når vi kjem heim?
På avdelinga er der allereie starta på ein prosess som skal føre fram til at barnet kan klare seg utan sondemat. Innan heimreisa har de sama med sjukepleiar lagt ein plan for korleis barnet skal spise når de kjem heim.

Vi foreslår at de følgjer matplanen som er sett opp og at de snakkar med NAST-sjukepleiaren om tilpasningar eller endringar i matplanen. Kontakt avdelinga viss de har problem eller er i tvil. Kvar gong de får besøk av NAST-sjukepleiaren, vil de saman justere matplanen.

Die og sonde - korleis?
De får låne vekt med heim til måltidsveging. Når barnet dier, er det viktig at barnet er våkent og sugelystent når du legg det til. Hvis barnet ditt ammar nokre måltid, men er for trøytt til å amme heile døgnet, kan de saman med NAST-sjukepleiar velgje anten at barnet dier når det er vakent og sugelystent (typisk kvart andre eller tredje måltid) og blir sondemata til dei andre måltida, eller at de lar barnet «amme fritt» ein periode på eit visst antall timar om dagen. Vi foreslår 8 timar i starten, avhengig av barnets sugeevne og storleik. Det betyr at kvar gong barnet er vakent og har lyst til å suge, blir det lagt til brystet. Viss barnet ikkje vakner etter 4 timar, foreslår vi at de vekker det og tilbyr brystet. På slutten av «amme fritt»-perioden, må de oppsummere mengden barnet har spist sjølv, og fylle på restmengda i sonden etter siste måltid. Viss dette fungerer fint i 2-3 dagar, kan ein utvide perioden. Når «amme fritt»-perioden er over, foreslår vi at barnet dier og får sondemat resten av døgnet som før. Med dette oppnår vi at barnet kjenner på svolt i ein avgrensa periode, og det får moglegheit sjølv til å dekke sitt behov.

Dette er ei rettleiing om korleis ein matplan kan lagast. Matplanen kan variere for det enkelte barn. Det blir rom for vurdering og evaluering etter kvart i NAST-opphaldet.
Viss amming ikkje er aktuelt, vil heimreise med flaske og sonde ha eit tilsvarande opplegg.

Når suger barnet nok til at det kan kallast eit måltid?
Du kan merke at barnet har eit godt tak og suger intenst. I starten kanskje kun 2-5 minutt, og brystet kan verke mindre spent etterpå. Barnet fell til ro – det er eit måltid.
Barnet vil i starten suge hyppig, kanskje kvar til annan kvar time, og det kan opplevast som at heile dagen går til måltid. Etter kvar spiser barnet meir. Det har no krefter til å spise eit stort måltid og kan kanskje sove fleire timar etterpå. Når barnet går over til å kun bli amma, kan de forvente at han/ho går litt ned i vekt dei første dagane.

Korleis skal spisesituasjonen vere:
Barnet kan ha problem med å konsentrere seg om måltidet, så vi foreslår:
At det ikkje skjer mykje som kan forstyrre måltidet.
At du sit godt og avslappa
Unngå støy og uro. Skru ned eller av TV og musikk
Unngå å bruke mobiltelefonen, ha fokus på barnet
At du har noko tilgjengeleg å drikke sjølv
At du har det du treng og skal bruke i nærleiken.

Korleis veit vi om barnet får nok å spise?
Barnet har fleire tunge bleier i døgnet.
Barnet verkar tilfreds og har vakne periodar som det pleier
Brystet er mindre spent etter amming
Vektoppgang på ca 150-200 gr/veke
Dette er ein god målestokk på om barnet får nok å spise. Er du i tvil, spør oss ved neste besøk. Viss det ikkje kan vente, så ring NAST eller nyføddavdelinga.

Sondemating, sondeutstyr og reingjering
Før heimreise blir foreldra opplært i sondemating, og NAST-sjukepleiar skiftar sonden ein gong i veka ved heimebesøk. Alt sondeutsyret får de utlevert før heimreise og eventuelt påfyll får de ved heimebesøka. Dersom barnet drar opp sonden, ring og snakk med sjukepleiar på nyføddintensiv.

Bruk av utstyr. Heime bruker de sprøytene brukes om igjen og vi tilrår å skifte sprøyter to gonger i døgnet. Dei andre gongene tar de stempelet heilt ut av sprøyta. Skyll først under rennande kaldt vatn som fjernar proteiner, deretter varmt vatn. Det fjernar mesteparten av feittet. La sprøytene ligge å tørke under eit rent klede til neste måltid.

