Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barsel, Odda

Tida etter fødselen kaller me barseltid. Desse første dagane etter fødselen er viktige for forholdet mellom mor og barn. Barnet treng mykje nærkontakt med både mor og far/medmor og de skal læra å kjenna barnet sine uttrykksmåtar og behov.

Vi har 2 barselrom/familierom. Her kan de som nybakte foreldre saman med den nyfødde kome etter fødsel i Haugesund, eller ved anna sjukehus om alt står bra til med mor og barn. Undersøking med barnelege blir utført minimum 6 timar etter fødsel.

Les meir om undersøkinga: Nyfødtscreening og undersøkelser av nyfødte - Helsenorge

Om mor og barn er klarert og føler seg i form til turen, kan dei kome hit for baselopphald.

Kor lenge de vert på barsel tilpassar vi den enkelte. Etter ein normal fødsel er opphaldet vanlegvis 1-3 dagar, men kan vare lenger om spesielle behov hos mor eller barnet krev det. Dei med keisarsnitt har normalt nokre dagar lenger opphald enn ved vaginal fødsel.

Jordmødrene og barnepleiarane ved avdelinga vår vil støtte og veilede dykk i dagane etter fødsel med blant anna barnestell, amming, mor si helse og førebu dykk så godt som råd til heimreise saman med den nyfødde.

Vi oppmodar om at alle mobiltelefonar er sett på lydlaus og at fokus er på barnet og den nye familien denne fyste tida. Ro og kvile utan for mykje forstyrrelsar er viktig for ei god barseltid og for å etablere god tilknytning mellom barnet og dykk foreldre.

Dagane etter fødsel treng mor og barn mykje ro og kvile. De som foreldre skal bli kjende med det nyfødte barnet dykkar og mor treng tid, ro og mykje kvile både til å hente seg inn etter fødsel og å kome i gang med amminga.

Det er også mykje kjensler og inntrykk i dagane etter fødsel og ein treng til til “å lande” i denne nye livsstiuasjonen. Vi råder dykk difor å avgrense besøk denne fyrste tida.

Dersom far ikkje overnattar her i avdelinga saman med mor og barn, er han sjølvsagt velkomen til å vera her så mykje de ynskjer. Søsken kan også kome på besøk for å helse på.  

Anna besøk råder me dykk til å avgrense til dykkar aller næraste og la det vera korte besøk. Visitttida vår er kl. 17.00-18.30.

Nyføddscreening

Det blir tatt blodprøve av barnet 48 timar etter fødselen. Reiser du heim før prøven kan bli tatt, får du avtale om å komme tilbake til sjukehuset for poliklinisk prøvetaking.

Av omsyn til den nyfødde, oppfordrar vi mor til å være med på blodprøvetakinga. Det at mor er med, ammer etter prøvetaking, gir kos, trøst og smertelindring. Pass på at føtene til barnet er varme før prøvetaking.

Vi gir litt sukkervatn som avleiiing ved blodprøvetaking. Morsmjølk kan også brukast.

Nyfødtscreening og undersøkelser av nyfødte - Helsenorge

Veging av barnet

Vi veg barnet før heimreise. Barnet blir vegd naken. Det er normalt at vekta går ned etter fødselen.

Test av hørsel  

Alle nyfødde får tilbod om hørselstest.

Oksygenmetting

Vi måler oksygenmetting i blodet når barnet er om lag 2-6 timar. Dette vert som regel gjort ved fødeavdelinga før de kjem hit for barsel.

Nyfødtscreening og undersøkelser av nyfødte - Helsenorge

RS-virus og gulsott - viktige tilstandar å vere merksam på

Les meir om Gulsott og RS-virus på helsenorge.no

Før heimreise tilbyr vi:

  • Stell og bading av barnet. Vi viser korleis de steller barnet og rettleier individuelt. De  får også tilbod om badestell under rettleiing. 
  • Samtale om og gjennomgang av fødselen. Dette blir fortrinnsvis gjort av jordmora du har hatt under fødselen. Om ikkje du får treffe jordmora du hadde i fødsel,  får ein samtale med anna jordmor. Jordmor ved barsel i Odda snakkar også gjerne med deg om fødselopplevinga di og kan svare på spørsmål.
  • Utreisesamtale og utreisekontroll. Dette er ein generell samtale om fødsel og barselstid og undersøkjing av mor før de reiser heim.
  • Du får legesamtale viss du har hatt keisarsnitt, anna operativt inngrep eller komplikasjonar i forbindelse med fødsel eller barseltid. Samtalen skjer helst med legen som var tilstades, men kan også gjerast av anna lege. Dette får du før du evt kjem til Odda for vidare barsel.

