Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Føde og barsel, Stord sjukehus

Vi har eit trygt og godt tilbod til fødande, med oppfølging i barselavdeling etter fødselen. Avdelinga er godkjent som mor-barn-vennleg, og vi legg til rette for å fremme amming og tidleg nærkontakt mellom mor og barn.

Vi på sjukehuset treng litt informasjon om deg for å gjere di fødselsoppleving så god som mogleg.

Difor ber vi om at du snarast mogleg etter veke 18 fyller ut dette skjema. Logg på med Bank-ID:

Skjemautfyller - tjenester.helsenorge.no

Opplysingane frå deg legg seg i din fødejournal, noko som er til stor hjelp når du seinare kjem til undersøking eller for å føde.

Har du spørsmål om skjemaet kan du ta kontakt på telefon 52 73 23 90 mellom 8.00 og 15.00.

Takk for hjelpa.

Ei hugseliste kva du tar med på sjukehuset

Ved alle kontrollar i svangerskapet og innlegging ved fødeavdeling er det viktig å ta med følgjande:

  • Helsekort for gravide
  • Svarskjema med Blodgruppe og Rhesus
  • Ultralydskjema
  • Eventuelt andre blodprøvesvar du har fått

Rett til innsyn i journal

Du har rett til innsyn i journalen din. Den ser du ved å logge inn på www.helsenorge.no.

Vi ønskjer også å informere deg om at sjukehuset er lovpålagt å sende opplysingar frå fødselen til Medisinsk Fødselsregister (MFR).


Frisk far eller partner kan vere med på fødsel og kontrollar i samband med svangerskap.
Sjekk gjerne med avdeling om du har spørsmål.


Ved fødeavdelinga arbeider 18 jordmødrer, 9 barnepleiarar og 3 fødselslegar/gynekologar. Sectio frekvens: 10 %.

Måndag, onsdag og fredag kjem barnelege som undersøker dei nyfødde. Anna personell vi har kontakt med er mellom anna anestesilege og -sjukepleiar, bioingeniørar som tar blodprøvar og fysioterapeutar som gir råd om opptrening etter fødsel. Gynekologar/fødselslegar har vakt heile døgnet. Døgnbemanna anestesilege-, -sjukepleiar og operasjonspersonell er også tilknytt avdelingane heile døgeret. 

Avdelinga har eit godt samarbeid med nyføddavdelinga i Haugesund, og ved behov konfererer vi med pediater/barnelege for vidare oppfølging.

Folkehelseinstituttet gjennomfører jamleg spørreundersøkingar blant nybakte foreldre. Stord sjukehus har dei siste åra fått veldig god score og havnar på landstoppen på både fødetilbodet og barselopphaldet. Du kan lese den siste rapporten og sjå kva fødande ved Stord sjukehus meiner om tilbodet her.

Du kan sjølv velje kor du ønskjer å føde dersom du er vurdert til å ha ein normal fødsel. Dei fleste fødslar hos oss er utan komplikasjonar, men vi har utstyr og kompetanse til å handtere komplikasjonar som likevel kan oppstå. Det vi kallar risikofødslar skal skje ved kvinneklinikk på eit større sjukehus. 


Du kan føde ved fødeavdelinga på Stord sjukehus sjølv om du har desse tilstandane:

  • Hypertensiv sjukdom (mild og moderat pre-eklampsi)
  • Undervektige pasientar: BMI < 19
  • Estimert fostervekt > 4500g
  • Trombofiliar med moderat risiko
  • Tidlegare alvorleg komplikasjonar under svangerskap eller fødsel
  • Induksjonar
  • Kvinner som er omskårne
  • Førstegongsfødande > 35 år
  • Overtidig svangerskap= 42+0 ( førstegongsfødende med Bishop score <7 skal induserast i Haugesund)
  • Pasientar som har kjent mindre liv over fleire dagar
  • Langvarig vannavgang uten klar risiko for infeksjon
  • Kostregulert diabetes
  • Pre-term fødsel ned til veke 35+0 (< 29+0 uker skal til Helse Bergen Haukeland Universitetssjukehus)
  • Oligohydramnion (uten vekstretardasjon)
  • Polyhydramnion (utan påvist eller mistanke om misdanningar)
  • Pasientar med påvist/spørsmål om smitteberande Hepatitt.

