Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Starthjelp-kurs

For foreldre som nyleg har fått vite at barna deira (0-6 år) har nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom, og som vil ha behov for tett oppfølging frå helse- og omsorgstenesta framover.

Gjennomføring og formål

Kurset går over fire dagar. Det blir lagt opp til varierte kursdagar med erfaringsinnlegg frå foreldre frå relevante brukarorganisasjonar og innlegg frå fagpersonar frå ulike delar av hjelpeapparatet. Vi har også utveksling av erfaringar i deltakargruppa.

Tema som blir teke opp i kurset er «Systema rundt oss», «Familie og nettverk», «Samspel med barnet» og «Håp og meistring».

Formålet med kurset er  å bidra til at de kan oppleve håp og meistring i den nye livssituasjonen og slik førebygge eller redusere psykiske helseproblem og belastingar hos familien.

Kostnad

Kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga på HABU og er kostnadsfritt.

Påmelding

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post.

Telefon: 52732940

E-post: habilitering@helse-fonna.no (ikkje send sensitive opplysningar)

Meir informasjon

Lærings- og mestringstilbudet Starthjelp - mestring.no

Med Starthjelp inn i en ny og ukjent hverdag (barneogungdomsfysioterapi.no)

Sist oppdatert 29.07.2024