Du kan kontakte barselpoliklinikken vår dei 2 fyrste vekene etter fødsel på telefon 52 65 12 71.

Kommunejordmor vil avtale heimebesøk hoss dykk 1-3 dagar etter heimreise frå barsel.

Ca. 1 veke etter utskrivning frå barsel blir du oppringt av hjelsesjukepleiar for å avtale heimebesøk og vidare oppfølging ved helsestasjonen. Vi sender melding om fødselen til helsestasjonen elektronisk.

Gi beskjed til helsestasjonen om du ikkje reiser heim til di adresse. Sei alltid ifrå om ny adresse og endring i telefonnummer. Dersom du ikkje høyrer frå helsestasjonen innan 1 veke etter fødselen, ber vi deg om å ta direkte kontakt.

Dersom du har spesielle behov eller ønske om tidlig heimebesøk, kan vi i samråd med deg orientere helsestasjon per telefon.

Alle er velkomen til å ringe helsestasjonen for rettleiing. Det er også tilbod om open helsestasjon. Ring helsestasjonen for informasjon.

Meir informasjon om helsestasjonstenesta finn de her:

Helsestasjonstenesta – Ullensvang kommune

Vi tilbyr også barselpoliklinikk i opptil to veker etter fødsel, eller til helsestasjonen overtek omsorga for mor og barn.

Den fyrste tida i barsel er for mange ei utfordrande tid, vi er tilgjengelig for ein prat om du ynsker det. Post partum-perioden blir definert som dei fyrste seks vekene etter fødsel. Har du behov for ein prat med jordmor i denne tida er vi tilgjengeleg for samtale på telefon eller i avdelinga.

På barselpoliklinikken kan vi tilby:

  • Råd og rettleiing etter fødsel
  • Ammerettleiing
  • Vektkontroll av barnet
  • Time hos fysioterapeut for mor
  • Hørstelstest
  • Nyfødtscreening (føllingprøven)
  • Kontroll av bilirubin/gulsot
  • Kontroll av sting etter fødsel
  • Kontroll av unormal blødning
  • 6 vekers kontroll hos jordmor

Dersom du ikkje har barseltida hos oss, ring oss når du reiser heim slik at vi kan avklare eventuelt behov for oppfølging.

Fysioterapeuten ynsker å fange opp utfordringar som kan oppstå tidlig i barselforløpet og har også eit førebyggjende fokus i forbindelse med underlivsplager som kan oppstå etter fødsel. Her får du råd og rettleiing ift fysisk aktivitet og trening i barseltida.

Barselavdelinga i Odda er ei underavdeling av føde/barselavdelinga ved Haugesund sjukehus. Vi har tett samarbeid med jordmødre og gynekologar der. Oppfølgjing på barselpoliklinikken er gratis, kontakt på telefon 53 65 12 71 for å bestille tid.

Stell av barnet

  • Eit nyfødd barn treng ikkje eit bad kvar dag. Om barnet ikkje blir bada, anbefaler vi kroppsvask dagleg. Byt klede på barnet etter behov.
  • Såpe er ikkje naudsynt då det tørker ut barnet si hud.
  • Tørk godt etter bad, spesielt i alle hudfaldar/ der hud ligg mot hud.
  • Underlivet til jenter vasker ein frå framme mot bak for å unngå bakteriar til urinvegane.
  • Forhuda til gutar skal ikkje trekkast tilbake ved vask.

Hugs: Gå aldri frå barn på stellebordet!

