Svangerskap, Odda
Alle barn som blir fødd i Noreg skal registrerast. Erkjennelse av farskap skal fyllast ut i svangerskapet og jordmor/ lege kan bidra med informasjon om korleis ein går fram for å gjere dette.
Melding om fødsel skal sendast av sjukehus eller den som er tilstades ved fødselen til folkeregistermyndigheita.
Alle fødselsmeldingar vert registrert sentralt. Fødselsnummer vert tildelt automatisk på grunnlag av fødselsdato og kjønn. I tillegg vert mor, far/ medmor, fødestad, statsborgarskap og nokre opplysningar for statistisk bruk også registrert.
Barnet vert automatisk registrert på same adresse som mor.
Når barnet har fått eit fødselsnummer, sender Skatteetaten ei melding til den/dei som har foreldreansvaret om å velje namn til barnet. I denne meldinga står barnets fødselsnummer. Dersom foreldreansvaret til barnet er felles og melding om namnevalg er sendt inn av mor, må far/medmor godkjenne namnet. Far/medmor får då eiga melding frå Skatteetaten.
Føde- og barseleininga får gjerne spørsmål om farskapstest. Ved behov for ein slik test, må du kontakte fastlege.
Vi på sjukehuset treng litt informasjon om deg for å gjere di fødselsoppleving så god som mogeleg.
Difor ber vi om at du snarast mogleg etter veke 18 fyller ut dette skjema. Logg på med Bank-ID.
Skjemautfyller - Helsenorge (innskrivingsskjema fødejournal)
Opplysingane frå deg legg seg i din fødejournal, noko som er til stor hjelp når du seinare kjem til undersøking eller for å føde.
Har du spørsmål om skjemaet kan du ta kontakt på telefon 52 73 23 90 mellom kl. 08.00 og 15.00.
Ved alle kontrollar i svangerskapet og innlegging ved fødeavdeling er det viktig å ta med følgjande:
- Helsekort for gravide
- Svarskjema med Blodgruppe og Rhesus
- Ultralydskjema
- Eventuelt andre blodprøvesvar du har fått
Du har rett til innsyn i journalen din. Den ser du ved å logge inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge
Vi ønskjer også å informere deg om at sjukehuset er lovpålagt å sende opplysningar frå fødselen til Medisinsk Fødselsregister (MFR).
Å vere gravid kan vere ei tid fylt av mykje kjensler, forventing og spenning. Dette er ein periode der ein førebur seg til fødselen og til å få eit barn i huset. For dei fleste er det ein prosess ein handterer med sin partner, sitt nettverk av nære og kjente, jordmor og lege.
Av og til kan tanken på å føde skape så stor uro og angst hjå kvinna at dei normale kontaktane med svangerskapsomsorga ikkje strekk til. Du kan trenge å fordjupe og førebu deg ekstra mykje før fødsel, arbeide med tidlegare negative erfaringar og opplevingar. Det kan då vere godt å få lagt ein plan for å kunne gjennomføre ein normal fødsel eller diskutere fødemåtar med personalet på fødeeininga.
Jordmora de går til i svangerskapet vil samtale med deg/dykk om dette og kan også tilvise vidare til fødepoliklinikk ved sjukehuset ein ynskjer å føde. Her vil ein møte jordmødre som har god erfaring med både fødslar og samtalar rundt fødselsangst. Ved fødepoliklinikken har ein også tett samarbeid med gynekologane og ein kan leggje ein plan for fødsel og såleis førebu seg på best mogeleg måte.
Det er ikkje klart kva som er årsaka til at fødselen ikkje startar innan dei 42 vekene.
Hos nokre kvinner er morkaka sin funksjon etter 42 vekers svangerskap noko redusert. Dette kan gi barnet mindre gunstige forhold i form av at barnet ikkje legg på seg eller ikkje produserer normalt med fostervatn.
Difor skal overtidige svangerskap kontrollerast nøye. Det er klare rutinar, i tråd med nasjonale retningslinjer, for kva måte overtidige svangerskap skal følgjast opp. Jordmor som fylgjer deg i svangerskapet vil tilvise til trivselskontroll dersom ein går over termindato.
Går du over termin ta kontakt med fastlege eller jordmor og bli tilvist til sjukehuset du/ de ynskjer å føde på. Her får du tilbod om undersøking 4-7 dagar etter termin. Her møter du jordmor og fødselslege.
Etter å ha snakka med dei om korleis du har det og korleis svangerskapet ditt har vore, blir du og barnet undersøkt.
