Avdeling for Eldremedisin
Eldremedisinsk poliklinikk
Vi tar imot deg som er tilvist for ei vurdering på Eldremedisinsk poliklinikk. Er du usikker på kvifor du er tilvist til oss, ta kontakt med din fastlege for meir informasjon.
Du vil bli tatt imot av spesialsjukepleiar/vernepleiar som blant anna vil kartlegge din nåverande helsetilstand. I denne kartlegginga vil du også gå gjennom nokre kognitive testar som blant anna har fokus på hukommelse, konsentrasjon, orientering og humør.
Før du kjem til timen
Det er viktig at du tar med deg ein av dine pårørande som kjenner deg godt, da dei også vil bli stilt ein del spørsmål om din nåverande helsetilstand.
Konsultasjonen med sjukepleiar/vernepleiar varer i inntil to timar. Resultata frå kartlegginga blir vurdert av ein av spesialistane våre.
Det er ønskjeleg at du som brukar hjelpemiddel som briller og/eller høyreapparat, tar med dette til timen. Ta også med deg ei oppdatert medisinliste.
Etter timen hos oss
Etter konsultasjonen med sjukepleiar/vernepleiar, skal du ha legetime med spesialist. Spesialisten vil da gå gjennom resultata av kartlegginga saman med deg. Legetimen blir ikke nødvendigvis same dag som kartlegginga.
Utvida utgreiing
I nokre tilfelle vil spesialisten vår vurdere om det kan vere behov for ei utvida utgreiing. Nokre av våre utvida undersøkingar kan for eksempel vere:
- Utvida nevropsykologisk kartlegging
- Utvida førerkortvurdering
- MR av hodet (MR-caput) - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
- Spinalpunksjon - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
- DaTSCAN - nukleærmedisinsk undersøkelse av hjernen - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
- PET - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
Har du, eller har du hatt infeksjon?
Dersom du har ein pågående, eller nyleg har hatt infeksjon (covid, influensa, lungebetennelse, urinveisinfeksjon osv), må det gå minst 3 månader etter avslutta behandling før du kan komme til utgreiing i poliklinikken vår.
Du må derfor ta kontakt med oss, slik at vi får avlyst timen. Vi vil da sette opp ny time til deg.
Innkallingsbrev
Vi sender alltid innkallingsbrev til timer per post, men innkallingsbrevet er også tilgjengeleg digitalt på helsenorge.no.
Registrering i nasjonalt pasientregister
Alle pasientar som kommer til konsultasjon i poliklinikken, blir innlemma i eit elektronisk nasjonalt pasientregister, NorKog.
Du kan reservere deg dersom du ikkje ønskjer å bli inkludert i registeret. Nokre av våre pasientar vil også bli invitert til å delta i forskingsstudie. Du kan lese meir om disse her: Eldremedisinsk forskingsgruppe - Helse Fonna HF