Referanse: Helsedirektoratet: «Et trygt fødetilbud»


Pasientar med følgjande risikofaktorar skal føde på kvinneklinikk ved større sjukehus:

  • Diabetes Mellitus (insulinkrevjande)
  • Pre-eklampsi (alvorleg)
  • To foster med påvist utviklingsavvik (med behov for intervensjon kort tid etter fødsel. Desse skal forløysast i Bergen)
  • Vekstretardasjon > 20 %
  • Fleirlingar/vaginale tvillingfødslar
  • Vaginale setefødslar og ytre vending 
  • Immunisering med betydning for barnet
  • Alvorleg hjerte/kar/lunge/nyre eller alvorleg revmatiske sjukdomar eller kollagenoser hos mor
  • Tidlegare født barn med alvorleg GBS-infeksjon
  • Rusmiddelbruk under svangerskap
  • Gravide under LAR-behandling
  • HIV
  • Trombofili med stor risiko for trombose eller tilstandar med blødningsrisiko

Referanse: Helsedirektoratet: «Et trygt fødetilbud»

I dei tilfelle der ein risikerer at fødsel kan skje underveis i transport, må vakthavande gynekolog i kvart enkelt tilfelle vurdere det som er mest fagleg forsvarleg. I nokre tilfelle  føder kvinna då på Stord med gynekolog, anestesilege og eventuelt barnelege tilstades med riktig utstyr.

Å finne gode stillingar når du sit, står eller ligg, vil hjelpe deg under fødselen. Det er fint om du klarar å kombinere gode stillingar med å vere i bevegelse. Gode stillingar er gjerne stillingar som utnyttar tyngdekrafta, slik at barnet beveger seg nedover i fødselskanalen. Vi har fleire hjelpemiddel til dette: Stor gymball, preikestol, fødeseng, dyner og puter. Ledsagar kan vere ei god støtte. Jordmor vil hjelpe deg til å finne gode stillingar og oppmode deg om å bevege deg når det kan vere til hjelp.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har laga filmar som viser fødestillingar i ulike deler av fødselen.

 


 

 


 

Du har kanskje tenkt gjennom kva smertelindring du ønskjer, eller ikkje ønskjer, under ein fødsel. Snakk med jordmor om dine ønske. Vi kan tilby ei rekkje formar for smertelindring, både medisinske og ikkje-medisinske.


Massasje
Kvinners oppfatning av massasje er ulik. Kva område av kroppen du ønskjer å få massert, og kva trykk du ønskjer ved massasjen, varierer. Det kan masserast utenpå kleda eller på bar hud. Ved bruk av massasjeolje bør olja varmast i hendene først. Når hendene først er i kontakt med kvinnas kropp, bør ein forsøke å ha kontakt gjennom heile rien, slik at massasjen blir heilskapeleg. Massasjen bør utførast forsiktig, men samtidig rytmisk og fast. Sakte, rytmisk og sirkulær massasje over korsryggen kan vere effektiv ved intense ryggsmerter.

Varme
Varmeflasker/varme klutar kan brukast på rygg og/eller mage, eller andre stader der riene er smertefulle, som hofte og lår.

Badekar
Kan nyttast av alle med normalt svangerskap  og som er i normal fødsel utan komplikasjonar. Kvinner med fostervatnavgang med normal farge, kan vere i badekaret.

Steriltvatn injeksjon (paplar)
Sterilt vatn blir sett rett under huda på smertefulle stader på rygg og nedst på magen. Kan repeterast og brukast saman med annan type smertelindring.

Lystgass
Du kan få inhalasjon av smertelindrande lystgass (N2O) under riene, viss du må sy eller etter fødselen når morkaka skal forløysast. Du kan ikkje bruke lystgass når fødselen er i trykkefasen.

Morfin
Blir helst brukt tidleg i fødsel, ved såkalla «maserier». Blir ofte brukt saman med ein beroligande tablett viss kvinna har korte rier, treng kvile og ikkje er i aktiv fødsel. Denne behandlinga kan gjentas etter 4-6 timar.

Epidural
Epidural er bedøving som blir sett i ryggen din ved hjelp av nål og ein tynn slange (kateter). Epidural blir ofte brukt ved sterke smerter, ofte kombinert med ein langvarig fødsel, sein framgang eller at den fødande er veldig sliten. Bevegelssesnervene blir ikkje bedøva, så du kan gå oppe og bevege deg, sjølv om du har epidural.
Det er anestesilege og jordmor som sett epidural. Ved Stord sjukehus har vi anestesilege i døgnvakt, og vi kan derfor tilby epidural døgnet rundt.
Vi tar nokre blodprøvar av deg på førehand, og legg inn ein kanyle/veneflon i handa di. Vi rettleiar deg til korleis ho skal sitje eller liggje når epiduralen blir sett inn. Legen vaskar/steriliserer deg først på ryggen og set lokalbedøving. Under sjølve prosedyren er det viktig at du ligg eller sit heilt i ro, sjølv under riene. Du må «skyte ut» korsryggen mot legen, ha knea godt trekte opp mot magen, og hovudet ned mot brystet. Jordmor eller ledsagaren din hjelper til. Dette tar ofte kort tid, 5-10 minutt, så kan du få rette deg opp att. Legen set så ein testdose, og vi kontrollerer blodtrykket ditt. Nokre gongar kan epidural gi eit lite fall i blodtrykket, som vi regulerer med væske og medisinar. Etter nokre minutt gir legen ein normal dose epidural, som vil verke etter 10-20 minutt. Då vil jordmor sjekke blodtrykk og overvake fosterlyden (CTG). Dersom ikkje epiduralen verkar tilfredstillande, vil legen i nokre tilfelle vurdere å sette han på nytt.

Lokalbedøving ved sying
Medikamentet vi nyttar er Xylocain. Gi beskjed dersom du er allergisk for Xylocain, eller tidlegare har hatt allergisk reaksjon på tannlegebedøving. Jordmor eller lege set lokalbedøving før dei syr. Ved rift fortil brukar vi Xylocain spray, som svir litt ved påføring. Ved rift mot endetarmen brukar vi Xylocain injeksjon dersom vi må sy meir enn ca. 2 sting. Dersom det er behov for å klippe (episiotomi) under fødselen, vil jordmor eller lege nytte Xylocain injeksjon.

Pudendal bedøvning
Eit smertelindringsalternativ i fødselens utdrivingsfase. Bedøvinga har verknad på heile området rundt og i kjønnsorgana. Kan også settast for å dempe trykketrang viss mormunnen er mindre enn 10 cm open og hovudet ikkje er heilt nede på bekkenbotnen enno. Har god effekt også som bedøving dersom du må sy etter fødselen.

helse-fonna-fodeavdeling-stord-10-foto-eirik-dankel-cover.jpg 

Eit par timar etter fødselen blir familien flytta til barselavdelinga. Dei fleste blir her tre til fem dagar før heimreise. Avdelinga er i samme lokaler som fødeavdelinga. Vi har fire familierom og tre doble barselrom.

Rommet har eige bad og stelleplass for barn. Liggetida ved bruk av familierom er to døgn. Dersom ein har behov for lengre opphald, kan ein bli flytta over til vanleg barselrom. Ved bruk av familierom er døgnprisen for ledsagar 318 kroner. Ledsagar betalar 52 kroner for frukost, 80 kroner for middag og 52 kroner for kvelds. Barn overnattar gratis. Dersom ein nyttar seg av familierom og to liggedøgn reknar vi det som tidleg heimreise. Daglegstova og kjøkenet kan nyttast ved måltidene, eller ein kan ta med seg mat til rommet.


Undersøkingar av barnet etter fødsel

I barseltida gjennomfører ein ei rekkje rutinemessige prøvar og undersøkingar.

