Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Før fødselen

Svangerskap

Det er mange ting som skal ordnast i samband med ein fødsel. Sjå oversikta under.

Alle barn som blir fødd i Noreg skal registrerast. Erkjennelse av farskap fylles ut i svangerskaper, hos jordmor/ lege. 

Melding om fødsel skal sendast av sjukehus eller den som er tilstades ved fødselen til folkeregistermyndigheita.

Alle fødselsmeldingar registrerast sentralt. Fødselsnummer tildelast maskinelt ved registreringane på grunnlag av fødselsdato og kjønn. I tillegg registrerast mor, eventuell far, fødestad, statsborgarskap og nokre opplysningar for statistisk bruk

Om mor er registrert busett, blir barnet registrert på same adresse.

Når barnet har fått eit fødselsnummer, sender Skatteetaten ei melding til den/dei som har foreldreansvaret om å velje namn til barnet. I denne meldinga står barnets fødselsnummer. Dersom foreldreansvaret til barnet er felles og melding om namnevalg er sendt inn av mor, må far/medmor godkjenne namnet. Far/medmor får då eiga melding frå Skatteetaten. 

Les meir om navn og fødsel hos skatteetaten.no

Føde- og barseleininga får gjerne spørsmål om farskapstest. Ved behov for ein slik test, må du kontakte fastlege.

 

Elektronisk inn​​skrivi​​ng i fødejournal

Vi på sjukehuset treng litt informasjon om deg for å gjere di fødselsoppleving så god som mogleg.

Difor ber vi om at du snarast mogleg etter veke 18 fyller ut dette skjema. Logg på med Bank-ID:

Skjemautfyller - tjenester.helsenorge.no

Opplysingane frå deg legg seg i din fødejournal, noko som er til stor hjelp når du seinare kjem til undersøking eller for å føde. Har du spørsmål om skjemaet kan du ta kontakt på telefon 52 73 23 90 mellom 8.00 og 15.00. Takk for hjelpa.

Ei hugseliste kva du tar med på sjukehuset

Ved alle kontrollar i svangerskapet og innlegging ved fødeavdeling er det viktig å ta med følgjande:

  • Helsekort for gravide
  • Svarskjema med Blodgruppe og Rhesus
  • Ultralydskjema
  • Eventuelt andre blodprøvesvar du har fått

Rett til innsyn i journal

Du har rett til innsyn i journalen din. Den ser du ved å logge inn på www.helsenorge.no.

Vi ønskjer også å informere deg om at sjukehuset er lovpålagt å sende opplysingar frå fødselen til Medisinsk Fødselsregister (MFR).

Frisk far eller partner kan vere med på kontrollar i samband med svangerskap.

Vi legg til rette for at partner/ledsagar får vere med på fødsel.

Svangerskapspoliklinikken er eit spesialisthelsetilbod for gravide som blir behandla ved sjukehuset i Haugesund. 

Hugs å ta med urinprøve av morgenurin ved konsultasjon.

Ultralyd
  • Tidleg ultralyd for gravide veke 11-13
  • Rutine ultralyd for gravide veke 18-19
  • Alle kvinner i vår region får tilbod om rutineultralyd med terminbestemming. 

Svangerskapspoliklinikken elles er for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet eller som har gått gjennom tidlegare svangerskap med komplikasjonar. Kvinner som har ein eller annan form for medisinsk sjukdom, og som treng ekstra oppfølging under svangerskapet, blir òg tilvist til oss.

Ønskjer du å snakke med jordmor på grunn av tidlegare vanskelege fødselsopplevingar eller fødselsangst, kan du bli tilvist til oss.

Å vere gravid  kan vere ei tid fylt av glede, forventing og spenning. Dette er ein periode der ein førebur seg til fødselen og til å få eit barn i huset. For dei fleste er det ein prosess ein handterar med sin partner, sitt nettverk av nære og kjente, jordmor og lege.

Av og til kan tanken på å føde skape så stor uro og angst hos kvinna at dei normale kontaktane med svangerskapsomsorgen ikkje strekk til. Du kan trenge å fordjupe og forberede deg ekstra mykje før fødsel, arbeide med tidligare negative erfaringar og opplevingar. Det kan då vere godt å få lagt ein plan for å kunne gjennomføre ein normal fødsel eller diskutere fødemåtar med personalet på fødeeininga.

Ved føde- og barseleininga er det jordmødrer som interesserar seg spesielt for kvinner med fødselsangst og som tilbyr samtalar og støtte. Desse jordmødrene har lang erfaring med å ta i mot barn. Dei har òg eit nært samarbeid med gynekolog.

