Tilvising til spesialisthelsetenesta
Fastlegen skal tilvise direkte til eit utgreiingsforløp ved mistanke om kreft. Det skal bidra til betre forutsigbarheit og tryggheit for pasienten.
Det er utarbeida eigne diagnoserettleiarar til kvart pakkeforløp, til bruk for fastlegen.
Fastlegen skal tilvise til spesialisthelsetenesta ved mistanke om kreft eller anna alvorleg sjukdom. Viss fastlegen har grunn for mistanke om kreft, skal pasienten tilvisast direkte til eit pakkeforløp for kreft.
Diagnoserettleiarane forklarar kva symptom og funn som tilseier ei slik tilvising, og for nokre forløp kva undersøkingar som eventuelt skal gjennomførast før ein tilvisar til pakkeforløp i spesialisthelsetenesta.
Den overordna målsettinga er betre forutsigbarheit og tryggheit for pasientane og rask diagnostikk og behandling utan ikkje-medisinske årsaker for ventetid.
Diagnoserettleiarar og pakkeforløp skal også gi betre forutsigbarheit for fastlegane og betre samhandlinga mellom fastlegar og spesialisthelsetenesta.
Det er for alle krefttypar utarbeida faglege kriteria for når ein har grunn for mistanke om ein bestemt kreftsjukdom som skal medføre at pasienten skal tilvisast til eit pakkeforløp.
I mange pakkeforløp er det også forklara når det kan oppstå mistanke om ein bestemt kreftsjukdom, og kva for ein filterfunksjon som kan bekrefte eller avkrefte mistanken. Filterfunksjonen er dei undersøkingar som kan grunngi mistanken.
Når ein pasient oppfyller kriteria for begrunna mistanke, skal pasienten umiddelbart tilvisast til pakkeforløp - uavhengig av kva for ein lege som etablerer den grunngitte mistanken.
Den som tilvisar har ansvar for at pasienten blir informert om at det føreligg grunn for mistanke om kreft og at pasienten blir tilvist til pakkeforløp for kreft, kva dette er, og om vidare forløp.
Det er viktig å sikre rask og god informasjonsutveksling ved tilvising til pakkeforløp.
Rask utgreiing krev at alle relevante opplysningar om pasienten er tilgjengelege. Det er utarbeida spesifikke diagnoserettleiarar for kvar enkelt pakkeforløp. Det er viktig at du setter deg inn i desse.
Dei omfattar i tillegg til medisinske opplysningar, informasjon om den sosiale situasjonen til pasienten, eventuelle språklege barrierar, manglande leseferdigheiter og eventuelle handikap.
Tilvisande lege er ansvarleg for at tilvisinga til pakkeforløp samsvarar med dei til ein kvar tid gjeldande standardar, og diagnoserettleiaren for det aktuelle pakkeforløpet.
Tilvisinga skal innehalde:
- beskriving av dei kriteria som gir begrunna mistanke om kreft.
- Eventuell komorbiditet og medisinbruk skal med.
- Det er viktig at søknaden blir merka tydeleg med pakkeforløp.
- Pasienten skal bli informert om at det er rettmessig mistanke om kreft og at pasienten er tilvist til eit pakkeforløp.
- Sjå også Pakkeforløp metastaser med ukjent utgangspunkt (helse-fonna.no)
- Pakkeforløp metastaser med ukjent utgangspunkt (helse-fonna.no)
- Informasjon om pakkeforløp frå Helsedirektoratet
Pakkeforløp for kreft er nasjonale standardiserte pasientforløp som er fagleg basert og normgivande. Pakkeforløpa er basert på faglege retningslinjer i dei nasjonale handlingsprogramma for kreft. Med utgangspunkt i pakkeforløpet skal eit individuelt forløp for kvar enkelt pasient bli tilrettelagt.
Dei aller fleste som tilvisast til Pakkeforløp for kreft vil få avkrefta mistanken om kreft i løpet av utregreiinga. Pakkeforløpa representerer ikkje endring i lovgiving og er ikkje ein rettighet for pasientane.
I pakkeforløpa er det satt opp fagleg baserte og differensierte forløpstider som erstattar dagens forløpstider. Forløpstidene i pakkeforløpa skal bli monitorert og resultata skal brukast til forbetringsarbeid i sjukehusa. Forløpstidene vil bli publisert.
Det er utarbeida ein pasientinformasjonsbrosjyre som fastlegen kan gi til pasientar som skal tilvisast for vidare utregreiing i eit pakkeforløp for kreft.
- Brosjyre om pakkeforløp for kreft frå Helsedirektoratet
- Behandlingsstadar og ventetider - Helsenorge.no