  • Oksygenmetning: Innan seks timar etter fødselen måler vi oksygenmetninga i blodet til barnet. Dette er ein rutinesjekk for å utelukke spesiell hjertesjukdom. Metningsmåling kan avdekke slik sjukdom slik at ein kan iverksette behandling tidleg. Målinga er ikkje smertefullt for barnet.
  • Hørselstest: Vi gjennomfører hørselstest på alle born før dei reiser heim.
  • Føllingprøve: Føllingprøve (PKU) blir tatt tredje dag. Barnet må vere minst 60 timar gamalt. Prøven inneber at barnet får eit stikk i hælen. Vi tar kontakt med deg per telefon dersom prøven er postiv og ein må iverksette tiltak.
  • Stell og bading av barnet: Vi viser korleis de steller barnet, deretter kan ein få individuell rettleiing. Bading vil de få opplæring i, og det vil bli høve til at de badar barnet ein gong sjølv før utreise.
  • Veging: Vi veg barnet ved fødselen og ved andre/tredje dag.


Visittar og samtalar

Det er rutine for samtale med jordmor, og du kan få snakke med lege om du ønskjer det. Barnelegen kjem på visitt og undersøkjer det nyfødde barnet.

  • Barnelegevisitt: Barnelegen kjem måndag, onsdag og fredag kl. 09.00. Legen undersøkjer den nyfødde ved første anledning. Barnelegen sjekker barnet nøye. Ved behov undersøkjer gynekologane barna laurdag og søndag.
  • Jordmor-visitt: Jordmor går ein runde i løpet av dagen. Skriv gjerne ned spørsmål som de vil ha svar på.
  • Legevisitt: Vanlegvis har vi ikkje legevisitt, utanom dei som har hatt instrumentell forløysing. Er det noko du vil snakke med lege om, ta kontakt med personalet, og vi ordner det for deg.
  • Gjennomgang av fødsel (post partum-samtale): Den jordmora som har tatt imot barnet ditt, vil så langt det er mogeleg gå gjennom fødselen med deg eller dykk før heimreise. Dersom han/ho har fri, vil ei anna jordmor ta samtalen.
  • Utreisesamtale: Når du skal reise heim, har vi ein samtale med deg, anten kvelden før eller same dag som du reiser. Ved behov undersøker vi sting og livmor.


 

Den første tida etter fødselen kallar vi barseltida. Nybakte foreldre har mange spørsmål om barnet sitt og om seg sjølv. Vi har samla informasjon om vanlege tilstandar hos mor og barn.


Amming etter barnets behov

Fødeavdelinga blei godkjent som mor/barn-vennleg i juni 1996. Det inneber at avdelinga tilfredsstiller fleire krav frå WHO/UNICEF, mellom anna om å fremme amming og tidleg nærkontakt mellom mor og barn.

Råd om amming:

  • La barnet suge når det er vakent og verkar interessert i brystet.
  • Sørg for at barnet suger minst 6-8 ganger i døgnet, og gjerne mykje meir.
  • Pass på at barnet gaper høgt og har mykje av brystet i munnen.
  • Hald barnet tett inntil deg så det ikkje heng og dreg i brystvortene.
  • La barnet suge på det eine brystet til det slepp av seg sjølv, før du tilbyr det andre brystet.
  • La brystet lufttørke godt etter kvar amming.
  • Friske, fullborne barn er utstyrt til å klara seg utan noko form for tillegg.
  • Det er normalt at barnet går ned i vekt dei første dagane. Vi veg barnet att frå andre til tredje dag.
  • Det er ingen grunn til å vege før/etter amming.
  • Bruk ikkje smokk eller flaske før barnet har lært seg god sugeteknikk og mjølkeproduksjonen er stabil og rikeleg.
  • Barnet skil ikkje på natt og dag i starten og det treng morsmjølk jamleg. Nattamming er viktig for å få i gang ein god mjølkeproduksjon raskt.
  • Ammehormona verkar søvndyssande på mor.

Videoen Bryst er best er ein film som tar for seg ein del du treng å vite om amming. Den er laga av Gro Nylander som er fødselslege og medlem av Ammefagrådet og mangeårig ammerettleiar. Videoen kan du få låne hos oss og sjå den på daglegstova.