Kva som er årsaka til at fødselen ikkje startar innan dei 42 vekene er ikkje klart. 

Hos nokre kvinner er morkakas funksjon etter 42 vekers svangerskap noko redusert, og dette kan gi barnet mindre gunstige forhold i form av at barnet ikkje legg på seg eller ikkje produserer normalt med fostervatn.

Derfor skal overtidige svangerskap kontrollerast nøye, og vi har derfor faste rutinar, i tråd med nasjonale retningslinjer, for kva måte overtidige svangerskap skal følgjast opp.

Går du over termin ta kontakt med fastlege eller jordmor og bli tilvist til sukehuset. Her får du tilbod om undersøking 4-7 dagar etter termin. Her møter du jordmor og fødselslege.

Etter å ha snakka med dei om korleis du har det og korleis svangerskapet ditt har vore, blir du og barnet undersøkt.

Magen din blir undersøkt for å finne ut korleis barnet ligg, og for å vurdere storleiken på magen/ barnet.

Fosterlyd blir kontrollert og vurdert. Denne gir viktig informasjon om tilstanden til barnet.

Ultralydundersøking blir gjort med tanke på korleis barnet veks og kor mykje fostervatn som blir produsert.

Lege og jordmor må få vite korleis du har det. Dei fleste er trøytte, litt slitne og lei av å vente når termindato er passert med mange dagar. Det er heilt normalt. Dersom det er andre faktorar som verkar inn på din og barnet sin tilstand ut over dette må legen få vite om det.

Legen vil ofte gjere ei gynekologisk undersøking. Livmorhalsen/livmormunnen blir då vurdert med tanke på modning. Denne undersøkinga kan vere avgjerande i vurderinga av om fødselen kan settast i gang og kva for ein metode for igangsetting som er aktuell for deg.

Etter alle undersøkingane vil legen gjere ei total vurdering med tanke på kva som vil vere best for deg og barnet ditt vidare. Du vil få anledning å diskutere dette og stille spørsmål til legen.

Ut frå dei undersøkingar som blir gjennomført kan fleire alternativ bli aktuelle. Om alt ser fint ut med barnet og deg, blir de sendt heim medan de ventar på spontan fødsel. 

Før du reiser heim vil du ha fått ein avtale om kor tid du skal til fødeavdelinga for å setja fødsel i gang om ikkje fødselen startar av seg sjølv.​​

Fødestover

Hos oss finn du fem fødestover. Alle fødestover har eige bad med dusj og toalett. Éi av fødestovene har badekar. Du kan, så langt det er mogeleg, fritt få ønskje den fødestova du vil vere på under fødselen.

Observasjonsstover

Av og til er det svangerskap som ikkje utviklar seg heilt normalt. Det kan vere at fødselen startar før termin eller at blodtrykket stig. Då kan det vere at mor i kortare eller lengre periodar blir innlagt på avdelinga til observasjon.

Barselstover

Vi har tomannsrom og nokre få einerom, samt fire familierom. Dei aller fleste barselromma på avdelinga har eige toalett og dusj.

Dessutan brukar vi eineromma og tomannsromma om desse ikkje er i bruk til dei gravide. Vi har dessverre ingen moglegheit for at den som er med deg kan overnatte her. Denne må oftast ordne med overnatting sjølv, men tilbod finst for spesielle tilfelle.

Familierom

Familieromma er eit barseltilbod til deg som er frisk. Her har du moglegheit til å ha ein med deg heile døgnet. Barnet er saman med deg under heile opphaldet. Du kan godt bruke eigne klede til babyen dersom du ønskjer det, men du har tilgang på babytøy som på barsel. Ledsagar betalar for kost og losji. Vi har fire familierom.

Pris for partner/barnefar som overnattar på familierom er 615,10 kroner per døgn, og inkluderer alle måltider.

Våre familierom har toalett og dusj i gangen, som blir brukt av både barsel og nyfødt intensiv.

Måltider for dei som har født

Vår kantine ligg i tilknyting til barneavdelinga. Her kan ein sitte å spise alle måltid. Ledsagar betalar for overnatting og måltid. Faktura blir tilsendt etter utskriving.

Sjå brosjyra Gode råd til gravide om medisinbruk

Skal du ta tidlig eller rutine ultralyd?

På Svangerskap og gynekologisk poliklinikk har vi svangerskapspoliklinikk kor vi gjer utgreiing, oppfølging og kontroll av alle risikosvangerskap.

Det er også på svangerskapsklinikken gravide kjem for å ta tidleg ultralyd og rutine ultralyd.

Gå til svangerskapspoliklinikken
En person som holder en baby
Sist oppdatert 11.11.2024