Pumping. For å oppretthalde melkeproduksjonen og ha nok melk til amming og sonding, må mor pumpe seg jamleg. Vi låner derfor ut elektrisk brystpumpe med utstyr, så lenge barnet er i NAST. De leverer alt utstyret tilbake etter bruk. Reingjering av utstyret er nødvending for å unngå baketerievekst som kan gi barnet magetrøbbel. Flasker og utstyr til pumping skal vaskast med oppvaskmiddel, skyllast godt og kokast minimum i 5 minutt etter kvart brukt. Dette er utstyr som blir brukt om igjen, og skal ikkje kastast. 

Oppbevaring av pumpemelk. Melka held seg fersk i kjøleskapet i tre til fem døgn. Dersom mor har meir melk enn barnet trenger, er det lurt å fryse denne til seinare bruk. Melk som er pumpa dei tre første vekene etter fødselen er haldbar tre månadar i frysaren. Melk som er pumpa etter det, er haldbar i seks månadar. Melk som er opptint i kjøleskapet, er haldbar i 24 timar. Ved behov for raskare opptining, kan du bruke kaldt vannbad. 

Matplan. Foreldra fører eige matskjema på kor mykje barnet spiser sjølv, og kor mykje de sonder, tider og annan viktig informasjon. Oftast spiser barnet kvar tredje time heile døgnet på sjukehuset. Ved heimreise i NAST vil de få ein rettleiande matplan.

Vitaminer. Barn med fødselsvekt under 2,5 kg får ekstra tilskot av vitaminer og jern, då de har mindre lagre, og større behov for dette enn fullbårne barn. De får ein brosjyre om dette ved heimreise. 


Temperatur. Mange lurer på kor mykje dei må kle på barnet, kor varmt dei må ha det heime og om dei kan gå ut på tur eller ha besøk heime. Dette vil variere frå barn til barn og mellom årstider. Prøv å bli kjent med kva ditt barn treng. Kjenn på temperaturen under kleda i nakken og på ryggen. Barnet skal vere godt og varmt, men ikkje sveitt og klamt. Ha ein temperatur i huset som er passe for dykk, og kle heller barnet slik at det er passe varmt. Dersom huden i nakken og på ryggen kjennest kald, ta temperaturen under armen på barnet. Normal temperatur skal vere 36,6-37.2 grader.

Trilletur. De kan gjerne gå ut på trilletur, men ver merksam på fukt, regn og vind, som kan avkjøle barnet. Kle barnet etter vêret. Ved temperatur under 10 minusgrader må de halde barnet inne. Ved mykje vind kan dei effektive kuldegradene vere lågare enn 10 minusgrader.

Smitte. For tidleg fødde barn har dårlegare immunforsvar, og blir lettare smitta av infeksjonar enn andre. Det er derfor viktig å vere nøye med hygienen. Vask alltid hendene godt før mating og stell og etter bleieskift. Alle som skal halde barnet bør vaske eller sprite hendene sine først. Særleg om vinteren ber mange på smitte. Spør folk som vil kome på besøk om dei er friske før dei kjem, og prøv å avgrense kontakt med barn i barnehagealder mest mogleg. Barnets søsken må sjølvsagt få delta, men lær dei å vaske hendene og unngå hoste og nyse på babyen. Dersom større søsken er veldig forkjøla, spesielt i RS-sesongen (ca november til mars), bør de avgrense omgangen med babyen. 

Ikkje ta barna med der det er store folkemengder innandørs, som for eksempel handlesenter, lekeland og liknande. Dette på grunn av smittefare, men også fordi det lett blir altfor mykje støy og sanseinntrykk for den vesle.

Dersom barnet reiser heim i NAST, søker ein pleiepenger for begge foreldra. Dette fordi det er behov for at begge foreldra er heime. Det vil i dei fleste tilfelle bety så lenge barnet er i NAST. Det er meir arbeid enn med en fullbåren og frisk baby. Meininga er at foreldra skal hjelpe kvarandre i omsorga for barnet og familien, og at begge skal få bli godt kjent med barnet. 

Dersom barnet er født før veke 33,  får mor nå automatisk rett til utvida foreldrepengeperiode (frå fødsel til termin). Så lenge de er innskrivne på nyføddintensiv/NAST bil mor motta pleiepenger. Blir barnet skriven ut frå NAST før termin, må mor sjølv søke om å få utvida foreldrepengar før de startar på den ordinære stønadsperioden. Les meir om foreldrepenger hos NAV.no

Legen på nyføddintensiv skriv ut søknadsskjema som skal sendast til NAV og arbeidsgivar. Dei skriv vanlegvis for ei veke om gongen. 

NAST-teamet i Haugesund, mobil: 91 70 27 18 

Nyføddintensiv: 52 73 23 70







Slik finn du fram

Oppmøtestad

3. etasje, ny vestblokk.
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund