Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Nærbilde av et hvitt rør

Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Medisinsk intermediær overvåkning (MIO) behandlar akutt kritisk sjuke pasientar som er for sjuke til å vere på vanleg sengepost.

Pasientane har kontinuerleg overvaking og får tett oppfølging av sjukepleiarar og legar. Når pasienten blir vurdert som stabil, blir de flytta til sengepost.

Pasientar på medisinsk intermediær overvåkning (MIO) kjem direkte frå akuttmottak eller sengepost.

Vi behandler pasientar med ulike diagnoser. Vanlige diagnoser er kolsforverring, sepsis (blodforgifting), væske- og elektrolyttforstyrrelser, intox (overdoser av medikament eller rusmidler), hjerneslag og hjerteinfarkt/arytmi, og diabetisk ketoacidose.

På medisinsk indermediær overvaking brukar vi avansert medisinsk teknisk utstyr. Pasient vil vere tilkopla overvakingsutstyr med leidningar.

Hos oss møter du legar, sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Besøkstid er 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utenom desse tidene må avtalast med personalet. Det er ikkje lov med blomster på avdelinga.

Legevisitten er mellom klokka 09.00 og 12.00 alle kvardagar.  Det er også legevisitt på ettermiddagen.

Har dine pårørande ønske om å delta på legevisitten, kan dette avtalast på avdelinga. Vi ønsker å forhalde oss til ein hovudpårørande under opphaldet. Denne personen kan dele informasjon som blir gitt til resten av familien.

God handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset. Både for deg sjølv og andre pasientar.  

Dei fleste undersøkingar skjer mellom klokka 8.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette.

Tidspunkt for undersøkingar kan vere vanskeleg å gi. Du må derfor pårekna noko venting.

Vi har pasienttøy som du får ved behov.

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Sjå etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin. Bruk mobilnummeret ditt for å motta kode for innlogging.

På MIO får du tilbod om tannbørste/tannkrem og utstyr til personleg hygiene. Vi anbefaler at du tar med deg eigne toalettsaker og sko. 

Av omsyn til personalet og andre pasientar, ber vi om at du ikkje brukar sterk parfyme. Vi anbefaler også at du ikkje tek med eiendeler av verdi  til sjukehuset.

Du kan bruke mobiltelefon hos oss. Bruk gjerne denne når du skal kontakte familie og venner.  

Av omsyn til medpasientar og personalet, er det greit om du avgrenser talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet.

Du kan gjerne sjølv orientere pårørande om sjukdomsforløpet, utreise med meir. Har dine pårørande behov for å snakke med sjukepleiar eller lege er de hjertelig velkommen til å ta kontakt.

Måltidene blir servert på rommet for dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå til kantina.

Tidspunkt for måltid

  • Frukost: 8.00-09.30
  • Lunsj: 11.30-13.00
  • Middag: 14.30-15.30
  • Kveldsmat: 18.30-19.30

Det er den same maten som blir servert til alle. Har du matallergi eller andre særskilte behov, må du gi beskjed til personalet om dette.

Kantine på Haugesund sjukehus

​Kantina i 6. etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider er måndag til fredag kl. 09.30-15.30. Kantina er stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4. og 5.etasje er berre open for inneliggande pasientar (ikkje dagpasientar).

Medisinar du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Dersom du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider.

Gi oss beskjed dersom du har behov for å snakke med prest eller sosionom.

Har du kommunal hjelp eller viss det oppstår behov for kommunal hjelp, vil vi i løpet av det første døgnet sende melding til kommunen om innleggingsårsak, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.

Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen.

Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut ifrå dei opplysingane som er sendt frå oss.

Sjukehusapoteket ligg i første etasje ved resepsjonen. Opningstider er måndag til fredag mellom klokka 9.00 og 16.30.

Pasientreiser dekker billigste reisemåte (buss). Dersom det er medisinske årsaker til at du treng drosje heim, får du dekka dette.

Det er også fint om pårørande kan hente ved heimreise.

Sjå også Pasientreiser for å søke om refusjon for transport. Det er ikkje refusjon til transport ved permisjon.

Sjukehuset ikkje har ansvar for private eigedeler og verdisaker.

Kontakt

Døgnopen telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

MIO held til i Vestblokka. Gå inn hovudinngangen på Haugesund sjukehus, ta heisen ved Narvesen kiosken til 2. etasje. Gå til høgre og ring på ringeklokka. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.