Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastromedisinsk poliklinikk

Vi undersøker og behandlar pasientar med sjukdommar i fordøyelsessystemet.

Dei vanligaste tilstandene vi undersøker og behandlar er relatert til blødingar og betennelsestilstandar. Vi gjer også undersøkingar ved mistanke om kreftsjukdom.

Vi tilbyr eit bredt spekter av tenester, inkludert gastroskopi, koloskopi, endoskopisk ultralyd, gallegangsundersøking, ph/maonmetri, kapselendoskopi og fibrosescan av lever.

I samarbeid med medisinske og kirurgiske legar, og barnelegar og anestesipersonell, sikrar vi heilheitleg omsorg til våre pasientar.

Pasientar med Crohns og Ulcerøs colitt (inflammatorisk tarmsykdom) får biologisk behandling ved IBD-poliklinikken vår.

Ein IBD-sjukepleiar tilbyr blant anna individuelle konsultasjonar til dei som har behov for det.

Alle som får påvist hepatitt A, B og C infeksjon blir tilvist til ein spesialist.

Personar som har ein kronisk infeksjon treng regelmessig oppfølging i helsevesenet. Nokre vil også trenge behandling for å hindre utvikling av alvorleg leversjukdom. 

Behandlingen for for eksempel hepatitt C er blitt betydeleg betre dei siste åra, med mykje meir effektive medisinar enn tidlegare. 

Vi har eit vaktteam for akutte tilstandar som bløding i mage- og tarm, fjerning av framandlekam og andre hastesaker.

Vaktteamet er tilgjengeleg utanfor ordinær opningstid.

Viktig informasjon til pasientar som har fått tildelt time

Vi ber pasientar lese innkallingsbrevet nøye i god tid før timen. Dei fleste som kjem til oss må førebu seg i forkant av timen, anten i form av blodprøvar, fasting, tarmtømming eller midlertidig stopp i medisinbruk.

Viss du kjem uforberedt til timen, vil vi måtte ombooke den og det kan bli lengre ventetid. Innkallingsbrevet finn du når du loggar deg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge

På grunn av lange ventelister ber vi også pasientar om å behalde timen dei får tildelt, så langt det lar seg gjere. Endring av time kan føre til lang ventetid.

 

Vi ber tilvisande legar om å ta aktuelle prøvar før dei tilvisar pasientar til poliklinikken.

Hos oss møter du overlegar som er spesialisert innan mage-tarm sjukdommar (gastroenterologar) og sjukepleiarar med spesialisering og lang erfaring innan mage-tarm sjukdommar.

Vi har ei venteliste som vi følgjer når vi sett opp timar. Sjå Ventetider for utredning og behandling - Helsenorge for oppdatert venteliste for dei ulike undersøkingane.

Ventelistene blir oppdatert ein gong i månaden. 

Vi har kurs for pasientar med inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) som ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom. Ta kontakt med oss eller sjå planlagde kurs nedst på denne sida: Lærings- og meistringssenteret - Helse Fonna HF

Gastrokirurgisk poliklinikk er pakkeforløpskoordinator for tykk- og endetarmskreft i Helse Fonna. Tilvisingar til pakkeforløp blir derfor sendt til Gastrokirurgisk avdeling - Helse Fonna HF, men fleire av undersøkingane blir gjort på gastromedisinsk poliklinikk. 

Les meir om Pakkeforløp for kreft - Helsenorge

Vi utførar nasjonal tarmscreening i regi av Kreftregisteret. Personar som har testa positivt for blod i avføringa blir tilvist oss for tarmscreening (koloskopi). ·

Les meir om Tarmscreeningprogrammet 

Les meir om Tarmkreft - Helsenorge

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjå informasjon om sjølvbetjent innsjekk nedafor.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Sjølvbetjent innsjekk og betaling

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

Les meir om sjølvbetjent innsjekk og betaling
Et skjermbilde av en telefon

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

      Enheter

      0 treff
        Sjekk stavinga og prøv eventuelt eit anna ord.