Magen din blir undersøkt for å finne ut korleis barnet ligg, og for å vurdere storleiken på magen/ barnet.
Fosterlyd blir kontrollert og vurdert. Denne gir viktig informasjon om tilstanden til barnet.
Ultralydundersøking blir gjort med tanke på korleis barnet veks og kor mykje fostervatn som blir produsert.
Lege og jordmor må få vite korleis du har det. Dei fleste er trøytte, litt slitne og lei av å vente når termindato er passert med mange dagar. Det er heilt normalt.
Dersom det er andre faktorar som verkar inn på din og barnet sin tilstand ut over dette må legen få vite om det.
Legen vil ofte gjere ei gynekologisk undersøking. Livmorhalsen/livmormunnen blir då vurdert med tanke på modning. Denne undersøkinga kan vere avgjerande i vurderinga av om fødselen kan settjast i gang og kva for ein metode for igangsetting som er aktuell for deg.
Etter alle undersøkingane vil legen gjere ei total vurdering med tanke på kva som vil vere best for deg og barnet ditt vidare. Du vil få anledning å diskutere dette og stille spørsmål til legen.
Ut frå dei undersøkingar som blir gjennomført kan fleire alternativ bli aktuelle. Om alt ser fint ut med barnet og deg, blir de sendt heim medan de ventar på spontan fødsel.
Før du reiser heim vil du ha fått ei avtale om kor tid du skal til fødeavdelinga for å setje fødselen i gang om ikkje den startar av seg sjølv.
Frisk far eller partner kan vere med på kontrollar i samband med svangerskap.
Partnar/ ledsagar er hjarteleg velkomen til å vera med på fødsel.
Hugs å ta med urinprøve av morgenurin ved konsultasjon.
Fastlege eller jordmor tilvisar dykk til ultralyd undersøking i svangerskapet. De får tilbod om:
- Tidleg ultralyd for gravide veke 11-13
- Rutine ultralyd for gravide veke 18-19
- Alle kvinner i vår region får tilbod om rutineultralyd med terminbestemming.
Ein blir tilvist til ultralyd undersøking ved det sjukehuset ein ynskjer å føde. Eininga i Odda høyrer til Helse Fonna og er ei underavdeling av Føde og barsel, Haugesund - Helse Fonna HF. Enkelte ynskjer å føde ved andre sjukehus, og då tilvisar vi pasienten dit for ultralyd.
Vi tilvisar også elles til fødepoliklinikk dersom ein får komplikasjonar, eller viss ein av ein eller annan grunn må føljast tettare i svangerskapet.
Du blir også fulgt opp om ein har gått gjennom tidlegare svangerskap med komplikasjonar. Kvinner som har ein eller annan form for medisinsk sjukdom og som treng ekstra oppfølging under svangerskapet, blir òg tilvist til parallell oppfølging ved fødepoliklinikk, i tillegg til ordinær og individuell oppfølging i svangerskapet.
Ønskjer du å snakke med jordmor på grunn av tidlegare vanskelege fødselsopplevingar, eller fødselsangst, vil jordmor du går til i svangerskapet ha samtalar med deg om dette og i tillegg tilvise til fødepoliklinikk der ein ynskjer å føde for vidare samtalar, planleggjing og førebuing til fødsel.
Å vere gravid kan vere ei tid fylt av mykje kjensler, forventing og spenning. Dette er ein periode der ein førebur seg til fødselen og til å få eit barn i huset. For dei fleste er det ein prosess ein handterer med sin partner, sitt nettverk av nære og kjente, jordmor og lege.
Av og til kan tanken på å føde skape så stor uro og angst hjå kvinna at dei normale kontaktane med svangerskapsomsorga ikkje strekk til. Du kan trenge å fordjupe og førebu deg ekstra mykje før fødsel, arbeide med tidlegare negative erfaringar og opplevingar. Det kan då vere godt å få lagt ein plan for å kunne gjennomføre ein normal fødsel eller diskutere fødemåtar med personalet på fødeeininga.
Jordmora de går til i svangerskapet vil samtale med deg/dykk om dette og kan også tilvise vidare til fødepoliklinikk ved sjukehuset ein ynskjer å føde. Her vil ein møte jordmødre som har god erfaring med både fødslar og samtalar rundt fødselsangst. Ved fødepoliklinikken har ein også tett samarbeid med gynekologane og ein kan leggje ein plan for fødsel og såleis førebu seg på best mogeleg måte.