Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heile meg

Bli med oss og møt andre ungdommar som også går til behandling på BUP. Vi håper du kan lære noko nytt om deg sjølv og kva som kan hjelpe på tunge dagar.

En person som holder en persons arm
Heile meg blir leia av Gabrielle Leah Dickson og Gro Carlsen.

Tema vi tar opp er håp, det å høyre til, identitet, meining i livet og eigenstyrke.

“Heile meg” går over seks veker. Vi møtes på spiserommet i andre etasje mellom over noko godt frå kokken. :)

Kven er der?

Ungdomstreffet blir leia av Gabrielle fra BUP og Gro frå Lærings- og meistring.

Gabrielle er en ung erfaringskonsulent, som betyr at ho sjølv har hatt behov for hjelp frå BUP. Ho jobbar i dag med å gjere BUP til ein betre stad for barn og unge.

Har du lyst til å bli med oss, fortel du det til behandlaren din. Så vil vi gjerne ta ein prat med deg, slik at vi kan bli litt kjent.

«Heile med» inngår i behandlinga du allereie får hos oss på BUP.

Ta gjerne kontakt om du spørsmål

Gabrielle Leah Dickson, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no.

Gro Carlsen, gro.carlsen@helse-fonna.no, telefon 97 02 81 66.

Sist oppdatert 02.12.2024