  • Barnet si hud er rosa, men av og til er hendene og føtene noko bleikare eller lett blå - dette er spesielt synleg om barnet er kaldt.
  • Det er normalt ikkje nødvendig med hudpleieprodukt - om barnet ditt treng ekstra hudpleie, finst det ulike produkt. Spør gjerne apoteket om råd og rettleiing.
  • Nyføddutslett: Røde nuppar med talg, mest i ansiktet, hals, bryst, armer, og gjerne som raudflamma hud. Utslettet skuldast hormonpåverknad frå mor, treng ikkje behandling og forsvinner raskt.
  • Varmeutslett: Raudt utslett som opptrer når barnet har det for varmt og forsvinn ved avkjøling.
  • Ved iltert grønt utslett eller pussblemmer - snakk med helsesjukepleiar.
  • Storkebitt: Raude merker/flekkar i nakke, på augelokk eller panne. Blir svakare eller forsvinn som regel i løpet av første leveår.
  • Milier: Små kvite prikkar (talgkjertlar) i ansiktet, mest på nasen. Forsvinn etter nokre veker.
  • Gulsott: Normalt hos nyfødde. Gul hud og gul på det kvite i auge. Opptrer nokre dagar etter fødsel. I nokre tilfeller må det behandlast, spesieløt om barnet virkar meir trøtt/slappt enn vanleg.

Etter fødselen gjennomfører vi ein rekke rutineundersøkingar av det nyfødde barnet.

  • Navlestumpen bør vere rein og tørr, slik at den får tørke.
  • Ved behov kan den vaskast rundt navlefestet med NaCl 0,9% (dette kjøper du på apotek). Lufttørr etter vask.
  • Unngå gnaging på navlen med bleia.
  • Dersom det er rødt rundt huda eller væskande gul, vask med Klorhexidin. Dette får ein kjøpt på apoteket. Dersom det ikkje er betring eller andre problem oppstår med navlen, kontakt helsesjukepleiar.
  • Det tek 5-10 dagar før navlen fell av.

Hugs: God handhygiene (vask) ved stell av navlen!

  • Svart seig avføring etter fødselen som etter kvart skifter farge til brun mot gul når matmengda aukar.
  • Barn som brukar morsmelk kan ha avføring fleire gonger dagleg, men det kan også gå dagar eller ei veke i mellom når amminga er veletablert.
  • Dei første vekene bør avføringa vere dagleg, og dagleg gode våte bleier (teikn på nok mat).

Årsaka for raudfarge på urin er mineral som blir skilt ut frå nyrene. Dette kan særleg sjåast om urinen er konsentrert dei første dagane. Dette vil forsvinne når barnet får auka mengde mjølk på grunn av gjennomskylling av nyrene.

Forbigåande blodig slim kan komme frå skjeden hos jentebabyar etter 5-6 dagar. Dette skuldast hormonpåverknad og er ikkje farleg.

Dette er hovne brystkjertlar som kan væske. Det skuldast at barnet har hormon frå under svangerskapet. Dette kan skje hos både jenter og gutar, og forsvinner vanlegvis i løpet av få veker.

Neglene til nyfødde kan vere lange og skarpe, og kan føre til at barnet kan klore seg i ansiktet. Neglene bit du forsiktig av, ikkje bruk saks.

  • Vaskast frå ytterkanten og inn mot nasen.
  • Auge som væskar kan dryppast med saltvatn. Ved gult puss i auga, kontakt lege.
  • Lett bløding på det kvite kan forekomme etter fødselen. Det forsvinner etter nokre dagar og er ikkje farleg.
  • Den nyfødde er nærsynt og ser klarast på 20 cm avstand.

Ikkje bruk bomullspinne/Q-tips inn i øyrene til barnet. Vask berre ytre del av øyra, det som er synleg.

Tilpass kleda etter temperaturen. Ta gjerne med ull til det nyfødde barnet. Ull regulerer temperaturen godt.

  • Det er ingen regel for første turen ut. Tilpass etter vær og vind.
  • Barnet bør ikkje sove ute om det er kaldare enn minus 10 grader (følt temperatur).
  • Hugs å ha eit nett over vogna for å beskytte mot for eksempel katt og insekt.
  • Unngå å dekkje til vogna med teppe. Barnet må få frisk luft.
  • Unngå overoppheting, tilpass påkleding etter barnet sin temperatur, kjenn etter i nakken.

