BUP vaktteneste
BUP Haugesund er utpeika til å gi akutt psykiatrisk helsehjelp for barn og unge i Helse Fonna sitt opptaksområde. Vakttenesta til BUP gjeld primært fastlegar og anna personell i primærhelsetenesta som tar kontakt med spesialisthelsetenesta i forbindelse med akuttpsykiatrisk hjelp.
BUP Vakt skal:
- vere ein sentral del av akuttbehandlingskjeda
- sikre spesialisthelseteneste til barn og unge i akutte psykiske krisesituasjonar gjennom å vere rask og godt tilgjengeleg for primærhelsetenesta.
I akutte situasjonar
I augeblikkeleg-hjelp situasjonar kor pasienten har behov for umiddelbar behandling, har ikkje pasienten rett til å velgje sjukehus.
Kven kan tilvise?
- Fastlege/legevakt: Kan ta telefonisk kontakt for drøfting og rådgjeving.
- Om det blir aktuelt med klinisk vurdering eller innlegging må det føreligge skrifteig tilvising. Hos pasientar under 16 år må det føreligge samtykke frå foreldra eller Barnevernet.
- Barnevernsteneste
- AMK og internt i Helse Fonna
Organisering
- BUP Vakt vil vere tilgjengeleg for tilvisarar i heile Helse Fonna sitt opptaksområde.
- BUP Vakt er todelt og består av forvakt med lege i spesialisering og overlege/konstituert overlege som bakvakt.
- Vaktsystemet er tilgjengeleg 24 timar i døgnet.
Kven gjeld vakttenesta til BUP for?
BUP Vakt skal vere eit tilbod for barn og unge som er i ein akutt psykisk krisesituasjon der barnet, ungdommen, familien eller nettverket sine vanlege meistringsstrategiar ikkje strekker til, og som oppheld seg i opptaksområdet.
Dette kan vere barn og unge med for eksempel: Førstegangspsykose, psykotiske tilbakefall eller forverring, barn og unge i akutt suicidal krise, barn og unge i rusrelaterte psykiske kriser med meir.
LEON prinsippet skal gjelde. Behandling skal skje på lavast mogleg omsorgsnivå. BUP Vakt blir såleis ikkje ei erstatning av dei gode kommunale tenestetilboda, men skal vere eit supplement ved behov for rask tilgjengeleg spesialisthelseteneste i akutt krise.
Alternative behandlingsløp vil ha høg prioritet før eventuell innlegging i avdeling ved Barnepsykiatrisk post (BPP) eller Ungdomspsykiatrisk post (UPP).
BUP vaktteneste og ansvarsforhold
BUP Vakt vil ha fire funksjonar:
- Konsultativ teneste per telefon. Tilvisande lege i kommunehelsetenesta eller barnevernsleiar har ansvaret for pasienten også under den konsultative bistanden, og er den som bestemmer kva ho eller han vil gjere med rådet spesialisthelsetenesta kommer med.
- Poliklinisk vurdering. Pasienten kommer da til mottakseininga ved BUP Haugesund for ein enkeltvurdering av forvakt, eventuelt bakvakt. Om pasientkontakten blir avslutta etter enkeltvurderinga, vil pasienten vere tilvisande instans sitt ansvar. Ved behov for ytterlegare oppfølging utanom «øyeblikkeleg hjelp», blir pasienten internt tilvist til poliklinisk oppfølging.
- Tilsyn ved Barneklinikken eller Haugesund sjukehus. Vakthavande ved Barneklinikken, Haugesund sjukehus, kan be om konsultativ bistand eller tilsyn ved uklar suicidalitet eller psykose.
- Innlegging. Hovudmålet ved akutte situasjonar/tilvisingar er å få vurdert barnet eller ungdommen sitt behov for stabilisering og behandling. Helsetilstand og samtykkekompetanse avgjer om det vil bli frivillig eller innlegging med tvang