Ein klinisk studie av Ambroxol ved tidleg demens med lewylekamar.
Demens med lewylekamar (DLB) er den nest vanlegaste formen for demens. DLB gir karakteristiske symptom som kognitiv svikt, synshallusinasjonar, søvnproblem og parkinsonliknande trekk som skjelvingar og trege rørsler.
DLB er ein demenstype som ofte blir underdiagnostisert og feildiagnostisert. Den har også vore forska svært lite på. Det fins inga behandling som kan bremse utviklinga av sjukdomen eller kurere den. Gjennom ANeED-studien håpar vi å komme eitt skritt nærare ei slik behandling.Les om studien i Dagens medisin: Skal teste ut hostemedisin mot «ny» demenstype
Status
Oktober 2022
Vi har per i dag inkludert 36 pasientar i legemiddelstudien der vi testar ambroksol ved demens med Lewylegemar. 12 av desse i Helse Fonna og 24 i andre delar av landet. 6 pasientar har allereie hatt sin 1-års kontroll, og i desember forventar vi at dei første er ferdig med første delen av studien. Etter at pasientane har fullført 18 månader på studiemedisin vil alle få tilbod om behandling med ambroksol i 12 månader.
Januar 2022
Helse Vest støttar ANeED-prosjektet med innovasjonsmidlar for å utvikle ein app. Les meir på Helse Vest sine nettsider (helse-vest.no)
Det er no inkludert 19 pasientar i studien, 10 av desse i Haugesund. Totalt deltar seks sjukehus i Noreg i studien, i Haugesund, Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen. Tromsø startar snart opp.
Juli 2021
Dei første fem pasientane i studien er inkludert, i Haugesund. Planen er å inkludere totalt 172 pasientar, der omlag 25 er planlagt inkludert i Haugesund. Første studiemedisin blir delt ut i starten av juli.
Februar 2021
Studien er godkjent av Statens legemiddelverk (SLV), Norsk senter for forskingsdata (NSD) og regional etikk-komité (REK). Vi planlegg å inkludere første pasient i mars 2021.
Pasientar og pårørande
Les om diagnostisering og oppfølging ved DLB
Ønsker du å delta i utprøving av medisinen ambroksol mot tidleg DLB, eller har du ein pasient dette kan vere aktuelt for? Les meir om korleis pasientar kan inkluderast i ANeEED-studien
For helsepersonell
ANeED-studien har desse måla
- Gjennomføre eit fase 2 randomisert kontrollert forsøk med medisinen Ambroxol til pasientar som har tidleg og mild DLB
- Etablere eit nettverk av norske klinikkar for framtidig forsking på medsinar med potensiell effekt mot DLB
- Auke kunnskapen om DLB i befolkinga gjennom eit eige PPI-program (patient and public involvement)