  • La barnet sove med vindauget på gløtt, men ikkje la barnesenga stå i trekk under eit vindauge.
  • Hald romtemperaturen på 16-18 grader. Bruk den temperaturen de har til vanleg på soverommet.

  • Samsoving vil seie å ha babyen i senga med seg om natta. Det er positivt for amminga og kontakten mellom mor og barn og kan i tillegg gi ei roligare natt.
  • Nokre forholdsreglar for at samsoving skal være tryggast mogleg: Unngå samsoving om du har røykt i svangerskapet, du/din partner røyker, etter inntak av alkohol, andre rusmidlar eller sløvande medisinar.
  • Unngå overoppheting eller tildekking av barnets hovud. La barnet sove med si eiga lette dyne.
  • La barnet sove på ryggen.
  • Unngå samsoving når barnet er sjuk, eller har feber.
  • Unngå for mjuk seng - ha ei fast madrass.
  • Ha ei brei nok seng som gir nok plass til barnet, og unngå at barnet ramlar på golvet.
  • Ikkje samsov på sofa eller i lenestol.
  • Frisk luft i rommet, og 16-18 grader romtemperatur.

Trygt sovemiljø for spedbarnet - Landsforeningen uventet barnedød (LUB)

Krybbedød - Helsenorge

Eldre søsken treng mykje merksemd, særlig den første tida. La dei ta del i for eksempel stell, bading og kos. 

Vær tett og nært til barnet. Ein baby kan ikkje bli bortskjemd. Kontakt og kos er viktig.

Lev som før med moderat støy. Ha på musikk, støvsugar og liknande.

Gi beskjed til helsestasjonen om du ikkje reiser heim til di adresse. Sei alltid ifrå om ny adresse og endring i telefonnummer. Dersom du ikkje høyrer frå helsestasjonen innan 1 veke etter fødselen, ber vi deg om å ta direkte kontakt.

Det beste barnet ditt kan få er brystmjølk. Mjølka kjem oftast i gang frå tredje dag etter fødsel. Hos enkelte tek det lengre tid. Det beste er at barnet får suge så ofte det vil. Om det berre er nokre dråpar er dette nok i starten.

Amminga kan ofte vera litt strevsamt og innimellom by på utfordringar i byrjinga. Det kan vera lurt å vera litt førebudd på at det krev ein ekstra innsats for å koma godt i gang.

Jordmødre og barnepleiarane ved barselavdeinga vil vere tilgjengelig for dykk med råd, rettliing og hjelp. Å ha litt kunnskap på fødehand om god ammetekninkk og sugetak kan vera lurt. Jordmor du går til i svangerskapet vil tilby deg ammesamtale før fødsel.

Første døgnet kan barnet sove ein del og ha færre måltid. Så vaknar det til og vil suge oftare, opp til 14 måltid per døgn kan være vanleg. Etterkvert finn barnet sin eigen rytme med 6-8 måltider pr døgn.

Eit nyfødd barn treng også ammast om natta. Nattamminga er viktig for å oppretthalde ein god mjølkeproduksjon. Viktige omsyn for amming;

  • At du tilbringer så mye tid som mogelg saman med barnet ditt.
  • At du får kvilepausar og ro. Unngå for mange besøkande.
  • Riktig ammeteknikk og god ammestilling. Personalet er der for å rettleie deg.

  • Smattar, gaper, tunga slikker leppene.
  • Sikler, søker.
  • Barnet fører handa til munnen.

Ved slike teikn, bør du tilby barnet brystet.

Gråt kan vere eit seint teikn på svolt, og det kan vere vanskeleg å roe barnet.

  • At barnet tidleg får den verdifulle råmjølka som blir produsert i starten av mjølke-produksjonen.
  • At mjølkeproduksjonen blir stimulert og kjem i gang.
  • At du minskar problem med brystspreng.
  • At livmora trekkjer seg saman.

Når du har funne ei god stilling for deg og barnet:

  • Stryk brystknoppen mot barnets lepper slik at barnet gapar
  • Vent til barnet gapar høgt.
  • Barnet blir tatt godt inntil din kropp slik at det får ein munnfull bryst.

