Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akutte og elektive tilvisingar til BUP

BUP Helse Fonna tar imot akutte og elektive tilvisingar frå leger og psykolog, og elektive tilvisingar frå barnevernsleiar. Vi gir augeblikkeleg hjelp når det er nødvendig.

Tilstander hvor situasjonen er kritisk for dagleg funksjon og utvikling blir prioritert opp mot ventetid.

Tilvisingsskjema for BUP

Vi bruker felles tilvisingsskjema, likt for alle BUP i Noreg. Skjemaet er utvikla av Norsk foreining for barn og unges psykiske helse (N-bup) etter oppdrag frå Helsedirektoratet, og dekker den obligatoriske rapporteringa til Norsk Pasientregister (NPR).

Tilvisingsskjema for BUP

Hovudregel for tilvising

Som hovudregel er det fastlegen som tilviser til BUP. Leiar for barnevernet i kommunen kan også tilvise, men det må alltid vurderast om barnet eller ungdommen også bør innom fastlegen for å få ein medisinsk vurdering av problema sine.

Nasjonale pasientforløp for psykiske lidingar, barn og unge, skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan at du må vente unødig. Vi legg til rette for at du skal få vere med og bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs.

Les meir om Nasjonalt pasientforløp:

Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet

Kva skal tilvisinga innehalde

Når det gjeld barn og unge, er det viktig at alle tilvisingar til oss har med opplysingar frå foreldre, skole/barnehage, helsestasjon/skolehelseteneste, PPT og evt. barneverntenesta.

Tilvisinga må gi eit godt bilde av barnet sine symptom, utvikling, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø, og dei hjelpetiltaka som er prøvd.

Ein del undersøkingar kan med fordel bli gjort før ein tilvisar til oss.

Vi ønskjer å ha eit samarbeid med dei som har tilvist under utregreiinga og behandling.

Tilvisinga bør innehalde:

  • Utfylt BUP-skjema – last ned skjema (kjem)
  • Symptom / problematisk åtferd (heime, på skulen, blant venner): type, varigheit, funksjonstap, største problem nå
  • Relevante psykososiale eksempel
  • Tidlegare sjukdommar
  • Kva er gjort av undersøkingar / utgreiingar?
  • Kva tiltak / behandling har vorte prøvd?
  • Søvn / appetitt
  • Medikament / rusmidlar
  • Somatisk vurdering (inkludert syn / høyrsel)
  • Eventuelle labprøver: thyroidea, ferritin, vitamin B12, EEG
  • Eventuelle tilleggsrapportar frå skule, barnehage, PPT

Viktige omsyn ved tilvising

  • Er det vurdert om somatisk tilstand kan vere årsak til symptoma?
  • Din vurdering av hjelpebehov / alvorsgrad
  • Det må kryssast av for samtykke frå begge føresette med foreldreansvar (unntak må grunngjevast), eller frå ungdom over 16 år.

NB! Manglande samtykke og / eller manglande BUP-skjema gjer riktig vurdering av tilvisingar vanskelegare. Tilvisinga må gje eit godt bilde av barnet eller ungdommen sine symptom, utvikling, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø, samt beskriving av dei hjelpetiltak som er prøvd.

Samtykke

Tilvising av barn/ungdom 0-16 år skal skje i samråd med føresette.

Ungdom som er fylt 16 år, kan utan samtykke frå sine foreldre kontakte fastlege for tilvising til BUP.

Vurderingsgaranti

Vi vil vurdere om det er nødvendig med helsehjelp innan 10 verkedagar etter at tilvising er mottatt. Vi sender ut informasjon i brev om når behandlinga forventast å bli gitt.

Rett til nødvendig helsehjelp

Barn og unge har rett til nødvendig helsehjelp ved tilstandar som kan redusere livslengde, gi betydeleg nedsett livskvalitet, og om nytta av hjelpa står i eit rimeleg forhold til kostnadene.

Barn og unge, som ikkje har "rett til nødvendig helsehjelp" etter lova sine kriterium, kan også ha behov for eit tilbod hos oss, men dei får då ikkje rett til å få dette tilbodet innan ein viss tidsfrist, og får noko lenger ventetid.

Sist oppdatert 22.01.2025