Tilvising frå lege
Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev heim til deg om tid, stad og kva undersøkingar du eventuelt skal gjennomgå.
Utgreiing og kontroll
Etter at diagnose er stilt vurderer lege om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling. Nokre pasientar kjem til kontroll etter å ha vore innlagde på sjukehuset og ein del pasientar med kroniske sjukdommar blir jamleg undersøkte av spesialist i poliklinikken.