Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habilitering - brukarundersøking pasienterfaringar

I Hele Vest vert det årleg gjennomført regionale pasienterfaringsundersøkingar. Habiliteringstenestene for vaksne er målgruppa i 2016. Formålet er å bruke pasientane sine erfaringar til å betre tenestetilbodet.

​I oppfølging frå Habiliteringstenesta er det ofte tett samarbeid med fleire rundt den enkelte pasient; både pårørande og kommunalt tilsette er viktige samarbeidspartar.

Denne undersøkinga er utforma slik at det er mogleg for 3 ulike respondentar å svare på korleis pasienten er ivaretatt. 

Respondentar:

  1. Pasientar 
  2. Pårørande – som har deltatt på minst eit møte 
  3. Kommunalt tilsett - som oftast ein primærkontakt som har delteke i minst 3 møter

Den 1. november startar undersøkinga i Helse Fonna. Den pasientansvarlege fagpersonen i Habiliteringstenesta vil spørje pasientar, pårørande og kommunal kontaktperson om deltaking i undersøkinga.

Det er frivillig å delta. Svara blir handsama anonymt.

Sist oppdatert 24.10.2016