Som pasient hos oss møter du tverrfaglege team med hjartelege (kardiolog), sjukepleiarar og sjukepleiarar med spesialutdanning innan intensiv og/eller kardiologi, helsefagarbeidarar og postsekretær. Vi samarbeider tett med andre avdelingar og andre sjukehus i pasientbehandlinga.
Av dei 20 sengeplassane hos oss er seks overvakingssenger. Vi har ei operasjonsstove for innlegging av midlertidig og permanent pacemaker og eit mottakingsrom for akutt sjuke.