Teikn på at barnet har rett ammeteknikk

  • Barnet gaper høgt.
  • Munnen er fylt med bryst.
  • Leppene er bretta utover.
  • Haka ligg inn mot brystet ditt.
  • Hovudet til barnet er bøyd litt bakover (nasen til barnet blir dermed fri).
  • Barnet sug effektivt og du høyrer at barnet svelger.
  • Kjevemuskulaturen arbeider rytmisk heilt bak til øyrene.
  • Med unntak av dei første sugetaka, skal det ikke kjennast vondt for deg.

Teikn på feil ammeteknikk

  • "Hol" i barnets kinn.
  • "Klikkelydar".

Når barnet har godt tak - la det suge til det sjølv slepp taket. Klem ut litt mjølk, og la brystet lufttørre for å førebygge sårheit.

Når barnet sug på brystknoppen, blir ein nerveimpuls i hjernen utløyst som utskil eit hormon som får mjølkekjertlane i brystet til å trekke seg saman. Mjølka strøymer gjennom mjølkegangane til brystknoppen og barnet får mjølk. Dette kallar vi utdrivningsrefleksen. Denne mekanismen blir lett påverka av stress og trøttheit, og det er derfor viktig å prøve å finne stunder for å kvile. Ro i ein ammesituasjon er også viktig. Nattamming er viktig allereie frå første natt.

Prolaktin, hormonet som gjer at mjølk blir danna, har høgast verdi om natta. Difor er det viktig å amme om natta for å få mjølka til å komme raskare. Prolaktin gjer dessutan at du blir meir trøtt, og derfor sovnar lettare etter amming.

Både før amming og barnestell er det viktig med god hygiene for å forebygge infeksjonar. Det viktigaste du kan gjere er å være nøye med handvask.

Du bør ikkje røyke eller snuse. Nikotin går over i morsmjølk og er ikkje bra for barnet.

Konsentrasjonen av nikotin er 3 gangar høgare i morsmjølk enn i blodet ditt. Barn bør aldri utsettast for passiv røyking. Dette gir økt risiko for forkjølelsar og lungebetennelsar.

Kva skader det gir på lengre sikt, veit ein mindre om.

Ved bruk av smokk hindrar ein optimal stimulering av brystet. Dette fører til forsinka og nedsett melkeproduksjon. Derfor bør de vente med smokk til amminga er veletablert og barnet har tilfredsstillande vektauke. Dette kan ta fleire veker.

Suging på smokk eller flaske krev ein annan sugeteknikk enn ved brystet. Dette kan føre til "sugeforvirring" hos barnet og kan skape problem for amminga.

Sjølv med god og kyndig rettleiing, er det ikkje alltid at amming er mogeleg.

Amming er ikkje alltid er den beste løysinga for det enkelte mor/barn-par.

Ikkje alle mødre kan amme. Ikkje alle mødre vil amme. Og nokon gonger må ein ta vanskelege val.

Nokon gonger er den beste løysninga å slutte å amme, eller å aldri byrje. Amming er berre éin av faktorane som virkar inn på helsa til mor og barn.

Du har rett til støtte og informasjon, uansett korleis barnet ditt får mjølk og uansett kva du strever med.

Ammesorg: Hva er det - og hva kan man gjøre? - Ammehjelpen

Dersom barnet ikkje får morsmjølk, eller treng meir mjølk enn morsmjølk, må det få morsmjølkerstatning. Morsmjølkerstatning kan ein gi fra fødselen av og kan brukast i heile fyrste leveår.

Morsmeløkerstatning - Helsenorge

Hugs at all amming, uansett varigheit – og all morsmjølk, uansett mengde, er verdifullt både for barnet og for deg.

Dette gjeld altså om du har amma i to timar, to månader eller to år.

Det burde vera sjølvsagt, men me veit at det er nokon av dykk som treng å høyre dette:

Å vera ei god mamma vert ikkje definert av om vi gir barna våre morsmjølk, eller morsmjølkerstatning, eller om mjølka kjem via pupp eller flaske!

Sist oppdatert 10.03.2025