Aktuelle tilstandar som blir undersøkt og behandla hos oss er brystsmerter, rytmeforstyrringar/hjertebank, genetiske hjertesjukdommar, hjertemuskelssjukdommar (kardiomyopatiar), idrettsrelatert hjertesjukdom, medfødde hjertesjukdommar, klaffessjukdommar, hjertetransplanterte og pasientar med alvorleg hjertesvikt/tungpust.
Les mer om hjertesjukdommar på helsenorge.no
Undersøkingar som kan vere aktuelle:
- Ultralyd av hjertet (ekkokardiografi). Denne undersøkinga kan gjerast med og utan kontrast, ulik form for belastning, og i nokre tilfelle ved hjelp av scop som blir ført ned spiserøyret. Det vil stå i innkallingsbrev kva type undersøking du skal til.
- Arbeids-EKG. Belastningstest på ergometersykkel eller tredemølle.
- Opptak av hjerterytme. Ulik type båndopptakarar som registrerer hjerterytme kontinuerleg mens dei er påkobla, eller utstyr der du som pasient må aktivere ein opptakar når du kjenner hjertebank/rytmeforstyrring.
- Kontroll av pacemaker og hjertestartar.
Hjertesviktpoliklinikken
Spesialsjukepleiarar med vidareutdanning i kardiologi driv hjertesviktpoliklinikken hos oss. Kardiolog (lege som er hjertespesialist) opptrer som supervisor, og har det overordna ansvaret for behandlinga.
Kva gjer vi?
- Alle pasientar som møter kriteria blir registrerte i Norsk Hjertesviktregister.
- Funksjonstestar.
- Informasjon og opplæring til pasient og pårørande. Det er viktig at du som pasient og dine pårørande føler dykk trygge og veit korleis ein best kan leve med sjukdommen.
- Oppfølging etter eit standardisert forløp.
- Medisinjustering og kontrollar med blodprøvar etter medisinendringar.
- Jerninfusjon.
Kven kan tilvisast til oss?
- Pasientar med nyoppdaga hjertesvikt.
- Pasientar med kjent hjertesvikt som har ei forverring av sjukdommen.
- Pasientar med symptomgivande hjertesvikt i større og mindre grad.