Wisc-test
Wisc-testen er eit av fleire verktøy vi brukar på BUP. Denne brukar vi for å undersøke om barnet har lærevanskar og kva som kan vere årsaka til det.
I avdelinga møter du ulike fagfolk: legar, psykologar, sosionomer, pedagoger, psykiatriske sjukepleiarar, barnevernspedagogar og vernepleiarar som samarbeider i tverrfaglige team.
Faggruppene har ulike verktøy for utgreiing og behandling av barn/unge og familier.
Ofte blir utgreiing og behandling lagt opp nokså bredt ved at fleire fagfolk bruker ulike metoder samtidig, fordi barna/ungdommane sine vansker oftest er sammensatte.
Ei utgreiing tek alltid utgangspunkt i historia til barnet og familien (anamnesen).
Vi ser på kva barnet/ungdommen har meistra og kva som har vore vanskeleg er vesentleg. Fokus kan vere på barnet/ungdommen si eiga historie og/eller på historia til familien.
Foreldra er våre viktigaste samarbeidspartnarar. Vi tek alltid utgangspunkt i det dei lurer på og ønskjer at vi arbeider med. Det blir laga ein plan for vidare utgreiing.
Planen er skreddarsydd for det individuelle barnet eller ungdommen, og kan bestå av ulike undersøkingar:
Observasjon på leikerom er ei vanleg undersøking av barn opp til ca. 10 ar. Barnets leik kan gi fagfolka ein inngang til å forstå både kva barnet meistrar, kva det strevar med og korleis det tek omsyn til andre menneske (kontaktevne). Det er ein fordel å få kontakt via samtale med større barn og ungdom.
Observasjon av barna/ungdommen heime, på skulen, i SFO, eller i barnehagen kan gi verdifulle bidrag til utgreiinga. Observasjon av barnet/ungdommen og familien i dagleg verksemd kan· også gjerast ved innlegging på sengepost.
Kroppsleg undersøking blir gjort av lege, ofte med spesiell fokus på nervesystemet der ein undersøker refleksar, ulike rørsler og koordinasjonsevne. Ofte er det også aktuelt å gjøre andre undersøkingar som blodprøver, EEG, røntgen og magnetisk undersøking av hjernen (MR).
Testane som blir utført har som oftast til hensikt å kartleggje ressursane til barnet eller ungdommen. Dette kan vere generelle evner, språkforståing og kompetanse, emosjonelle fenomen, og dessutan kontaktevne.
Wisc-testen er eit av fleire verktøy vi brukar på BUP. Denne brukar vi for å undersøke om barnet har lærevanskar og kva som kan vere årsaka til det.
Pedagogisk utgreiing skal vurdera samanhengen mellom lærekapasiteten til barnet/ungdommen og skuletilpassing, og dessutan kjenslene som barnet/ungdommen har opp mot meistring, prestasjon og vaksenautoritet.
Vi brukar ei rekke standardiserte spørjeskjema og intervjumetoder. Nokre av desse blir brukt til utgreiing av spesielle tilstander, mens andre er meir generelle.
Etter utgreiinga setter terapeutane saman resultata frå dei forskjellige undersøkingane, og gir barnet ein diagnose dersom han/ho har ei psykisk liding. I diagnostikken vil ein også ta med om barnet har:
Ut frå dette vii fagfolka foreslå behandling og tiltak.
Val av behandling blir bestemt av ein rekke ulike faktorar.
Type tilstand og faglege vurderingar av kva behandling som er mest effektiv for tilstanden. Vi vurderer moglegheita barnet og familien har til å ta imot type behandling, og tilgjengelege ressursar og moglegheiter i hjelpeapparatet.
Behandlinga av kvart enkelt barn/ungdom/familie består ofte av ein kombinasjon av fleire ulike metodar. Mange erfarer at utgreiinga kan ha ein positiv effekt i seg sjølv: gjennom a fortelja sin eigen og familien sin historie til ein terapeut kan ein ofte også sjølv få ein betre forståing av det som skjer. Dermed far ein også eit grunnlag for endring.
Her tek ein i bruk foreldra si eiga evne til å hjelpe barnet i det daglege. Ofte vil fokus vere på situasjonar der samspelet i familien er vanskeleg, til eksempel leggjesituasjonen, grensesetting. Terapeuten arbeider saman med foreldra for å finne eigna måtar å ta omsyn til barnet. Foreldrerettleiing blir i nokre tilfelle gitt i gruppe.
Psykoterapi for barn og ungdom vil bety behandling gjennom leik og samtale. Saman med terapeuten får barnet moglegheit til å omarbeida vonde opplevingar, følelsar eller erfaringar som dei repeterer på ein lite tenleg måte. Barnet kan i terapien erfare nye måtar å forstå fastlåste framsyningar, eller nye måtar å møte andre.
Pedagogisk terapi blir brukt for a behandla lærevanskar som kjem av underliggjande kjenslemessige problem. Her blir forsiktig tilpassa undervisning kombinert med samtale, leik, spel og estetiske uttrykksformer.
Familieterapi byggjer på ideen om at samspel mellom menneske bidreg til dei vanskane som folk opplever, men òg at mange vanske kan løysast, nettopp i dette samspelet. Her går heile familien til samtalar saman. Familiebehandling kan bidra til å skape ny forståing av samanhengar og hjelpe familien til meir hensiktsmessige måtar å møte utfordringane i kvardagen.
Slik terapi kan skje heime i barnet sitt eige miljø eller ved at barnet blir innlagt på ein av sengepostane. Å vere i eit tilrettelagt miljø på ein sengepost for ein kortare eller lengre periode, kan vere nyttig for nokre barn. I poliklinisk arbeid samarbeider ein med foreldra om å leggje til rette barnet sitt heimemiljø. Sentrale faktorar i miljøterapi er struktur og arbeid med barnet sitt forhold til dei næraste.
Tilrettelegging i barnehage/skule er ofte nødvendig når barn strevar med åtferdsvanskar, kjenslemessige vanskar eller når læring eller evne til sosial samhandling med jamaldrande er vanskeleg. Slik tilrettelegging skjer i samarbeid med personalet, ofte òg med PPT.
Bruk av medisinar er aktuelt i forhold til ein del barnepsykiatriske tilstandar. Særleg vil medikamentell behandling vere aktuell ved ADHD, depresjonar, psykose, tvangstilstandar og Tourettes syndrom.