Alle medisinar går over i mjølka, men lett febernedsettande/smertestillande midlar kan du bruke. Må du bruke nokon form for medisin i den tida du ammar, gjer du legen din merksam på at du ammar.


Auga

Augelokka kan vera litt hovne dei første dagane. Litt ”kliss” kan vaskast bort med fuktig klut eller augebadevatn. Kjem det puss i augo, kan du prøva med morsmjølk. Dersom det ikkje hjelper, bør du kontakte helsestasjon eller lege, då barnet kan trenge behandling med augedråpar (antibiotika).

Bekkenbotn - trening under svangerskap og etter fødsel

30-40 % av gravide kvinner har vanskar med å halde på urin under svangerskapet. Mange av desse har òg problem etter fødselen. Problem med lekkasje kan gjere det vanskeleg å vere fysisk aktiv. Desse plagene kan du unngå om du trenar bekkenbotnen i svangerskapet og etter fødselen. Det er òg lurt å knipe saman i bekkenbotnen når du hostar, nys, ler, løftar, hoppar eller trener magemusklane.

Sjå brosjyre med øvelsar du kan gjere.

Studier syner at kvinner som trener bekkenbotnen 3 gonger i veka kan resultere i redusert risiko for

  • rifter
  • å måtte klyppe i ytre opninga av skjedeveggen
  • å måtte hjelpe barnet ut med tang
  • akutt keisarsnitt
  • underlivsproblem som urinlekkasje, overaktiv blære og nedsynking av livmor i ulik grad.

Det er ein fordel at du lærer deg øvingane før fødselen, slik at det blir lettare å trene musklane etter du har født òg.

Bryst og morsmjølk

Brystspreng: Kan oppstå to til tre dagar etter fødselen og gjer at brysta blir harde, svulmande og ømme. Du kan også få litt feber. Brystspreng er ein normal tilstand som blir betre etter eitt til to døgn. Brysta er ikkje fulle av mjølk, som du føler det, men det er ”nett før”. Fettvatt (ein type feit bomull) kan vere med på å lindra brystsprengen. Spør personalet.

Tilstoppa mjølkegangar: Det kan skje at mjølka ikkje slepp ut av ein eller fleire mjølkegangar. Dette kan kome av at brystet er overfullt eller av at du har frose og blitt kald på brystet. Du kan merke det som harde klumpar- eller at brystet blir raudt og hardt. Du kan også få høg feber. Mjølka må ut av brystet for å betre tilstanden. Det aller beste er om du får barnet til å suge. Få i gang utdrivingsrefleksen ved å massere brystet forsiktig. Poenget er å få sirkulasjon i brystet. Når du merkar at mjølka renn godt og at utdrivingsrefleksen fungerer, skal du massere forsiktig over den harde klumpen og mot brystknoppen. Varme omslag eller ein varm dusj er også bra. Dersom du ikkje sjølv får laus mjølka, må du be om hjelp. Etter heimreisa kan du ringje ammehjelpa eller helsestasjonen. Fødeavdelinga kan også hjelpe deg med gode råd.

Brystbetennelse: Symptoma er harde bryst som også er raude, varme og veldig vonde. I tillegg kan du få feber. No er det viktig at du tømer brysta godt! Som regel går betennelsen over dersom du klarar å tøme brysta godt, bakteriar får ikkje tid til å formeire seg i eit bryst som blir tømt. Dersom du ikkje er betre etter eit døgn, bør du søkje hjelp. Mjølkemengda blir vanlegvis noko redusert i eit betent bryst, men tek seg opp att dersom barnet får suge ofte. Skjer dette, er det som regel ei til to veker etter du er komen heim.

Handmjølking: Hald brystet i den eine handa og stryk gjentekne gonger med den andre nedover til det brune partiet. Gjer det på same måte rundt heile brystet. Masser brystvorta for å stimulere udrivingsrefleksen. Hald så brystet i høgre hand. Plasser tommelfingeren omtrent halvegs oppe på brystet og skyv den nedover med eit fast trykk.  Når tommelfingeren når det brune partiet, trykker du innover og oppover utan å berøre brystvorta. Mjølka kjem då ut i ei stråle. Press ikkje på brystvorta. Då vil du stengje utførselsgangane. Trykk kanten av det brune partiet slik at heile brystvorta blir ståande fram.
 
