Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ungdom

12-16

Kva er BUP?

Ein BUP er ein poliklinikk. Det er eit slags kontor der barn og ungdom under 18 år får hjelp med psykiske vanskar. 

Vi på BUP jobbar også saman med andre, som skule og helsesøster. Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpe deg så godt vi kan.  

På BUP blir du ikkje innlagt, men kjem til avtalt tid og drar heim igjen etterpå. Men nokre treng tettare oppfølging. Då kan dei bli innlagt på ein sjukehuspost. 

Desse er annleis enn ein vanleg sjukehuspost. Her får alle får sitt eige rom.

Du er sama med andre og kan prate med dei. Det er alltid nokon på jobb som passar på.

Kva er ei utgreiing?

Ei utgreiing er ein prosess der vi prøver å finne ut korleis du har det. Kva som kan vere grunnen til at du kanskje føler deg trist, engsteleg, sint eller har andre vanskar. 

Først vil du treffe ein psykolog, lege eller spesialpedagog. Dei vil stille deg spørsmål om korleis du har det, kva som skjer i kvardagen din og korleis du føler deg både på skulen og heime.  

Du kan få snakke om kva som er vanskeleg for deg, og dei vil også prøve å forstå korleis du har det med vener, familien og i andre situasjonar. 

Av og til kan dei be deg gjere nokre testar. Det kan vere som små spel eller oppgåver for å finne ut korleis hjernen din tenkjer og fungerer.  

Også vaksne som kjenner deg godt, som mamma, pappa eller læraren din, kan bli spurt korleis dei trur du har det. 

Slik kan dei vaksne på BUP forstå deg betre og gi deg den hjelpa som er best for deg.

Utgreiing er altså ein måte å finne ut kva som kan hjelpe slik at du får det betre. Det er heilt vanleg å vere nervøs, men det er ingenting å vere redd for.  

Kva skjer når du kjem på BUP? 

På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om det barn og unge ofte slit med.

Skal eg komme åleine 

Dei fleste kjem til BUP saman med mor, far eller – eller begge – første gongen. For spesielt første gongen kan det vere litt rart for dei fleste. 

Vi ser at mange stort sett er glade for at dei er med på nokre av samtalane.

Hjelp til sjølvhjelp 

Mange ungdom, som deg, er veldig flinke til å finne raskt fram på internett når dei leitar etter informasjon. Det er ikkje dumt, for det er mykje informasjon om psykiske vanskar å finne. 

Du kan bruke spørjeskjema som undersøker kva som er vanskeleg for nettopp deg, eller du kan få tips om kva som kan hjelpe nettopp deg. 

Moodgym er eit godt eksempel på eit slikt nettbasert hjelpeprogram retta mot personar med depresjon. Dette er for deg som er litt eldre. 

Sjekk også  ung.no og  selvhjelp.no

Les meir

Helserettigheter for barn og unge - Helsenorge 

Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.pdf 

Brukermedvirkning – din rett og mulighet til å medvirke - Helsenorge 

Barn og ungdoms psykiske helse - Helsenorge 

Snakk med noen — Ung.no 

Barn med psykisk sykdom i familien - Helsenorge 

Unge pårørende - Pårørendesenterets egen ressurs for barn og unge pårørende mellom 7-18 år 

Sist oppdatert 22.01.2025