Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynekologisk sengepost, Stord

Vi utgreier, diagnostiserer og behandlar kvinner med ulike generelle og gynekologiske problemstillingar. Vi behandlar alle typar abortar.

Vanlege diagnosar på gynekologisk sengepost er:

  • gynekologiske infeksjonar
  • magesmerter/underlivssmerter
  • problemstillingar tidleg i svangerskapet, som svangerskapskvalme, spontan abort, sjølvbestemt abort og komplikasjonar i samband med prøverøyrsbehandling.
  • komplikasjonar etter fødsel
  • gynekologisk kreft

Dei vanlegaste planlagde operasjonane på gynekologisk sengepost er på grunn av:

  • Magesmerter/underlivssmerter
  • Blødingsforstyrringar
  • Urinlekkasje
  • Framfall
  • Ved kreft i underlivet gjer vi undersøkingar og utgreiingar. Behandling og operasjon blir ofte tilvist vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Hos oss møter du sjukepleiarar, jordmødrer, helsefagarbeidarar og gynekologar. 

Før planlagte operasjoner får du snakke med jordmor/sjukepleiar, lege, gynekolog og anestesipersonell.

Ved mindre inngrep, som ikkje krev at du overnatter i avdelinga til neste dag, må du komme fastande til avdelinga på morgonen. Du reiser heim igjen etter operasjonen er fullført, og etter du har snakka med gynekologen som opererte.

Dersom du skal overnatte i avdelinga 1 – 2 døgn etter operasjonen, kjem du til avdelinga dagen før. Du skal då ta blodprøvar ved laboratoriet, snakke med lege, gynekolog, jordmor/sjukepleiar og anestesilege.

Nokre får ein poliklinisk time for å utføre dei ovennevnte undersøkelsane/samtalene, for så å komme tilbake operasjonsdagen. Dette vil du få beskjed om i innkallelsesbrevet.

Du må ha tilvising frå fastlege, legevakt eller spesialist for å kome til oss.

Alle som har gjennomført abort hos oss, får tilbod om ein samtale med jordmor 4-6 uker etter inngrepet.

Kontakt

Telefon

Døgnopent sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i underetasjen (U1) på Stord sjukehus.

Besøkstid for pårørande:

Klokka 17.00-18.30 alle dagar.

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.