Informasjon om barn med hodepine
Sjå informasjon til fastlegar som vurderer å tilvisa barn med hodepine til vidare oppfølging hos barneavdelinga på sjukehuset:
Barn som har hodepine, treng som regel ikkje å bli undersøkte i spesialisthelsetenesta (sjukehus eller spesialist).
Dersom barnet har spenningshodepine eller typisk migrene, og er heilt symptomfritt mellom anfall, treng ein ikkje ta bilde av hovudet (billeddiagnostikk som MR eller CT).
Dei aller fleste barn med spenningshodepine skal ikkje bruke medisin mot smertene.
Barn med migrene klarer seg som regel godt med vanlege smertestillande som Ibux, Paracet eller Diclofenac. Om barnet også blir kvalmt under anfalla, kan ein bruke kvalmestillande medisin som Afipran i tillegg.
Desse barna kan tilvisast til oss:
- Barn med hyppige migreneanfall som ikkje har effekt av basal smertebehandling og/evt godkjente triptaner.
- Barn med komplisert migrene (eks ledsaget av lammelser eller kramper)
- Barn med funksjonsutfall eller andre alvorlege symptom eller funn (høgt BT, mistanke om forhøya intrakranielt trykk etc).
- Barn med sekundær hodepine der dette ikkje kan handterast av fastlegen.
Fastlege må avgjere om barnet skal leggast inn augeblikkeleg hjelp (Ø-hjelp) eller om det skal sendast tilvising til poliklinikken.
Dersom barnet tilvisast poliklinikken ber vi om at utregreiinga (sjå utgreiing av hodepine hos barn) er gjort på førehand og at dette fremgår i tilvisinga.
Vi ønskjer at fastlege i tilvisinga har tatt stilling til kva slags hodepine dette er, og at ein beskriv dei tiltaka som er forsøkt.
Primær hodepine
Omtrent 15–20 % av barn opplever i periodar tilbakevendande hodepine. Dei fleste av desse har spenningshodepine, som oftast har samanheng med stress eller ulike typar belastningar – både fysiske og psykiske. Det kan òg skuldast for lite søvn, uregelmessige måltid eller at barnet drikk for lite væske. I blant finn ein inga klar årsak.
Migrene
Ei mindre gruppe barn har migrene. Nokre av dei som har migrene, har òg spenningshodepine. Erfaring viser at barn som har sikker migrene, nesten alltid klarer å skilje mellom migrene og annan hodepine. Dei yngste brukar gjerne omgrep som «den sterke» og «den svake» hodepinen.
Kroniske plager
Nokre få barn (ca. 0,5 %) har kronisk dagleg hodepine – det betyr hodepine meir enn 15 dagar i månaden. Då bør ein vurdere om det kan vere overforbruk av smertestillande medisin. Nokre barn har lågare terskel for å få hodepine ved stress enn andre. I denne gruppa er det òg oftare barn som opplever alvorlege påkjenningar, som vanskeleg heimesituasjon, mobbing eller overgrep.
Sekundær hodepine (hodepine som kjem av noko anna)
Dei fleste barn som har sekundær hodepine, får det fordi dei har ein annan sjukdom samstundes – som feber, øyrebetennelse, bihulebetennelse, allergi eller annan luftvegsinfeksjon.
Barn med kronisk sjukdom – spesielt dei som må ta medisinar – har oftare hodepine enn friske barn. I enkelte tilfelle kan hodepina vere ei biverknad av medisinen dei brukar.
Ein veldig liten del av barn med hodepine har det på grunn av alvorleg sjukdom i hjernen. Desse barna har vanlegvis også andre symptom i tillegg til hodepina.
