Før fødselen
Fødsel
Du kan sjølv førebu deg på fødselen og bidra til ei god fødselsoppleving.
Fødselen er ein normal, fysiologisk prosess. Samstundes er det å føde ei samansett og unik oppleving. Det er eit arbeid - eit krafttak for kroppen.
Ta kontakt med oss når:
- Riene kjem med 5-10 minuttars opphald og aukar i styrke og blir meir smertefulle. Kvar ri bør vare om lag 40-60 sekund. Smertene er oftast lokalisert til mage og/eller rygg.
- Vatnavgang: Har du mistanke om at vatnet har gått skal du ta kontakt med oss, sjølv om du ikkje har rier.
- Bløding: Ein slimete bløding i samband med samantrekking er ein del av den normale fødselen. Ved alle friske blødingar skal du ta kontakt med fødeavdelinga, då vil du få snakke med ei jordmor.
Er du usikker på om fødselen er i gang eller du har spørsmål omkring fødselen, vil jordmor kunne gi deg råd og rettleiing.
Fødselen kan starte på ulike måtar. I dagane før fødselen kan du ha periodar med rier som gir seg igjen, for så å starte på nytt nokre timar seinare.
Slimproppen kan gå i løpet av dei siste vekene i svangerskapet, dette er normalt og er ikkje eit teikn på at fødselen er i gong.
Kor lenge fødselen varer er like individuell som opplevinga av den. Førstegongsfødande brukar som regel lengre tid enn dei som har født før.
Fosteret ligg i ein pose med om lag 1,5 liter vatn. Fostret drikk og tissar fostervatn og det blir laga nytt heile tida. Normal farge er blankt eller rosa. Det kan også vere gult eller grønt - såkalla misfarga fostervatn. Det betyr at fostret har hatt avføring.
Fostervatnet kan gå spontant: Det kan vere slik at det renner mykje eller så kan det komme litt slik at det opplevast som at det blir vått i trusa.
Vi ønskjer at du ringer oss på fødeavdelinga viss du trur vatnet har gått. Jordmor vil då leggje ein plan for ein eventuell igangsetjing eller kontroll. Ved påvist GBS-smitte kjem du direkte inn
Om du ikkje får rier, kjem du tilbake for igangsetting av fødselen om lag 18-36 timar etter fostervatnavgang.
Uansett kva grunn til at fødsel vert satt i gang, eller kva metode som blir brukt, er det ikkje garantert at fødselen kjem i gang på dagen for behandling.
Ofte må fleire igangsettingsmetodar, og kanskje fleire dagar, brukast for å oppnå modning av livmorhalsen og gjere kvinna og fosteret klar for fødsel.
Kva for ein metode som blir nytta for å setje i gang fødselen avgjer legen ut frå dei undersøkingar som blir gjort. Kor moden livmorhalsen er blir ein avgjerande faktor når metoden for igangsetting skal bestemmast.
Når fødselen har kome i gang vil den gå som ein fødsel som kjem i gang av seg sjølv. Både kvinna og barnet blir følgt opp av jordmor og lege.
Det er ulike årsaker til at ei kvinne blir forløyst med keisarsnitt. For eksempel kan keisarsnitt bli gjort av omsyn til barnet eller mora si helse. Når keisarsnitt blir planlagt vil kvinna bli forløyst før termin, satt ved ultralyd. Det kan også oppstå situasjonar i løpet av eit svangerskap eller under ein fødsel der det blir nødvendig å gjere keisarsnitt umiddelbart, av og til innan få minutt.
Ved Haugesund sjukehus blir om lag 10 % av dei gravide forløyst ved hjelp av keisarsnitt. Avgjersla om keisarsnitt skal vere medisinsk grunna, og må gjerast av lege. Du har ingen lovmessig rett til å bli forløyst med keisarsnitt, med dersom du har behov for det vil du kunne få ein samtale med lege for å få informasjon og moglegheit å diskutere alternative forløysingsmetodar.
Erfaringar og holdningar i forhold til smerte (og syn på smerte i vår kultur) har betyding for korleis du taklar fødselssmerta. Smerta er individuell og vi har ulik tolegrense.
Det er viktig å førebu seg til fødselen, og svangerskapskurs kan gi nyttig informasjon. Kunnskap gir tryggleik, noko som påverkar tolegrensa vår. Ulike måtar finnast for å førebu seg på, både fysisk og psykisk, til fødselen, som avspenningsteknikkar, avslapping til musikk, pusteteknikkar eller yogaøvingar. Mykje av dette kan ein sjølv øve på heime. Snakk gjerne med jordmor om råd og tips.
