Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En person som holder en tallerken med mat

Ernæringsfysiolog

På sjukehuset gir kliniske ernæringsfysiologer tilpassa ernæringsrettleiing og behandling for å forebygge og behandle ernæringsrelaterte sjukdomar. Vi har utdanning på masternivå og er autoriserte for å drive kost- og ernæringsbehandling.

Klinisk ernæring er ei intern teneste som tar imot tilvisingar frå sengepostar og poliklinikkar på sjukehuset. Ernæringsbehandling kan vere ein del av anna behandling eller den einaste nødvendige behandlinga for enkelte pasientar.

Innlagde pasientar

Pasientar som kjem til oss blir ofte tilvist frå andre avdelingar på sjukehuset. I samarbeid med lege og sjukepleiar på avdelinga du er innlagd på, lager vi ernæringsplanar som er individuelt tilpassa din situasjon. Dette kan inkludere individuell kostrettleiing eller vere planar for intravenøs behandling eller sondeernæring.

Poliklinisk behandling

Ved poliklinikken gir vi deg informasjon, råd og rettleiing tilpassa din situasjon, slik at du sjølv kan ta gode val i kosthaldet.

Våre råd og rettleiing er basert sjukdomsbildet til pasienten og forskningsbasert kunnskap.

Kurs og undervisning

Pasientar

Pasientar blir tilvist til aktuelle kurs frå avdelinga på sjukehuset der dei mottar behandling. Det er også mogleg å bli tilvist til eit av våre kurs via fastlege.

Kliniske ernæringsfysiologier underviser pasientar og pårørande i kosthald og ernæring gjennom ein rekke kurs som blir arrangert av Lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna. Eksempel på type kurs vi undervisar i er hjarte, kols, nyre, diabetes 1 og 2, cøliaki, ulcerøs kolitt, morbus crohn og parkinson.

Helsepersonell

Vi har undervisning for helsepersonell for å fremje og forbetre ernæringsarbeidet på sjukehuset. 

Vi samarbeider tett med ulike avdelingar på sjukehuset, og andre lokale og regionale helseføretak.

Vi deltar i regionalt ernæringsnettverk i Helse Vest, eit samarbeid mellom kliniske ernæringsfysiologar og matforsyning i sjukehus i Helse Vest. Der jobbar vi med å forbetre ernæringa for pasientar som er innlagd på sjukehus.

I den vidare oppfølginga av pasientar som er utskrivne, har vi også dialog med sjukeheimar, heimesjukepleia, helsesjukepleiarar og fastlegar i kommunen. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus, ventesone 3B.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.