Korleis ein vurderer hodepine hos barn
For å forstå kva slags hodepine barnet har, er det som regel nok med ein grundig samtale (anamnese), undersøking av barnet og nokre enkle målingar:
- Blodtrykk
- Vekt og høgd (for å vurdere vekst og rekne ut BMI)
- Enkel nevrologisk sjekk for å sjå om nervesystemet fungerer som det skal
Det ein ikkje spør om, får ein som regel heller ikkje vite. Difor er det viktig å stille dei rette spørsmåla.
Av og til kan det vere nyttig å vente litt og sjå an utviklinga. Ein ny time etter nokre veker, gjerne der barnet har ført hodepinedagbok, kan gi betre innsikt.
Hodepinedagbok
Ei slik dagbok gir betre oversikt over:
- Kor ofte og kor lenge hodepinen varer
- Kva som kan utløse hodepinen
- Korleis hodepinen påverkar kvardagen (for eksempel om barnet må vere heime frå skulen)
- Kva som blei gjort for å lindre smertene
- Om tiltaka hadde effekt
Dette gjer det lettare å finne ut kva type hodepine det er, og å forstå kva som forverrar eller forbetrar tilstanden.
Laboratorieprøvar
Vanlegvis treng ein ikkje blodprøver, men i enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å sjekke:
- Blodprosent (celletal)
- Stoffskifte (TSH)
- Jernlager (ferritin)
- Betennelsesprøver (CRP eller senkning)
- Matvareallergi
- Blodprøve for borrelia eller kyssesyke (EBV)
Syn
Vi anbefaler å sjekke synet hos barn med hodepine. Ved langvarig (kronisk) hodepine bør ein også be om vurdering av augenbotnen for å sjå etter teikn på trykk i hovudet (stasepapiller), som kan tyde på godarta intrakraniell hypertensjon.
Ikkje-medikamentelle tiltak
I behandlinga av hodepine hos barn er ikkje-medikamentelle tiltak like viktige som bruk av medisin, særleg ved spenningshodepine. Sjå referansar nedst på denne sida for meir informasjon. Ved klassisk migrene der vanlege smertestillande og søvn ikkje gir god nok effekt, kan fastlegen gjerne prøve ut triptanar som er godkjende for barn med migrene.
Triptanar
Barnelegar har i mange år brukt triptanar til barn heilt ned i 6–8-årsalderen (utanom godkjent indikasjon/off label) når andre medisinar ikkje verkar godt nok. Barnet får prøve ein dose – og dersom det verkar, kan ein forskrive vidare. Ved delvis, men ikkje god nok effekt, kan ein vurdere vaksen dose hos barn over 12 år.
Medikamentelle tiltak
Viktige prinsipp ved medikamentell behandling av migrene: Barnet må ta smertestillande tidleg i anfallet, i maksimal dose. Målet er å hindre at smertene når toppen – det punktet der barnet må avbryte aktivitetar og ofte kastar opp. Smertestillande som blir gitt etter at smerten har nådd toppunktet, har vanlegvis liten eller ingen effekt. Dersom kvalmen kjem svært tidleg, bør ein vurdere å gi medisinen rektalt (som stikkpille).
Basale smertestillande alternativ:
- Paracetamol: 15–25 mg/kg som første dose
- Ibuprofen: 10 mg/kg per dose
- Naproxen: 15 mg/kg per dose
- Diclofenac: 25 mg, inntil 2 gongar dagleg
Evt. kvalmestillande medisin:
- Metoklopramid: 0,125 mg/kg, 2–3 dosar dagleg (merk: akutt dystoni opptrer oftare hos barn enn hos vaksne)
Triptanar:
- Imigran Juvenil 10 mg: Éi dose i eitt nasebor. Ny dose kan prøvast etter 2 timar. Ved delvis effekt, men ikkje god nok, kan ein prøve vaksen dose hos barn over 12 år.
- Maxalt tablett 5 mg
- UpToDate
- Generell Veileder i Pediatri, Kap Nevrologi
- BNF for children (direkte tilgang via Helsebiblioteket) – her kan ein søke opp medisinar og doser til barn