Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et rom fullt av medisinsk utstyr

Dialyse

På sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord tilbyr vi hemodialyse (bloddialyse) til pasientar med akutt og kronisk nyresvikt. I Haugesund utfører vi også PD (posedialyse), plasmaferesebehandling og LDL-aferesebehandling.

Nyra har fleire oppgåver i kroppen som å skilja ut avfallsstoff og overskotsvæske, regulera blodtrykket og så danna eit hormon som stimulerer beinmergen til å lage raude blodlekamar. Når nyra sviktar er hemodialyse ei behandlingsform som blir brukt for å erstatta tapt nyrefunksjon.

Hemodialyse

Hemodialyse er ei behandling som reinsar blodet og der overskotsvæske kan fjernast via eit dialysefilter og ei dialysemaskin. Kroppen produserer kontinuerleg avfallsstoff, og behandlinga med hemodialyse må gjerast regelmessig. Dei fleste treng hemodialyse 4–5 timar per behandling, 3 gonger i veka.

Nesten alle pasientar i hemodialyse har redusert urinproduksjon som følgje av redusert nyrefunksjon. Det gjer at væskeinntaket må avgrensast for å unngå at væske blir hopa opp i kroppen. Det kan medføra tungpust og hevelsar. Tommelfingerregel er at du kan drikka 800 ml pluss det som er produsert av urin dagen før.

Eksempel: Har du produsert 1000 ml urin dagen før, kan du drikka 1800 ml væska. Viss du ikkje har produsert urin, kan du drikke 800 ml. Ver obs på at det er mykje væske i mat som sausar, graut og suppe.

Metode

For å gjennomføra dialyse treng du tilgang til blodårene. Føretrekt metode er ein AV-fistel. AV-fistel er ei kopling mellom ein vene og ei pulsåre i armen. Fistelen blir operert inn av ein karkirurg. Fistelen er moden for bruk etter 6–12 veker.

Dialysekateter er ein alternativ tilgang til blodårene. Kateteret er ein silikonslange med tilkoplingar som blir lagde inn i ei stor blodåre på brystet. Når kateteret ikkje er i bruk, blir det pakka inn med bandasje og plastar. Viss dialysebehovet er akutt, blir eit kateter brukt som blir lagt i ei blodåre på halsen eller i lysken. Dette kan brukast ei avgrensa tid. Når man har dialysekateter, kan ein ikkje bade i basseng eller i sjøen.

  • Før og etter kvar behandling må du vega deg. Vekta blir brukt til å anslå kor mykje overskotsvæske du har i kroppen.
  • Sjukepleiarar passar på deg og har ansvaret for deg under kvar behandling. Sei frå til sjukepleiarane viss du kjenner deg uvel eller har spørsmål.
  • Du vil få eit brødmåltid under behandlinga.
  • Det er viktig å ha god personleg hygiene. Unngå bruk av sterke parfymar.
  • Når du startar i dialyse blir du testa for hepatitt, HIV og tuberkulose. Du vil bli vaksinert mot hepatitt B, viss det ikkje allereie er gjort.
  • Ha mobiltelefon på lydlaus. Ikkje ta lange private telefonsamtalar under behandlinga. Dette er av omsyn til andre pasientar.

Dialyse Haugesund

Vi har 17 dialyseplassar. Du får faste oppmøtedagar, men ikkje fast sitjeplass. Medisinske og driftsmessige forhold kan føre til byte av behandlingstidspunkt.

Dialyse Stord

Vi har seks behandlingsplassar og rundt 1500 behandlingar årleg.

Dialyse Odda

På dialyseavdelingen i Odda kjem det nyrelege kvar 14. dag.

Dialyse Haugesund

Vi har faste tidspunkt for gjennomføring av dialysebehandlingar:

  • Måndag-fredag kl. 07.30-21.00
  • Laurdag kl. 07:30-15:00
  • Søndag: kl. 13.30-21.00

Før du kjem til oss for dialysebehandling får du tildelt eit eige tidspunkt for behandling.

Det er daglege legevisittar på dialysen. Her blir det berre diskuterte saker knytte til dialyse og dialysebehandling. Blodprøver blir tatt regelmessig for å evaluera behandlinga.

Ved akutt sjukdom eller ved spørsmål om andre tilstandar som ikkje er knytt til nyresjukdommen din og behandling, kontaktar du legevakt eller fastlege.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten, eller pårørande og vener det blir teke bilde av.

Det er ikkje lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilde av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.

Reiser du til eller frå offentleg godkjend behandling, kan du ha rett på å få dekt nødvendige utgifter til reise. Pasientreiser koordinerer transport av pasientar til og frå behandling ved sjukehuset.

Viss du har spørsmål, ta kontakt med oss på telefon 05515. Det finst også nyttig informasjon på Pasientreiser - Helsenorge.

Kantine på Haugesund sjukehus

​Kantina i 6. etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider er måndag til fredag kl. 09.30-15.30. Kantina er stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4. og 5.etasje er berre open for inneliggande pasientar (ikkje dagpasientar).

Kantine på Odda sjukehus

Kantina ligg i underetasjen (U1) og er open mandag til fredag k.10.00 – 12.30.  

Kantine på Stord sjukehus

​Publikumskantine finn du i underetasjen. Den er open måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Kantina er stengt i helger og på heilagdagar.

Planlegg du å reise til utlandet? Sjå Dialyse i utlandet - Helsenorge

Viss du ynskjer gjestedialyse hos oss, ta kontakt med avdelinga.

Har du AV-fistel?

Her finn du råd og tips som kan hjelpe deg å ta vare på den.

Informasjon om AV-fistel
En person som holder dialyseutstyr

Transport og parkering

Vi anbefaler bruk av offentleg transport til og frå behandling, viss mogleg. Dei som treng taxi av helsemessige grunnar, får dekka dette.

Når det gjeld parkering på Stord Sjukehus så blir bilnummeret til pasienten registrert i systemet og dei slepp å betale. Dette gjeld ikkje besøkjande, dei må betale for parkering.

Prisen for døgnparkering er 175 kr/døgn.

Les meir om parkering

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet. Parkering er gratis.
 
Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.
 
Du kan også parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret.
 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Les meir om parkering

Kontakt

Telefon

Haugesund sjukehus

52732570 / 52732571

Odda sjukehus

53651009 / 53651008

Stord sjukehus

53491098

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Dialyse Haugesund

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen.

Dialyse Stord

Du finn oss i 2. etasje på Stord sjukehus. Ta heisen og følg skilting. 

Dialyse Odda

Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Opningstider Haugesund

  • I dag 07:30 - 21:00
  • Måndag 07:30 - 21:00
  • Tysdag 07:30 - 15:00
  • Onsdag 07:30 - 21:00
  • Torsdag 07:30 - 15:00
  • Fredag 07:30 - 21:00
  • Laurdag 07:30 - 15:00
  • Søndag 13:30 - 21:00

Opningstider Stord

  • I dag 07:00 - 21:00
  • Måndag 07:00 - 21:00
  • Tysdag STENGT
  • Onsdag 07:00 - 21:00
  • Torsdag STENGT
  • Fredag 07:00 - 21:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Opningstider Odda

  • I dag 07:45 - 15:00
  • Måndag 07:45 - 15:00
  • Tysdag STENGT
  • Onsdag 07:45 - 15:00
  • Torsdag STENGT
  • Fredag 07:45 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Praktisk informasjon

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

      Avdelingar