Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Oversitk Recovery Ressursbase. (Grafikk)

Recovery Ressursbase

Dei unike Recovery-kursa blir utvikla og halde av både erfarings- og fagkonsulentar. I samspel med kvarandre finn deltakarane inspirasjon til gode kvardagar på tross av helseutfordringar.

 

​Recovery Ressursbase skapar møteplassar for inspirasjon, deling av kunnskap og utvikling av kurs. I basen knyttast nettverk på tvers av erfaring og fagkunnskap. Kursa vi utvikler delast med kommunane i Helse Fonna-regionen.

Recovery ressursbase er ein del av Fousam.

Kontaktpe​rsoner:

Møt erfaringskonsulent

 


Det som er unikt med Recoverykurs er at erfaringskonsulentar og fagkonsulentar både utvikler og held kursa saman. Målet med Recoverykursa er at kursdeltakarane skal kunne skape seg eit betre liv etter kursa.

Møt fagkonsulent​

 


Kari har eit Recovery-fokus i jobben sin. Ho er oppteke av kva som er viktig og kva som er historia til den enkelte kursdeltakar. 

Recovery-kursea er annleis enn vanlege kurs fordi det er samskapt mellom fag og erfaringskonsulentar. Det er viktig å skape tryggleik i gruppa med kursdeltakarar, slik at deltakarane kan dele sine erfaringar. 

Recovery-kurs gir menneske moglegheit til å prøve ut nye ting som kan gi ein positiv retning i livet.

Møt kursdeltakar​​

 


Kurset opplevest som starten på ein prosess som gir betre livskvalitet og meir kontroll i eige liv, seier denne deltakaren. 

Og fortset:

At kurset gjennomførast med både fag- og erfaringskunnskap gir større tru på kursa og ein følelse av tilhøyrigheit og likeverd. Det å dele tankar med andre, gir inspirasjon til eigen endring, samtidig som du hjelper dei andre kursdeltakarane.

Kursa hjelp deg å sja kven du er og hvor du er i livet sitt, og setter fokus på hvem man vil være og hva som er viktig i livet. Kursa hjelp til å sette kortsiktige og langsiktige mål, og kva du må gjere for å nå måla dine. Du lærer også å identifisere «snublesteinar» (hendingar eller handlingar) som kan bremse utviklinga, og å finne løysingar på desse «snublesteinane».


Masteroppgåve av studentar ved Mastergradsstudiet i psykisk helse- og rusarbeid, direkte knytta til Recovery ressursbase:

 

Anna Elisabeth Fonneland, levert 2021:

HVL Open: Evaluering av recoverykurs i regi av Recovery ressursbase i Sunnhordland og Nord- Rogaland. En tverrsnittstudie: Et blikk på nye, recoveryorienterte kurs (unit.no)

 

Martin Antonsen, levert 2021:

HVL Open: Kursdeltakeres opplevelse av recoverykurs i Recovery ressursbase på Haugalandet og i Sunnhordland (unit.no)

                                    ​

​ 






Sist oppdatert 27.02.2023