Kroppen produserer sjølv fleire ulike smertelindrande stoff som liknar morfin, blant anna endorfinar. Under fødselen er endorfinfrisetjinga størst når barnet blir fødd.
Far/medmor eller den du ønskjer å ha med deg under fødsel er ein viktig støttespelar. Fødselen er ei nær og intim oppleving, og vi anbefaler derfor at du ikkje har med deg mange personar inn i fødestova.
Det er ein hjelp for deg dersom du under graviditeten øver deg på å trekkje pusten djupt og kjenne at det er ved utpusting kroppen er avspent. Dette er til god hjelp under rier.
Det er viktig å finne balanse mellom bevegelse og kvile. Når du arbeider saman med kroppen, klarer du betre å lytte til kroppens signal. Ved oppreist stilling blir det eit betre pustemønster og barnet vil trivast betre. Riene blir meir effektive og arbeider mot mindre motstand.
Mange kvinner synast dusj/bad har ein avspennande og smertelindrande effekt. Ein føler seg mindre stressa, og redsel og uro kan minske, som vidare bidrar til ei mental og fysisk ro. Endorfinnivået vil også auke fordi ein føler seg vel i varmt vatn.
Kan nyttast av alle med normalt svangerskap og som er i normal fødsel utan komplikasjonar. Kvinner med fostervatnavgang med normal farge, kan vere i badekaret. Nokre jordmødrer har også kompetanse til å forløyse i vatn. Jordmor avgjør om du kan føde i badekar.
Varmeflasker og varme klutar kan brukast på rygg og/eller mage, eller andre stader der riene er smertefulle – for eksempel hofte og lår.
Kvinner sitt syn på massasje er ulikt. Kva område av kroppen ein ønskjer å få massert og kva trykk ein ønskjer ved massasjen, varierer. Det kan masserast utanpå kleda eller på bar hud. Ved bruk av massasjeolje bør olja varmast i hendene før den blir påført huda.
Når hendene først er i kontakt med kroppen, bør ein forsøke å ha kontakt gjennom heile ria, slik at massasjen blir heilskapeleg og kontinuerleg. Massasjen bør utførast forsiktig, men samtidig rytmisk og fast. Kvinna blir informert fortløpande.
Kvinna blir massert over korsryggen. Massasjen er sakte, rytmisk og sirkulær, og effektiv ved intense ryggsmerter.
Akupunktur nyttast også som smertelindring. Akupunkturnåler blir sett inn på ulike stader for å lindre smerta i de ulike fasane i fødselen. Ein viktig effekt synast å vere god avslapping, noko som igjen reduserer behovet for anna smertelindring.
For gjennomføre akupunktur er vi avhengig av at det er ei jordmor på vakt som har utdanning i bruk av akupunktur.
Sterilt vatn (0,1-0,3 ml per punkt) blir sett rett under huda på smertefulle stader på rygg og nedst på magen. Kan repeterast og brukast saman med annan type smertelindring.
Inhalasjon av opp til 50 % lystgass (N2O) kan nyttast i samband med ri, ved sying og forløysing av morkaka. Ein pustar inn og ut i same slange slik at ikkje lystgass kjem ut i rommet. Ein nytter ikkje lystgass når ein er i trykkefasen.
Epidural blir brukt ved uttalt smertereaksjon, ofte kombinert med langvarig fødsel/sein framgang og sliten fødekvinne. Det tek ei stund både å førebu deg og sjølve innlegginga. Deretter tek det om lag 20 minuttar før du kjenner tilfredsstillande effekt.
Pudendal (lokalbedøving i skjeden) er eit smertelindringsalternativ i fødselens utdrivingsfase, og har også god effekt som bedøving ved sying. Bedøvinga har verknad på heile mellomkjøttet.
Pudendal kan også setjast der det er «tidleg trykketrang», det vil seie før mormunnen er 10 cm og hovudet ikkje er heilt nede på bekkenbotnen. Dette for å dempe trykkjetrongen.
Føde-barseleininga har vore godkjend som mor/barn-vennleg sidan april 2006. Det betyr at avdelinga tilfredstiller krava til Verdens helseorganisasjon (WHO) og FN-organisasjonen UNICEF.
Initiativ for å fremme amming og tidleg nærkontakt mellom mor og barn er dei viktigaste elementa.
Ved barseleininga jobbar det jordmødrer og barnepleiarar. Vi er tilgjengelig heile døgnet. På kvar vakt vil det alltid være ein fast pleiar som har ansvar for deg og barnet ditt. Vedkommande vil ta kontakt med deg etter kvart vaktskifte.
Vi håper at opphaldet kan bidra til at du reiser heim med den nyfødde så godt forberedt og trygg som mogleg. Vi ønskjer deg, den nyfødde og din familie eit trivelig opphald hos oss.