Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Media

Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med ulike fagfolk eller leiinga ved sjukehuset så langt råd er.

kommunikasjon@helse-fonna.no​

Henvendingar frå media som gjeld innsyn skal sendast til postmottak: post@helse-fonna.no 

Henvendingar frå media som gjeld innsyn skal sendast til postmottak: post@helse-fonna.no

Kommunikasjonssjef

Magne Kydland
48 27 32 91

Kommunikasjonsrådgivar

Eirik Dankel
916 17 767

Vi er ikkje tilgjengelege på telefon mellom 22.00 og 8.00.

Helse Fonna gir frå 1.3.2019 ikkje lenger pasientopplysningar til media etter ulukker og andre hendingar som får redaksjonell merksemd. Vi stadfestar ikkje om pasientar er innlagt hos oss, og vi gir ikkje informasjon om helsetilstand. Dette er for å ivareta vår lovpålagte teieplikt og pasientane sitt personvern.

Skulle det oppstå hendingar som gir stort skadeomfang med mange skadde, som naturkatastrofer, terrorangrep eller liknande, vil vi vurdere kva informasjon som blir offentleggjort.

Helse Fonna ønskjer å ha eit godt samarbeid med media når dei skal ha kontakt med pasientane våre. Vi vil leggje forholda til rette så godt som mogleg når pasientar er i møte med media.

Det er viktig at dette skjer på ein måte som fungerer godt for alle partar. Vi ønskjer at media skal vere til minst mogleg sjenanse for andre pasientar og for arbeidet på sjukehuset.

Vi ber media om

  • Kontakt kommunikasjonseininga for å gjere avtale
  • Avdelingsleiinga skal alltid vere varsla før journalistane kjem til ei avdeling på sjukehuset
  • Journalistane skal ta kontakt med dei tilsette på avdelinga med ein gong dei kjem
  • Fotografar skal ikkje fotografere/gjere opptak i korridorar utan først å ha avklart dette med avdelinga
  • Sikre pasientar, pårørande og tilsette sitt personvern

Områder utanfor bygningane

Fotografering og videoopptak på områder utanfor bygningane, er tillete forutsatt at personvernet blir ivaretatt. Identifisering av personar som er pasientar eller pårørande skal ikkje finne stad utan gitt samtykke. Særleg aktsomhet bør utøvast ved sjukehusa sine akuttmottak.  

Når vi blir kontakta av media blir dette logga. Det gjer vi for å kunne følgje opp spørsmåla dine og for å ha oversikt.

I loggen skriv vi namnet ditt, kven som er oppdragsgivar, kontaktinformasjonen din og spørsmåla dine.

Informasjonen er berre tilgjengeleg for dei som jobbar med oppfølging av mediespørsmål.

Sist oppdatert 05.04.2022