Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastro/nefro sengepost

Sengeposten ved gastroenterologisk og nefrologisk seksjon har ansvar for å greie ut og behandle pasientar med sjukdomar i mage, tarm, lever og nyrer. Dei vanlegaste tilstandane vi undersøker og behandlear er relatert til blødningar, betennelsestilstandar, elektrolyttforstyrringar og nyre- og leversvikt. Vi har eit tett samarbeid med gastropoliklinikken, nyrepoliklinikken og dialyseavdelinga.

Måltid

Måltid blir servert i kantina, eller på rommet for dei som av helsemessige årsakar ikkje kan gå ut.
Frukost kl. 08.00 – 09.30

Lunsj kl. 11.30 – 13.00

Middag kl. 14.30 – 15.30
Kveldsmat kl. 18.30 – 19.30.

Dersom du har spesielle ønsker eller omsyn å ta med tanke på diett, er det fint om du gir beskjed så tidleg som mulig slik at vi rekk å spesialbestille dette frå kjøkkenet. Pårørande kan bruke felleskantina i 6 etg. eller Narvesen. Kun pårørande som er rekna som ledsagarar av medisinske grunnar kan spise i pasientkantina. Dei må da få eige matkort.

Husk at god håndhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset, både av omsyn til deg sjølv og dine medpasientar.

Blodprøvar og undersøkingar

Blodprøver blir som regel tatt til faste tider. Skal du ta blodprøvar er det viktig at du er ved senga til desse er tatt.  Dei fleste blodprøvesvar kjem same dag, men nokre prøvar må sendast til analyse ved andre laboratorie, og tar derfor lengre tid.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 08.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing u vil få nærare informasjon om. Tidspunktet for undersøkingar kan vere noe vanskeleg å seie, og det kan bli venting.

Legevisitt

Kvardagar er det legevisitt mellom kl. 09.30 og 12.00. Lørdag og søndag er det bare legevisitt til nye pasientar.

Medisinar

Medisinar du treng under sjukehusopphaldet får du hos oss. Faste tider for utdeling er ca. kl. 08.30, 12.30, 17.00, 20.00. Det er fint viss du er tilgjengeleg til desse tidene. Viss du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider. Du vil få beskjed om kva tidspunkt som er aktuelle for deg.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

5. etasje midtblokk. Bruk heisen ved resepsjonen i 1. etasje.

Av omsyn til medpasientar og planlagt aktiviteter i behandlinga, ber vi om å legge besøk til visittida. Kontakt personalet om du ønskjer andre avtalar.

Besøkstider

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund