Kven er vi?
Hos oss finn du nevrologisk team og akutt slagteam. På vår avdeling er det legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og sekretær. Vi samarbeider tett med ulike faggrupper. Du vil også treffer ergoterapeut, fysioterapeut, logoped, sosionom, prest, nevropsykolog og studenter knyttet til de ulike yrkesgrupper.
Visittid
Besøkstid er frå 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Det er ikkje lov å ha blomar på avdelinga mellom anna grunna allergiar hos pasientar og tilsette.
Kva skal eg ta med meg?
Vi ønskjer at du har med privat tøy, gode sko og toalettsaker. Det er ikkje lov å bruke parfyme eller andre produkt med sterke lukter.
Medisinar
Medisinane du treng under sjukehusopphaldet skal du i utgangspunktet få hos oss. Nokre medisinar som inhalasjonar eller andre spesielle medisinar må du ha med sjølv. Dersom du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider.
Legevisitt
Legevisitten er mellom klokka 10.00 og 12.00 alle kvardagar. Det er ikkje fast legevisitt i helg, men nye pasientar vil bli tilsett av nevrolog.
Har dine pårørande ønskje om å delta på legevisitten, kan dette avtalast på avdelinga. Vi ønskjer å halde oss til ein hovudpårørande under opphaldet. Denne kan dele informasjon som blir gitt til resten av familien.
Blodprøvetaking
Blodprøver er ei viktig del av utgreiinga. For at behandlingsflyten skal bli best mogleg er det viktig at du er på rommet ditt den tida vi tar blodprøva.
Høyr med personalet om når du skal ta blodprøve. Det er viktig at namnebandet du får er på under heile opphaldet.
Undersøkingar
Dei fleste undersøkingar skjer mellom klokka 08.00 og 15.30 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette.
Tidspunkt for undersøkingar kan vere vanskeleg å gi, venting må difor påreknast.
Pasienttøy
Vi har eit eige skap på gangen med pasienttøy som pasienten kan henta sjølve ved behov. Dette skapet er merka.
Internett/wifi
Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din pc, mobil eller nettbrett. Opne nettlesaren, fyll inn telefonnummer og godta vilkåra. Brukarnamn og passord blir sendt til deg på SMS. Legg inn brukar og passord. God surfing.
Telefonbruk
Du kan bruke mobiltelefon hos oss. Bruk gjerne denne når du skal kontakte familie og vener. Av omsyn til andre pasientar og personalet er det greitt du avgrensar talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet.
Du kan gjerne sjølv orientere pårørande om sjukdomsforløpet, utreise med meir. Har dine pårørande behov for å snakk med sjukepleiar eller lege er de hjerteleg velkommen til å ta kontakt.
Telefonnummeret til avdelinga er 52 73 25 30 eller ring til 52 73 20 00 og be om å bli satt over til nevro- eller slagteam.
Måltid
Måltidene blir servert i pasientkantina. For dei som har helsemessige årsaker og ikkje kan gå i kantina vil mat bli servert på treningskjøkken eller på rommet.
Når du går i pasientkantina må du ha på deg privat tøy.
Det er den same maten som serverast til alle. Har du matallergi eller andre særskilte behov må du gi beskjed til personalet om dette.
Vi har eit pasientkjøleskap i stova. Her kan du sette privat mat og drikke om ønskeleg. Dette må merkast med initialar og fjernast ved utreise. På gangen kan du nytte dispenser for vatn.
Pårørande kan kjøpe mat i kantina i 6. etasje eller i kiosken. Kantina i 6. etasje er ikkje open i helgene eller heilegdagar.
Tidspunkt for måltid
- Frukost: 8.00-9.30
- Lunsj: 11.30-13.00
- Middag: 14.30-15.30
- Kveldsmat: 18.30-19.30
Kiosk
Det er kiosk i første etasje ved sjukehuset.
Opningstider
- Måndag til fredag: 06.30-21.00
- Laurdag: 9.00-20.00
- Søndag: 10.00-20.00
Sjukehusprest og sosionom
Gi oss beskjed dersom du har behov for å snakke med prest eller sosionom.
Behov for kommunal hjelp
Har du kommunal hjelp eller er det oppstått behov for kommunal hjelp, vil det i løpet av det første døgnet bli sendt melding til kommunen om årsak til innlegging, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.
Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen.
Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut i frå dei opplysningane som er sendt frå oss.
Apotek
Sjukehusapoteket ligg i første etasje ved resepsjonen. Opningstider er måndag til fredag mellom klokka 09.00 og 16.30.
Transport heim
Ved permisjon må ein ordna transport sjølv. Det er ikkje refusjon til transport ved permisjon.
Pasientreiser dekker billigaste reisemåte (buss) over 10 km. Du har ikkje rett til å få transport dersom det ikkje er medisinske årsaker til at du treng drosje. Du må betale eigenandel sjølv.
Det er fint om pårørande kan hente deg ved heimreise.
Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport.
Verdisaker og eigedeler
Sjukehuset har ikkje ansvar for private eigedeler og verdisaker.
Har du barn som skal ta EEG-undersøking?
Sjå korleis det er når Elvie tar EEG.