Oppbevaring av morsmjølk: Fersk morsmjølk er haldbar i kjøleskap i 48 timar. Tint, tidlegare frossen mjølk er haldbar i 24 timar i kjøleskap. I frysaren er mjølka haldbar i 3 månadar. Morsmjølk som skal frysast skal setjast i frysar med ein gong.

Tining av morsmjølk: Det er best å tine morsmjølka sakte. Dersom det er behov for rask tining, kan mjølka haldast under rennande vatn. Tint mjølk bør varmast ein gang og deretter kastast. Ein skal ikkje varma morsmjølk i mikrobølgeovn, då verdifulle stoff i mjølka går tapt. Det er også  stor risiko for brannskade i munnen til barnet pga. ujamn oppvarming. Morsmjølk må varmast forsiktig og aldri over 40 grader.

Gulsott

Gulsott er ein hyppig og vanlegvis ufarleg tilstand hos nyfødde barn. Dei får gulfarge i huda og slimhinna i augo. Gulsott kjem oftast andre eller tredje levedøgn hos friske nyfødde. Den går vanlegvis vekk etter ca. ei veke. Godt og vel halvparten av alle nyfødde får gulsott. Barn som er for tidleg født (premature) får hyppigare gulsott og den vil vare lengre.

I dei fleste tilfeller er gulsoten så mild at ein ikkje treng noko behandling, den går vekk av seg sjølv.

Er barnet svært gult, eller blir det i løpet av første levedøgn, vil det bli  kontrollert med blodprøve - bilirubin (stikk i hælen). Elles blir det sjekka ved å lyse barnet i panna og på brystet med eit apparat – TC. Er den verdien høg, må ein ta blodprøve.

Behandling: Dersom nivået av bilirubin er for høgt, treng barnet behandling. Den enklaste form for behandling er å leggje barnet i kuvøse med lysbehandling. Barnet ligg nakent, og får briller for å skjerme augene for lyset. Lysstrålane som treff huda spaltar og bryt ned bilirubinet, slik at dette lettare blir skilt ut av kroppen. Under lysbehandling kontrollerer vi regelmessig bilirubinen i blodet for å sjå at behandlinga har effekt.

Årsak: Hos dei fleste nyfødde opptrer gulsott på grunn av at leverfunksjonen enno ikkje er tilfredstillande og moden. Dette er spesielt hos dei fortidleg fødde. Funksjonen til levra er å fjerne det gule fargestoffet som gjev gulsott (bilirubin) frå blodet, Dette gule fargestoffet er eit avfallsprodukt frå dei raude blodlekamane som går til grunne. Når raude blodlekamar dør, blir blodfargestoffet, hemoglobin, frigjort frå desse, og dette blir omdanna i levra til bilirubin og fjerna via levra frå blodet. Så lenge leverfunksjonen ikkje fungerar tilfredstillande vil det i dei første levedøgn koma ein opphoping av bilirubin i blodet som gjev gulfarging av hud og augo.

Honning

Gi ikkje honning til barn under eitt år. Honning kan innehalde sporar med bakterien Clostridinum botulinum. Denne bakterien kan vekse i spedbarnets tarmsystem, og startar produksjonen av gifta botuinum. Sporane, som kan finnast i all honning, kan føre til alvorleg sjukdom hos barn under eitt år.

Infeksjon

Barn kan dei næraste dagane eller vekene etter fødselen utvikle infeksjonar som urinvegsinfeksjon, blodforgifting, lungebetennelse etc. Symptoma er oftast diffuse (slapp, spiseproblem, bleik hudfarge, rask og tung pust, dårleg vektauke) og barnet verkar generelt sjukt og medtatt. Det kan bli raskt dårligare, og det er derfor viktig straks å ta kontakt med legen.

