Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en datamaskin

Gynekologisk sengepost, Haugesund

Vi utgreier, diagnostiserer og behandlar kvinner med ulike generelle gynekologiske problemstillingar og gynekologisk kreft. Vi behandlar alle typar aborter fram til veke 16. Etter veke 16 får pasientar behandling på fødeavdelinga.

Vanlege diagnosar på gynekologisk sengepost er:

  • gynekologiske infeksjonar
  • magesmerter/underlivssmerter
  • problemstillingar tidleg i svangerskapet, som svangerskapskvalme, spontan abort, sjølvbestemt abort og komplikasjonar i samband med prøverøyrsbehandling.
  • komplikasjonar etter fødsel
  • gynekologisk kreft

Dei vanlegaste planlagde operasjonane på gynekologisk sengepost er på grunn av:

  • Magesmerter/underlivssmerter
  • Blødingsforstyrringar
  • Urinlekkasje
  • Framfall
  • Ved kreft i underlivet gjer vi undersøkingar og utgreiingar. Behandling og operasjon blir ofte tilvist vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Planlagde operasjonar

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege og anestesipersonell på poliklinikken. Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.

Ved planlagd operasjon hos oss møter dei fleste på operasjonsavdelingas samedags-mottak i 1. etasje. Pasientar kjem til gynekologisk sengepost etter operasjonen.

Mindre inngrep blir utført på dagkirurgisk avdeling. Da kjem ein ikke innom gynekologisk sengepost. All behandling blir da gjort på dagkirurgisk avdeling.

Mindre inngrep

Vi utfører mindre inngrep som berre krevje lokalbedøving. Dette kan vere konisering og nokre typar hysteroskopi. Desse inngrepa blir gjort på poliklinikken vår i 3. etasje.

Gynekologisk sengepost er ein 5-døgnspost. Det betyr at det ikkje er personell hos oss i helga. Pasientar blir da flytt til eller innlagd ved kirurgisk sengepost i 4. etasje.

Kven er vi?

Hos oss møter du sjukepleiarar, gynekologar, jordmødrer og uroterapeut.

Tilvising

Du må ha tilvising frå fastlege, legevakt eller spesialist for å kome til oss.

Kontakt

Telefon

Sengeposten er open heile døgnet på kvardagar, og stengt i helger og på heilagdagar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gynekologisk sengepost finn du i 3. etasje i nybygget Sydvest på Haugesund sjukehus. Vi held til saman med fødeavdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Besøkstider Haugesund sjukehus

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

      Avdelingar