Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fødsel, Odda

Jordmor i Odda har heimevakt/ døgnberedskap for gravide og fødande. Når fødselen startar kan de ringe vakttelefonen 53 65 12 71 og få snakke med jordmor.

Om det er teikn til at fødselen er i gang kan de kome inn til avdeliga vår for ein sjekk. Jordmor vurderer då om det er trygt å køyre vidare til fødeavdelinga i eigen bil eller om den fødande treng følgje i ambulanse. Alle som bur meir enn 1,5 time frå fødeavdeling har krav på følgeteneste i fødsel. Far/medmor eller den ein måtte ynskje å ha med på fødsel køyrer som regel etter i eigen bil. De treng denne for å kome tilbake for rolege dagar i barsel her i Odda eller reise heim. Dersom ledsagar ikkje køyrer bil vil det som regel vera plass i ambulansen.

Vi høyrer til Helse Fonna og er ei underavdeling av føde-barselavdelinga i Haugesund og har følgeteneste i ambulanse hit.

Ta kontakt med vaktjordmor når:

  • Riene er regelmessige og kjem med 10 minutt eller mindre intervall, aukar i styrke og blir meir smertefulle. Smertene er oftast lokalisert til mage og/eller rygg. Sidan vi har eit stykke å reise er det lurt å ikkje vente for lenge med å ta kontakt.
  • Vatnavgang: Har du mistanke om at vatnet har gått skal du ta kontakt med oss, sjølv om du ikkje har rier.
  • Blødning: Ei slimete bløding i samband med samantrekking er ein del av den normale fødselen. Ved alle friske blødingar skal du ta kontakt på vakttelefonen og få snakke med ei jordmor.
  • Er du usikker på om fødselen er i gang, eller du har spørsmål omkring fødselen, vil jordmor kunne gi deg råd og rettleiing.

Fødselen kan starte på ulike måtar. I dagane før fødsel kan du ha periodar med rier som gir seg igjen, for så å starte på nytt nokre timar seinare.

Slimproppen kan gå i løpet av dei siste vekene i svangerskapet, dette er normalt og er ikkje eit teikn på at fødselen er i gang.

Kor lenge fødselen varer er like individuelt som opplevinga av den. Jordmor som fylgjer dykk i fødsel passar på at framgangen er som den skal og set i verk tiltak saman med lege dersom dette skulle vera naudsynt.

Førstegongsfødande brukar som regel lengre tid enn dei som har født før.

I nokon tilfelle kan den fødande oppleve at fødselen går svært fort. Jordmødrene her i Odda er trente på å ta imot barn dersom det skulle skje at ein ikkje rekk fram eller barnet vel å komme før avreise frå Odda. Vi har difor ei eiga fødestove i avdelinga som kan nyttast i slike høve.

Fosteret ligg i ein pose med om lag 1,5 liter vatn. Fostret drikk og tissar fostervatn og det blir laga nytt heile tida. Normal farge er blankt eller rosa. Det kan også vere gult eller grønt - såkalla misfarga fostervatn. Det betyr at fostret har hatt avføring og ein vil overvåke og følgje godt med på barnet i fødsel.

Fostervatnet kan gå spontant. Det kan vere slik at det renner mykje, eller så kan det komme litt og ein opplever å bli våt i trusa.

Vi ynskjer at du ringer oss på vakttelefonen dersom du trur vatnet har gått. Oftast byrjar riene litt etter litt når vatnet går. Jordmor vil vurdere om de kan køyre eigen bil til sjukehuset eller om det er naudsynt med følge av jordmor i ambulanse. Dersom det er lite/ ingen rier, har me på grunn av lang reiseveg avtale med fødeavdelinga i Haugesund at ein får kome bort og evt på bu på hotell i påvente av rier.  

Om du ikkje får rier, kjem du tilbake til fødeavd for igangsetting av fødselen om lag 18-36 timar etter fostervatnavgang.

For meir informasjon om fødsel, sjå føde- barsel Haugesund sine heimesider:

Føde og barsel, Haugesund - Helse Fonna HF

 

Jordmor som fylgjer deg/ dykk gjennom svangerskapet vil bruke tid saman med dykk til førebuing av fødsel. Det vil verta sett av god tid til fødselførebunade samtale og informasjon rundt fødsel ved svangerskapkontroll.

Korleis førebu deg

Det er mykje ein kan gjere sjølv for å førebu seg best mogeleg til fødsel og såleis kunne bidra til ei best mogeleg fødseloppleving. Korleis akkurat din fødsel vert veit ein ikkje på førehand. Likevel kan ein ruste seg sjølv så godt som mogeleg. Å føle seg trygg og avslappa/ avspent i fødeprosessen er føresetnad for at kroppen skal kunne jobbe best mogeleg. Ofte fryktar me det ukjende og sterk smerte gjer oss gjerne redd. Å føde er ein naturleg prosess. Å ha kunnskap og ei forståing av korleis kroppen fungerer og kva som fysisk skjer i kroppen dei timane ein er i fødsel er difor viktig for at ein skal kunne føle seg trygg nok til å halde kroppen avslappa/ avspent.

Smerte

Smerte er som oftast eit alarmsystem som kroppen har for varsle om at noko ikkje er som det skal. Såleis er fødselsmerte unik- det er ikkje noko skadeleg som skjer i kroppen og ein har alltid smertefrie pausar mellom riene. Å stole på kroppen sin og dei ibuande kreftene ein har i seg er viktig for å få ei best mogeleg fødseloppleving. Snakk med di jordmor og få gode råd og informasjon om korleis du på best mogeleg måte kan førebu deg til fødsel.

Naturlege tiltak

Det er naturlege tiltak ein sjølv kan gjere i fødsel. Dette er samlebeteknelsen på tiltak som kan løyse opp spenningar og auke utskiljinga av hormona oxytocin og endorfin. Dette kan virke beroligande og gjere det lettare å handtere fødselssmerta. Les meir om Naturlige tiltak på helsenorge.no.

Lurer du på korleis fødeavdelinga fødeavdelinga i Haugesund ser ut? Bli med på ei digital omvising her:

Bli med på guida tur i fødeavdelinga

Kvar skal du gå? Korleis ser det ut?
Sjå video
Jordmor som ser i kamera.
Sist oppdatert 10.03.2025