Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjertesviktpoliklinikk

Spesialsjukepleiarar med vidareutdanning i kardiologi driv hjertesviktpoliklinikken hos oss. Kardiolog (lege som er hjertespesialist) fungerar som rettleiar og har det overordna ansvaret for behandlinga.

Kva gjer vi?

  • Funksjonstestar (6 minutters gangtest)
  • Informasjon og opplæring til pasient og pårørande. Det er viktig at du som pasient og dine pårørande føler dykk trygge og veit korleis ein best kan leve med sjukdommen.
  • Oppfølging etter eit standardisert forløp.
  • Medisinjustering og kontrollar med blodprøvar etter medisinendringar.
  • Jerninfusjon.

Alle pasientar som møter kriteria blir registrerte i Norsk hjertesviktregister.

Tilvisingar og innkallingsbrev

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller anna sjukehus.

Det blir sendt innkallingsbrev til deg om tid, stad og kva undersøkingar du eventuelt skal gjennomgå. Brevet får du digitalt og kan lesast på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge. Der kan du også sende meldingar til oss om du har spørsmål.

Har du ikkje tilgang til nett, får du brevet i postkassen din som før.

Våre undersøkingar og behandlingar

Angina pectoris (hjartekrampe)

Angina pectoris skyldast at ei eller fleire av kransårene i hjartet er tronge. Kransårene er dei blodårene som forsyner hjartemuskelen med oksygenrikt blod. Når kransårene blir tronge, får hjartemuskelen tilført for lite oksygenrikt blod, og det oppstår smerter i brystet. Dette kallar vi angina pectoris.

Angina pectoris (hjartekrampe) - Helse Fonna HF

Arbeids-EKG

Arbeids-EKG (elektrokardiogram) gir informasjon om hjartefunksjonen under belastning. Arbeids-EKG blir brukt for å vurdere fysisk kapasitet, vurdere hjartesykdom og eventuelt effekt av behandling.

Arbeids-EKG ved Haugesund sjukehus - Helse Fonna HF

EKG

EKG er ein metode vi bruker for å registrere den elektriske aktiviteten i hjartet. Ved hjelp av EKG kan vi sjå om hjartet slår regelmessig, om det er rytmeforstyrring eller ekstraslag. Hastigheita og utbreiing av dei elektriske impulsane seier også noko om skade av hjartemuskelen og tjukn eller størrelse på hjartet. EKG er viktig ved utgreiing og kontrollar av alle slags hjartelidingar.

EKG - Helse Fonna HF

Elektrokonvertering av hjarteflimmer (atrieflimmer og atrieflutter)

Atrieflimmer eller atrieflutter er ei hjarterytmeforstyrring i hjartet sitt elektriske system som gir uregelmessig og hurtig puls. Elektrokonvertering er ein behandling for å få tilbake normal hjarterytme. Vi utfører alltid behandlinga i lett narkose.

Elektrokonvertering av hjertearytmi - Helse Fonna HF

Hjartesvikt

Hjartesvikt er ein tilstand der pumpeevna til hjartet er redusert. Symptoma er redusert pumpekraft (slitasje, dårleg fysisk yteevne), men også at hjartet ikkje «tek unna» blod fort nok, slik at lungene blir væskefylte og tunge å puste med. Kroppen reagerer med blant anna å halde tilbake væske, noko som igjen medfører hevelsar. Behandlinga tek sikte på å korrigere årsaker til hjartesvikt, og å avlaste hjartet med medisinar slik at restfunksjonen blir utnytta betre.

Les meir om våre behandlingar:

Pacemakerinnlegging og batteribytte

Ein pacemaker er eit lite apparat med batteri og leidningar som vi opererer inn under huda difor å kunne behandle eventuelle hjarterytmeforstyrringar som kan føre til låg og/eller ujamn puls.

Batteriet i pacemakeren eller hjartestarteren din har en varighet på åtte til tolv år, avhengig av hvilken funksjon den har og hvor mye den er i bruk. Vi leser av batteriets kapasitet ved alle kontroller og planlegger tidspunkt for bytte av batteri i pacemakeren eller hjertestarteren din i god tid før det er tomt. Både pacemakerinnleggelse og batteribytte blir utført på operasjonsstua i vår avdeling. Vi utfører både elektive (planlagte) operasjonen og ved akutt innlegging.

Pacemaker - innlegging - Helse Fonna HF

Ultralyd av hjartet

Ekkokardiografi er ei ultralydundersøking av hjartet der vi kan sjå på dei ulike hjartekammera, på hjarteklaffane og på blodgjennomstrøyminga i hjartet.

Vi bruker ekkokardiografi ved utgreiing av dei fleste hjartesjukdommar og medfødde hjartefeil. Undersøkinga kan også vere nyttig for å sjå om hjartet pumpar godt ved alvorlege sjukdommar i andre organ. Vi vurderer hjartemuskelen, hjarteklaffar og dei store blodkara som går til og frå hjartet. Vi kan også måle blodtrykket i lungekrinsløpet.

Ultralyd av hjartet - Helse Fonna HF

Langtids EKG-registrering

Langtids EKG-registrering gjør vi for å påvise hjerterytmeforstyrrelser som ikke blir fanget opp ved vanlig EKG-taking. Registreringen blir vanligvis gjort med et såkalt Holterapparat som består av en liten

båndopptaker med ledninger som vi fester med klistrelapper på overkroppen din. Langtids EKG-registrering varer vanligvis i 24 timer, men i noen tilfeller opp til 72 timer. Registreringen blir gjennomført mens du gjør daglige aktiviteter.

Hjarterytmeforstyrring - Helse Fonna HF

Heimemonitorering

Pasientar med implantert hjartestarter (ICD), og i nokre tilfelle andre typar pacemakerar, kan få tilbod om å følgast opp på poliklinikken via eit heimemonitorsystem. Det vil seie at pasienten har eit apparat heime som leser av hjartestartaren/pacemakeren kvar natt og sender informasjon inn til sjukehuset dersom det skulle vere noko.

Vanlegvis vil desse pasientane kontrollerast ein gong i året med ein oppmøtekontroll på sjukehuset og ein gong i året via heimemonitor, og elles via heimemonitor ved behov. Dersom du blir implementert i heimemonitorprogrammet vil du få god informasjon av hjartesjukepleiar om korleis apparatet og systemet fungerar.

 

 

 

Sist oppdatert 04.04.2025