Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasient og sjukepleiar som går i gangen. (Foto)

Eldremedisin

Vi behandlar personar frå fylte 65 år med samansatte problemstillingar. Vi held til på Haugesund sjukehus og har eit poliklinisk tilbod på Odda sjukehus.

På avdelinga har vi:

  • Eldremedisinsk poliklinikk. Denne består av alderspsykiatrisk poliklinikk og geriatrisk poliklinikk.
  • Eldremedisinsk sengepost geriatri med akuttgeriatri
  • Eldremedisinsk sengepost alderspsykiatri
  • Medisinsk observasjonspost

Avdelinga har to terapihundar, ein erfaren og ein under opplæring.

 

I avdeling for Eldremedisin jobbar vi med behandling og utgreiing i team, der vi har samla personar med ulik fagkompetanse. Vi jobbar for at våre pasientar skal treffe dei same behandlarane kvar gong dei er i møte med oss, så langt det er mogleg.

Vi har tett samarbeid med radiologisk avdeling, medisinsk undersøking, gastrolab, nyrepoliklinikken, fysio- og ergoterapeutar, ernæringsfysiolog, sosionom, prest, kjøkkenet, laboratoriet, og 1.linjetenesta som er kommunane i Helse Fonna-området.

I 2021 blei avdeling for Eldremedisin oppretta etter at dei to fagområda geriatri og alderspsykiatri blei slått saman. Dei to fagfelta jobbar nå tverrfagleg i både sengepostane og i poliklinikken. Sengepostane er foreløpig fysisk skilde, mens poliklinikkane er samlokalisert.  

Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer for demens er styrande for avdelinga si verksemd, sjå Demens - Helsedirektoratet

Kontakt

Telefon

Døgnopent sentralbord

52 73 20 00

Dagopent kontaktsenter for poliklinikk

52 73 90 00
  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi er lokalisert i 1. etasje på Haugesund Sjukehus. Bruk hovudinngangen. Registrer deg i innsjekkingsmaskinen i foajeen. Ventesonen er 1G. Spør dei frivillige i røde vestar, eller spør i resepsjonen dersom du treng hjelp.  

Eldremedisinsk poliklinikk
Telefon: 52 73 27 35
Opningstider: måndag-fredag, kl. 08.00 - 15.00

Eldremedisin sengepost geriatri
Telefon: 52 73 28 19

Eldremedisin sengepost alderspsykiatri
Telefon: 52 73 27 30

Medisinsk observasjonspost
Telefon: 41 86 35 42

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

      Sjølvbetjent innsjekk og betaling

      1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

      Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

      Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

      Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

      Les meir om sjølvbetjent innsjekk og betaling
      Et skjermbilde av en telefon