Kjønnsorgana

Nyfødde jenter kan ha litt blødning frå skjeden, gjerne saman med litt slim. Det kallar vi ”mini-mens” og det er heilt normalt. Det er det også at pungen hos gutar er hoven grunna ein væskefylt pose (vannbrokk) som ligg rundt testiklane. Denne går vanlegvis spontant tilbake. Brysta kan også være litt hovne, og det kan koma litt væske ut av dei (heksemjølk) både hos gutar og jenter. Det er ei hormonpåverknad frå mor som gjer dette, og det forsvinn av seg sjølv.

Navlen

Navlestumpen fell vanlegvis av mellom 5. og 10. levedøgn. Det kan væske litt og kome litt blod frå navlen. Navlen kan då lukte vondt. Hald navlestumpen tørr, då fukt gir grobotn for bakteriar. Barnet kan bli bada i balje eller kar sjølv om navlestumpen ikkje har falle av. Dersom det oppstår betennelse med raud farge og hevelse av huda rundt navlestumpen, må du kontakte helsestasjon eller lege.

Ryggleie

Barnet ligg på sida her på sjukehuset, men etablerer ryggleie før de reiser heim.

Røyking

Unngå røyking i nærleik av barnet. Dersom du eller nokon i familien må røyke, er det best for barnet om det skjer utandørs. Det er viktig å ikkje røyke ein halv time før og etter amming. Det er ofte vanskeleg å få i gang amminga dersom du røykjer. Ei av årsakene er at du hemmar frigjeringa av det mjølkeproduserande hormonet prolaktin. Ei anna årsak er at barnet ditt er uroleg pga. nikotinabstinens, og det har lite ro på seg til å ta brystet. Barn av ammande mødrer som røyker, får lettare kollik enn barn av ikkje-røykande.

Sømn/natt

Eit nyfødd barn skil ikkje på natt og dag.Fødeavdelinga er ei mor/barn-venleg avdeling, der vi oppfordrar mødrer med friske fullborne barn til å ha dei inne hos seg også om natta. Den vesle nyfødde har behov for å koma inn til den varme kroppen til mora døgnet rundt. Bruk ”kviletida” og rolege periodar til å sove litt i løpet av dagen.

Dersom barnet ditt treng å bli skifta på eller er uroleg, sjølv om det har fått mat, kan du berre ringe på eller kome med det til oss. Er barnet svært uroleg, og du er sliten etter fødselen er vi sjølvsagt behjelpeleg med avlastning.

Temperatur

Ein må unngå at barnet ligg for trongt nedpakka i vogn, bag eller seng. Barnet skal kunne røre seg litt. Innetemperaturen må ikkje vere for høg.

Trivsel

Barnet trivst når vekta aukar, vaknar til måltida og sug ivrig, søv godt og er roleg mellom måltida. Har du mistanke om at det er noko i vegen med barnet, eller om du elles er i tvil om måten barnet reagerar på, kontakt helsestasjonen.

Urin og avføring

Urater (raudbrune flekkar i bleia) er normalt hos nyfødde. Barnets første avføring er grønsvart og blir kalla bek. I takt med at barnet for meir mat, blir avføringa meir gul og grynete.

Vekttap

Er vekttapet større enn 10-15% av fødselsvekta og barnet verkar usedvanleg glupsk ved brystet, eller er dorsk og passivt, kan dette vere symptom på at mora har for lite mjølk eller begynnande sjukdom hos barnet. Ta kontakt med helsestasjon/fastlege for  undersøkning av barnet. Ved stadig sprut-brekningar og vekttap kan barnet ha trong lukkemuskel mellom magesekken og tolvfingertarmen (pylerusstenose), som kan oppstå i andre til tredje leveveke. Ta kontakt med helsesøster/lege.


 


 


 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hovudinngang, Stord sjukehus.


Visittider barselavdeling:

Kviletid, mor og barn: Alle dagar kl. 13.00-15.00. Vi tar ikkje i mot besøk i kviletida.

Alle dagar kl. 16.30-17.30.
Pappavisitt alle dagar kl. 18.00-20.00.

Av omsyn til mor og barn tillet vi fire besøkande om gongen.

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord