Tristhet og depresjonsplager hos barn og unge

Dei fleste barn og ungdom kan ha periodar der dei er triste eller viser teink på mistrivsel. Tristhet og tunge tankar som varer over fleier veker, kan og vere teikn på på depresjonsplager. Hos mindre barn kan depresjon komme til syne som reguleringsvanskar, tilbaketrekking og utviklingsforstyrringar.


Det finst i dag gode behandlingsmetodar for barn og unge med depresjonsplager. Milde til moderate depresjonsplager skal vanlegvis behandlast i kommunen. Mistanke om moderat til alvorleg depresjon gir rett til behandling i BUP. Her finn du dei ulike tenestene sine roller og ansvar i forhold til barn og unge med depresjonsplager. 

​Les meir om depresjonsplager

I tillegg til generelt tungsinn og triste tankar, kan barn og unge med depresjon få redusert energi, søvnproblem, manglande matlyst, konsentrasjonsvanskar, sosial tilbaketrekking og fysiske smerter og plager. Mange har negative tankar om seg sjølv og sin eigen verdi. Depresjon hos barn og unge kan føre til dårlegare skuleprestasjonar, skulefråvær og gi økt sjølvmordsfare.

Depresjon har eit samansett årsaksbilde. Sannsynlegvis er det ein kombinasjon av arv og miljøfaktorar som gir depresjon. Nokre barn og unge er derfor meir sårbare enn andre for å utvikle depresjon. Belastningar som levekår, stressande hendingar, konfliktar i familien, mobbing og rusproblem kan utløyse depresjon. Depresjon er ofte ei tilleggsplage til andre psykiske lidingar som angst, ADHD, atferdsforstyrringar og spiseforstyrringar.

Mistanke om depresjon er den vanlegaste tilvisingsårsaken til psykisk helsevern for ungdom over 12 år. Førekomst er høgast blant jenter. Mange opplever å bli symptomfrie i løpet av eit til to år, sjølv utan behandling. Omlag 40 til 50% blir betre av behandling. Ein depressiv episode økar risiko for seinare episodar. Depresjon blir opprettheldt av levevanar som dårleg søvn, stress og rusmiddelbruk.


Informasjon for barn, unge og føresette

Kor får eg hjelp?

Viss du er barn eller ungdom og strevar med tristhet og tunge tankar, kan du snakke med kontaktlærar eller sosiallærar på skulen. Dei kan gi deg råd om kor du kan få hjelp. Du kan også snakke med helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom viss kommunen din har det. Det finst også hjelpetelefonar for barn og ungdom der du kan ringe og få råd.  

Viss du er forelder til eit barn eller ungdom som har depresjonsplager, kan du søke råd hos helsesjukepleiar eller fastlege. Du kan også ta direkte kontakt med psykisk helseteneste, familiesenter eller kommunepsykolog viss kommunen har det. Dei vil hjelpe deg og gi råd om kva som er lurt å gjere. 

Tilvising og vurdering  

Helsesjukepleiar, psykisk helseteneste i kommunen, kommunepsykolog og fastlegen har kunnskap om behandling av tristhet og depresjonsplager. Dei vil vurdere behovet for behandling i kommune eller BUP. Fastlegen er den som oftast tilviser til BUP. Psykolog i kommunen eller barnevernstenesta kan også tilvise, men det er tilrådd at fastlege legg ved relevante helsedata.


Kven gjer kva?

Fastlege

Fastlegen si oppgåve er å gjere ei heilskapleg vurdering av barnet eller ungdommen sine plager og vurdere behov for å tilvise til behandling i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Viss vurderingar allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal fastlege gjere ei somatisk vurdering før tilvising. 

Kartlegging av symptom på depresjon

  • Pasientens symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Somatisk historikk og somatisk status for å utelukke somatiske forklaringar på symptoma
  • Psykososialt miljø og eventuelle belastningar
  • Søvnproblem
  • Sjølvskading og suicidalitet
  • Rus
  • Grad av alvor av symptoma, eksempelvis ved bruk av BAI, BDI eller MADRS
  • Tiltak som er prøvd ut og kommunale tenester pasienten har kontakt med
  • Barnet/ungdommen og føresette si oppfatning av symptombilde, behov og ønske om hjelp
Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av depresjonsplager er barnet eller ungdommen sin evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og fungering i barnehage/skule. 

Barn med milde til moderate depresjonsplager får vanlegvis behandling i kommunale tenester. Ved mistanke om moderat til alvorleg depresjon bør tilvisning til BUP vurderast. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør tilvising til BUP vurderast også ved lettare depresjonsplager.

Tiltak ved milde-moderate depresjonsplager

  • Samtale med pasient og føresette
  • Tilvise til aktuelle tenester i kommunen for lavterskel behandlingstiltak. Helsesjukepleiar, psykisk helseteneste, familiesenter eller kommunepsykolog kan tilby samtalar og foreldrerettleiing ved milde-moderate depresjonsplager.
  • Vurdere behov for tilvising til BUP ved moderate til alvorlege depresjonsplager

Evaluering av tiltak

Når tiltak blir sett i verk av fastlege er det tilrådd med oppfølgingstime for evaluering av effekt. Evaluering kan gjerne gjerast saman med føresette eller samarbeidande instansar.

Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør tilvising til BUP vurderast også ved lettare formar for depresjon. Ta eventuelt kontakt med BUP for drøfting.
 

Samarbeid med andre instansar

Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere helsesjukepleiar, barnehage, skule, psykisk helseteneste i kommunen, PPT og BUP. Dei fleste kommunar tilbyr lavterskel behandlingstiltak for milde-moderate depresjonsplager hos helsestasjon og skulehelsetenesten, kommunal psykisk helseteneste, barne og familiesenter eller kommunepsykolog. Det anbefalast at fastlegen har oversikt over kommunen sine hjelpetiltak.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om moderat til alvorleg depresjon bør tilvisning til BUP vurderast. Det bør leggast ved skriv frå aktuelle instansar i kommune med skildring av tiltak som allereie er prøvd ut. Det anbefalast og at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov. Før tilvising må fastlege gi pasient og føresette informasjon om BUP, pakkeforløp i psykisk helsevern og rettigheter. 
  • Pasientens symptom og funksjon
  • Tilvisars vurdering av pasient
  • Skildring av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er prøvd ut i kommunale tenester
  • Ulike samarbeidande instansar før tilvising bør førast opp med namn og telefonnummer i tilvisinga for å sikre god overføring.

Helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjon og skulehelsetenesta har ei viktig oppgåve i å oppdage barn og unge med psykiske plager og lidingar og sikre at dei får nødvendig oppfølging. Helsesjukepleiar kan oppdage barn og unge som strever gjennom vanlege rutinekontrollar og samtaler med enkeltelevar eller føresette. Ved lette depresjonsplager kan helsesjukepleier tilby oppfølgingssamtaler og tiltak for å tilrettelegge skulekvardagen.  Ved mistanke om moderat til alvorlege depresjonsplager er helsesjukepleiar si rolle å kartlegge vanskane og samarbeide med aktuelle instansar for å sikre rette tiltak. Les meir: Nasjonal faglig retningslinje for helsestasjon og skolehelsetjenesten

Kartlegging av tristhet og depresjonsplager
Helsesjukepleiar kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesjukepleiar bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfot-modellen  som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Dersom helsesjukepleiar oppdagar at barnet/ungdommen er trist eller har symptom på depresjon, må symptoma kartleggast nærmare. Det er viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnet/ungdommen sin situasjon i kartlegging av symptombildet. I kartlegginga bør ein utforske et bredt spekter av faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg og kor lenge plagene har vart
  • Trivsel, humør og venneforhold, her kan «Humøret ditt» nyttast for å kartlegge humør.
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Klassemiljø, konfliktar og mobbing frå medelevar eller lærar
  • Søvnvaner og endringar i søvnmønster, eksempelvis ved bruk av «Søvndagbok»
  • Kosthold og måltider, eventuelle endringar i matlyst eller vekt
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmidler eller medikament
  • Vold, overgrep og omsorgssvikt
  • Suicidalitet, sjølvskading og selvdestruktivitet
  • Somatiske symptom eller «vondter»
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav 
  • Bruk av sosiale medier og spill
Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnets/ungdommen sin situasjon og korleis familien fungerer i kartlegging av symptombildet. Viss du mistenker at åtferda heng saman med opplevde traume, skal ein ikkje starte tiltak før dette er avklart. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta.

Tommelfingerregel for vurdering av graden av depresjonsplager er barnet eller ungdommen sin evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og fungering i barnehage/skule. Ved tvil om grad av alvor, bør ein konsultere psykisk helseteneste eller kommunepsykolog før igangsetting av tiltak.

Tiltak ved angstplager

Helsestasjon og skulehelsetenesta kan gi oppfølging til barn og ungdom med lettare depresjonsplager. I samråd med barnet/ungdommen det gjeld, bør skulehelsetenesta vurdere om føresette skal inkluderast i oppfølginga.

Mulige tiltak:
  • Samtalar, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus er å styrka sjølvbilde, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp, Mestringskatten eller KAT-kassen
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om kva som er hjelpsamt når barn/ungdom strevar med tristhet og depressive tankar
  • Samarbeid med skule og føresette om støtte og tilrettelegging i barnehagen/skulekvardagen
Rettleiing til føresette individuelt eller i gruppe, eksempelvis Smarte foreldre, PMTO eller COS-P.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Etter tiltak for depresjonsplager er det venta at ein ser betring etter kort tid. Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, initier samarbeid med aktuelle fagpersonar i kommunen eller fastlege for vurdering og drøfting av tiltak. 

Samarbeid med andre instansar

Samarbeid rundt barn og ungdom må alltid baserast på samtykke frå barnet/ungdommen og/eller føresette. Ungdom over 16 år har rett til å samtykke sjølv. Føresette skal som hovudregel inviterast inn i samarbeid om tiltaka.

Skulehelsetenesta bør samarbeide med skulen og lærar når eleven har behov for å få tilrettelagt skulekvardagen. Skulehelsetenesta kan bidra til å skape forståing for eleven sine behov og føresetnadar, og til å finne gode tiltak. Skulehelsetenesta samarbeider med PPT ved behov. PPT har et spesielt ansvar for å bidra med pedagogiske råd og rettleiing.

Helsesjukepleiar bør delta i samarbeidsmøter med BUP dersom barnet/ungdommen får behandling der.

Tilvising til andre instansar

Dersom tiltak i skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg skal helsesjukepleiar samarbeide med og tilvise til andre kommunale lavterskel tilbod for behandling av milde-moderate depresjonsplager. Avhengig av organisering i den enkelte kommune, kan aktuelle tenester vere psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter.

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg depresjon, skal fastlege kontaktast for vurdering av tilvising til BUP. Psykolog i kommunen kan også vise til BUP. Ved tilvising er det anbefalt at skulehelsetenesta legg ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er prøvd i forkant av tilvising.

Barnehage

Barnehagen skal fremme god psykisk helse ved å stimulere livsglede, meistring og eigenverdi. I det psykiske helsearbeidet har barnehagen ei viktig rolle i å oppdaga teikn på psykiske vanskar og skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt. Viss barnehagen opplev at eit barn er trist, tilbaketrekt, passivt og viser dårleg trivsel, må barnehagen samarbeide med føresette og andre instansar for å sikre at barnet får rette tiltak.

Teksten gir ei beskriving av framgangsmåte når barnet har teikn på manglande trivsel, tungsinn og depresjon. Ved meir generell bekymring for små barn, sjå eige forløp for Barn 0-3 år.

Kartlegging av tristhet og depresjon

Barn i barnehagen bør leke, le, vise trivsel og ta initiativ til sosialt samspill med andre barn og vaksne. Viss eit barn er mykje aleine, er passivt, tar lite initiativ, fremstår trist eller er vanskeleg å regulere, bør ein bli bekymra. Ved bekymring for eit lite barn si psykiske helse, bør ein så raskt som mogleg søke bistand for vurdering av tilstand og vidare tiltak. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på teikn og signaler på mistrivsel eller mangelfunn utvikling hos barnet. Det er viktig å hugse på at barn kan vise tilsynelatande små symptom – men likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring.

Teikn som kan gi grunnlag for bekymring er:

  • Sosial tilbaketrekking over tid
  • Vanskar med å ta initiativ og komme i gang med lek
  • Lite matlyst
  • Klengete på vaksne
  • Uspesifikke smerter
  • Mangelfull utvikling som eksempelvis manglande bruk av språk
  • Reguleringsvanskar
Ved bekymring for eit barn skal pedagogisk leiar gjennomføre undringssamtale med føresette så raskt som mogleg. Barnehagepersonalet skildrar kva dei har observert i barnehagen og spør føresette om det stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen ber ein om samtykke til nærmare kartlegging av barnet.


Kartlegginga kan innehalde:  

  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne
  • Kartlegging av social tilbaketrekkingsatferd
  • Vurdering av generell utvikling ved  Ages and Stages Questionnaire (ASQ) og Ages and Stages Questionnaire – Social and Emotional (ASQ-SE)
  • Vurdering av sosial samhandling og lekekompetanse, eksempelvis ved Alle Med eller TRAS
  • Ved behov kan ein drøfte saken i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen
  • Sak kan drøftast med PPT, etter samtykke frå føresette
Ver merksam på at tristhet og depresjonsplager og kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar skal barnehagen ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der kartlegging blir oppsummert og ein blir einige om tiltak heime og i barnehagen.


Aktuelle tiltak:

  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov.
  • Tiltak for å sikre at barnet opplever barnehagepersonalet som ein trygg base
  • Jobbe med sosial inkludering og hjelpe barnet til å komme inn i lek med andre barn
  • Fokus på arbeid med følelsar og handtering av desse i barnehagegruppa
  • Samtale og rettleiing til føresette ved behov
  • Viss PPT har vurdert at barnet har rett til spesialpedagogisk hjelp (§19A) eller tilrettelagt barnehagetilbod (19G) skal ein utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) som er i samsvar med tiltak frå sakkunnig vurdering og enkeltvedtaka som er fatta. 
  • Barn er sensitive for overgangar og det er derfor svært viktig å sikre desse.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med PPT og andre instansar. Evaluering skal skje i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom barnet har ein individuell utviklingsplan skal tiltak i denne evaluerast/justerast i samarbeidsmøter.

Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, kan barnehagen tilvise barnet til andre kommunale instansar som PPT eller psykisk helseteneste i samarbeid med føresette. Ved usikkerheit kan saka drøftast i barnehagen sine samarbeidsmøter med PPT før tilvising.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste i kommunen, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, fastlege og BUP.

Barnehagen kan tilvise barnet til andre kommunale instansar i samarbeid med føresette, eksempelvis PPT eller psykisk helseteneste. PPT kan hjelpe barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt gi rettleiing til barnehagepersonalet.

Ved mistanke om depresjonsplager hos eit barn, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barnevernstenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta eller om barnet skal ha behandling i kommunen.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta kan barnehagen involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Skule

Skulen er ein viktig førebyggings og meistringsarena for barn og ungdom. I det psykiske helsearbeidet har skulen ei viktig rolle i å oppdage teikn på psykiske vanskar og skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt. Ved tristhet og depresjonsplager hos ein elev skal skulen samarbeide med føresette og andre instansar for å sikre at eleven får riktige tiltak.

Viss barn eller unge er mykje aleine, viser lite initiativ, er triste eller er vanskelege å regulere bør dette vekke bekymring. Det anbefalast at vaksne som blir bekymra for ein elev raskt søker bistand for vurdering av tilstand og vidare tiltak. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksame på teikn og signaler på manglande trivsel hos eleven. 

Teikn som kan gi grunn til bekymring kan vere:

  • Endring i åtferd og fungering på skulen, eksempelvis endring i skuleprestasjonar eller høgt skulefråvær
  • Tungsinn og triste tankar
  • Sosial tilbaketrekking og passivitet
  • Vanskar med å få innpass i samspel med andre elevar
  • Nedsatt hygiene
  • Søvnvanskar
  • Dårleg sjølvbilde, prestasjonsorientering og perfeksjonisme
  • Fysiske symptom utan årsak, som hovudverk, magesmerter eller vondt i armer eller bein.

Ved mistanke om tristhet og depresjonsplager hos ein elev:

  • Sett ord på det du har observert overfor eleven
  • Ta opp bekymring med føresette i skule-heim samtale så tidleg som mogleg
Ta opp bekymring rundt enkeltelev med skuleleiing/støtteapparat eller skulen sine etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon

Ver merksam på at tristhet og depresjonsplager kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal du konsultere barnevernstenesta og sende bekymringsmelding. 

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein blir einige om aktuelle tiltak på skulen.

Tiltak ved depresjonsplager

Dersom ein elev viser teikn til manglande trivsel, tristhet og depresjon i skulekvardagen bør det settast inn tidlege tiltak. Aktuelle tiltak kan vere:
  • Etabler ein trygg relasjon til eleven og legg til rette for trygge og gode relasjonar til medelevar.
  • Jobbe med sosial inkludering, eksempelvis trivselsprogram i skulen.
  • Tilrettelegging i skulesituasjonen ut frå behov.
  • Etabler kontakt med skulehelsetenesta for oppfølging og tiltak for depresjonsplager om eleven og/eller føresette samtykker til det.
  • Registrer fråvær og sett inn tiltak. Følg kommunen sine rutinar for skulefråvær.
  • Ved rett til spesialundervisning vurdert av PPT skal det fattes enkeltvedtak og utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP). 
  • Elever med psykiske vanskar kan være særleg sensitive for overgangar og det er derfor viktig å sikre desse. Særleg viktig med overføringsmøter i alle overgangar mellom skular/nivå.


Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast i samtaler med elev og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte partar. Tiltak skal dokumenterast og effekt evaluerast. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.


Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsesjukepleiar, PPT, fastlege, psykisk helseteneste, barnevernstenesta og BUP. 

Barn og unge med depresjonsplager vil ofte trenge tilrettelegging i skulekvardagen. Lærar samarbeider med skuleleiing, helsesjukepleiar og eventuelt PPT ved behov. Skulehelsetenesta kan bidra til å skape forståing for eleven sine behov og forutsetningar, og til å komme fram til gode tiltak i skulekvardagen. PPT har eit spesielt ansvar for pedagogiske råd og rettleiing.
 

Behandling av depresjonsplager skjer ofte i kommunale tenester som skulehelsetenesta, familiesenter, kommunepsykolog eller psykisk helseteneste. Det er viktig at skulen samarbeider med dei som gir behandling. Fastlege eller psykolog i kommunen kan tilvise til BUP ved behov. Ved behandling i BUP kan skulen involverast i utgreiingsfasen og i tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt eleven.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT si rolle i det psykiske helsearbeidet er å bistå skuler og barnehagar i det helsefremmande og førebyggjande arbeidet. PPT skal vurdere om barn i barnehagealder eller elevar i grunnskulen har utfordringar når det gjeld utvikling, læring og trivsel, og gi råd dersom dei treng tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Arbeidet er heimla i Barnehageloven og i Opplæringsloven.

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved depresjonsplager, men bør koplast inn viss plagene går utover opplæringssituasjonen eller fører til stort fråvær. Viss PPT oppdagar at eit barn eller ungdom har depresjonsplager, skal PPT samarbeide med føresette og barnehage/skule for å sikre riktige tiltak. 

Kartlegging i PPT

Når PPT startar opp ei sak gjer dei ei generell kartlegging som kan innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette. For vidaregåande elevar vil deltaking frå føresette vere valfritt.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport.
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon eller andre aktuelle tenestar i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år.
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommens emosjonelle fungering og utviklingsnivå.
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule.
  • Samtale med barnehagelærar/lærar.
  • Vurdere behov for kartlegging av kognitive evner. Merk at emosjonell tilstand og kontekst kan påverke kognitiv fungering og dermed påverke validitet av kartlegginga. 
  • Kartlegging av generell fungering med for eksempel CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og åtferd).


Kartlegging ved tristhet og depresjonsplager

Ved mistanke om tristhet og depresjonsplager anbefalast at PPT kartlegg symptom nærmare. Det er viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnet/ungdommen sin situasjon i kartlegging av symptombildet. I kartlegginga bør ein derfor utforske eit bredt spekter av faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg, kor lenge plagene har vart og kva som kan vere årsak til plagene
  • Korleis depresjonsplagene verker på opplæringssituasjonen og eventuelle lærevanskar
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet eller om det er fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos foresette
  • Generell trivsel i skolen, venneforhold og opplevd mestring
  • Klassemiljø, konfliktar og mobbing frå medelevar eller lærar
  • Skulefråvær
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav
  • Søvnvaner og endringar i søvnmønster
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Bruk av sosiale medier og dataspel
  • Vold, overgrep og omsorgssvikt
Etter kartlegging og vurdering skal ein gjennomføre ei oppsummering med barnet/ungdommen og føresette og bli einige om aktuelle tiltak. Viss PPT mistenker at eit barn eller ungdom har depresjonsplager, skal PPT sikre at barnet/ungdommen får rett oppfølging. Ved lette til moderate depresjonsplager, kan PPT tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod som helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste. Ved mistanke om moderat til alvorlege depresjonsplager bør ein samarbeide med fastlege om tilvising til BUP. 

Tiltak ved tristhet og depresjonsplager

  • Samtale med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til barnehage/skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing av kva depresjon har å seie for læring, og forståing for kva som kan vere hjelpsam læraratferd i møte med barnet/ungdommen.
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til skule/barnehage i metodar som for eksempel psykologisk førstehjelp og KAT-kassen.
  • Ved eventuelt skulefråvær må ein følge kommunal plan for tiltak
  • I dei tilfelle der lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om det er behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. 

Evaluering av tiltak

Evaluering skjer saman med barnet/ungdommen, føresette, barnehage/skule og evnt. andre instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine rutinar, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI kommunar. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov.

Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/undervisning, lagar barnehagen ein individuell utviklingsplan (IUP) og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast/justerast kontinuerlig i tråd med barnets/ungdommens utfordringar og utviklingsnivå. 

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå og vere med å sikre barns rettar etter opplæringslova og barnehagelova.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, fastlegen og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved lette til moderate depresjonsplager skal PPT tilvise barnet/ungdommen til andre kommunale lavterskel tilbod for behandling. Avhengig av organisering i den enkelte kommune, kan aktuelle tenester vere psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter.

Ved mistanke om moderat til alvorlege depresjonsplager, skal PPT initiere/bidra til tilvising til BUP. Psykolog i PPT har tilvisingsrett. Det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Det er anbefalt at PPT legg ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er prøvd i forkant av tilvising

Psykisk helseteneste

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for kommunen. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller et familiesenter. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog. Felles for desse tenestene er at dei har ansvar for førebygging og lavterskeltiltak ved milde-moderate psykiske helseplager hos barn og unge. Kommunal psykisk helseteneste gir oppfølging til barn og unge med milde til moderate depresjonsplager.

Kartlegging av tristhet og depresjonsplager

Ved oppstart er det tilrådd med brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, fungering og oppvekstforhold. Kartleggingsverktøy som kan brukast er

  • ASEBA (ungdom/foreldre/skule/barnehage)
  • Firfotmodellen som kartlegg symptom, utvikling, personlege eigenskaper og oppvekstmiljø
  • Ages and Stages Questionnaire (ASQ)
  • Ages and Stages Questionnaire - Social/Emotional Scale (ASQ-SE).
  • Strength and Difficulties Questionnaire (SDQ) som kartlegg styrker og svakheter hos barn/ungdom alder 3-16 år
  • Opplysningar frå aktuelle instansar kan hentast ved behov.

Ved mistanke om depresjonsplager er det tilrådd med meir spesifikk kartlegging av symptoma. Det er mange årsakar til tristhet og depresjon hos barn og unge. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnets/ungdommens situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet. I kartlegginga bør ein utforske eit bredt spekter av faktorar som:

  • Trivsel, humør og venneforhold.
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om det har vært mange og/eller langvarige belastningar som fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette, fråvær av beskyttande faktorar og om barnet/ungdommen har hatt kontakt med barnevernet
  • Klassemiljø, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Kartlegging av barnet/ungdommen si fungering heime og i barnehage/skule
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Sjølvmordstanker eller –handlingar
  • Sjølvskading og selvdestruktivitet
  • Bruk av sosiale medier og spill
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Innhente informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette/ungdom

Ver særleg merksam på at tristhet og depressive følelsar også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep, utviklingsforstyrring, lærevanskar eller fysisk sjukdom. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal du sende bekymringsmelding til barnevernstenesta. 

Dersom kartlegginga peiker i retning av depresjonsplager er det tilrådd med ein meir spesifikk vurdering av kor alvorlege symptoma er. Kartleggingsverktøy som kan nyttast ved mistanke om depresjon er:

  • Humøret ditt (MFQ)
  • Child Depression Inventory (CDI)
  • For eldre ungdom kan BDI-II eller PHQ-9 nyttast.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein vurdere grad av alvor av symptoma. Tommelfingerregel for denne vurderinga er barnets/ungdommen si fungering i barnehage/skule og evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar. Ved tvil om alvorsgrad kan ein konsultere BUP før igangsetting av tiltak.

Tiltak ved symptom på depresjon

Det skal lagast ein plan for tiltak i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette. Ved oppstart skal det avklarast kva som skal til for at mål/betring er oppnådd. Aktuelle tiltak:

  • Samtalar, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus er å styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette med fokus på mestring av depresjonssymptom. Gi informasjon om betydning av statbil døgnrytme, regelmessig søvn, matinntak og fysisk aktivitet.
  • Programbasert foreldrerettleiing avhengig av alder:
  • Førskulebarn: COS-P foreldrekurs, ICDP eller Tuning into toddlers
  • Barneskulealder: Mestrende barn, Smarte foreldre eller Tuning into kids (TIK)
  • Ungdom: Tuning into teenagers (TIT)
  • Manualbaserte gruppetilbod til ungdom dersom kommunen har slikt tilbod, eksempelvis «SMART» eller «DU-depresjonsmestring for ungdom».
  • Samarbeid med skule og føresette om støtte og tilrettelegging i skulekvardagen

Evaluering av tiltak

Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenester som følgjer opp. Tiltak skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. BTI-kommunar bruker stafettlogg i evaluering.

Ved tiltak for milde til moderate depresjonsplager kan ein venta betring etter kort tid. Effekt av tiltak kan evaluerast ved ny screening av symptom (CDI). Dersom betring uteblir eller symptom blir verre, initier samarbeid med fastlege eller BUP for vurdering og drøfting av tiltak. 

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, PPT, barnevernsteneste, fastlege og BUP.

I kartleggingsfasen bør ein samarbeide med fastlege som kan foreta basaldiagnostikk for å utelukke mangel på viktige vitaminer eller mineraler. Hugs at det eine ikkje treng å utelukke det andre. Psykisk helseteneste kan samarbeide med skulen og lærer når eleven har behov for å få tilrettelagt skulekvardagen. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen, mistanke om lærevansker eller stort skulefråvær, bør PPT koplast på for rettleiing og vurdering. Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen for å sikre hjelpsame tiltak og framgang.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om moderat til alvorlege depresjonsplager, skal fastlege kontaktast for vurdering av vidare tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Psykisk helseteneste kan legge ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er utprøvd i forkant av tilvisinga.

Barnevernstenesten

Barnevernet sin rolle er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får rett hjelp. Barn og unge som har kontakt med barnevernet har ofte ulike psykiske helseplager. Barnevernet er ikkje primær hjelpeteneste ved depresjonsplager, men bør koplast inn viss ein mistenker at eit barn eller ungdom utviklar psykiske vanskar på grunn av forhold i omsorgssituasjonen. Viss barnevernet oppdagar at eit barn eller ungdom som er i kontakt med barnevernet har depresjonsplager, skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til behandling i kommune eller spesialisthelseteneste.

Kartlegging i barnevernstenesta

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernstenesta. Barnevernstenesta skal snarast og seinast innan ei uke avklare om meldinga skal følgjes opp med ei undersøking eller om det ikkje er grunnlag for bekymring. Omfanget av undersøkinga og kva tiltak som er aktuelle, er avhengig av forholda i den enkelte sak. Undersøkinga skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Så raskt som mogleg, og innan tre månadar, skal det konkluderast med om det er grunnlag for å sette i gang tiltak, eller om saken skal avsluttast. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, er det viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv.

Ved mistanke om tristhet og depresjonsplager er nærare kartlegging av symptom tilrådd. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med helsesjukepleiar, kommunepsykolog, familiesenter eller psykisk helseteneste om kartlegginga. Barnevernstenesta skal også ha eigne helseansvarlige som kan bidra i slik kartlegging.  

Ver særleg merksam på at depresjonssymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets situasjon, belastningar og familiens fungering i kartlegging av symptombildet.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er. Ved lette til moderate depresjonsplager skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod som helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste. Ved mistanke om moderat til alvorlege depresjonsplager bør ein samarbeide med fastlege om tilvising til BUP.

Tiltak frå barnevernet

Dersom barnevernstenesta konkluderer med igangsetting av tiltak, skal det lagast ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål. Vanlege hjelpetiltak frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlinga for depresjonplager. Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen eller besøksheim
  • Støttekontakt/fritidskontakt 
  • Avlastning
Barnevernstenesta har ofte ansvar for å koordinera det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar tiltak frå barnevernet. Når fleire instansar er involvert, kan individuell plan (IP) vere eitt av tiltaka.

Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad.
Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. I evaluering kan verktøy frå kommunens samhandlingsmodell bli nytta, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar kan tiltak skildrast i en felles plan, som individuell plan eller stafettlogg. 

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeider med dei instansane som til ein kvar tid er involvert i barnet/ungdommen og familien sin situasjon basert på samtykke (Barnevernloven §3.2). Aktuelle instansar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, psykisk helseteneste/kommunepsykolog, PPT og BUP.

Ved lette-moderate depresjonsplager skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod for behandling. Avhengig av organisering i den enkelte kommune, kan aktuelle tenester være psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter. Ved mistanke om moderat-alvorleg depresjonsplager bør tilvising til BUP vurderast.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barnevernstenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP. Før tilvising skal fastlege kontaktast for somatisk status. Relevant informasjon skal hentast frå andre kommunale instansar og leggast ved tilvisinga til BUP.

BUP

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlige depresjonsplager. Barn og ungdom som får eit tilbod i BUP får denne hjelpa i pakkeforløp, som sett krav til innhald, framdrift, brukarmedvirkning og samhandling undervegs i forløpet. 

Utgreiing

Ved oppstart i BUP skal ein gjere ei basisutgreiing som kartlegg barnet eller ungdommens vanskar og ressursar.  Utgreiinga skal utformas i samråd med pasient og føresette, med fokus på pasientens symptom, funksjon og psykososiale situasjon. Ut frå funn i basisutgreiing skal ein vurdere om det også er grunnlag for utvida utgreiing av vanskane, spesielt ved samansette problemstillingar. Kartlegging av depresjon:

  • Screeningskjema for depresjon:
    • Humøret ditt» (Mood and Feelings Questionnaire)
    • Children`s Depression Inventory (CDI)
    • Beck Depression Inventory (BDI-2) for ungdom over 13 år
    • MADRS
  • KIDDIE-SADS eller deler av intervjuet, særleg aktuelt ved mistanke om komorbide tilstandar
  • Somatisk vurdering for å utelukke somatiske forklaringar
  • Familiehistorie med vekt på depresjon, bipolar lidelse og suicidal atferd i familien.
  • Kartlegging av traumatiske opplevingar og belastningar i psykososialt miljø
  • Kognitiv vurdering på indikasjon (ved høgt skulefraver eller lærevanskar)
  • Søvnkartlegging
  • Rusmiddelbruk hos barnet/ungdommen og føresette foreldrene

Utgreiing skal oppsummerast og diagnose/komorbiditet drøftast i tverrfagleg team. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einig om ein behandlingsplan.  Rapport frå utgreiing skal sendast fastlege/tilvisar og andre samarbeidande instansar etter samtykke frå pasient/føresette.

Behandling

Tilrådd behandlingstilbod for barn og unge med moderat-alvorleg depresjon tilpasses alder. Aktuell behandling:

Familieintervensjonar
  • Psykoedukativ tilnærming til både barn, familie og evt. nærmiljø
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorer i barnets familie og nære miljø.
Psykoterapi
  • Individualterapi er ofte indisert
  • Bør inkludere aktivitetsøking, monitorering av depressive symptom, emosjonsregulering, stressmeistring og problemløsing 
  • Hjelp til å øke sosial aktivitet og bedre den sosial kompetansen vil motvirke barnets tendens til å tolke hendelser negativt.

Gruppebaserte behandlingsprogram

Biologisk behandling
  • Døgnrytme og søvnmønster. Lysbehandling kan være aktuelt.
  • Auke fysisk aktivitet og trening. Moderat fysisk trening 30 minutt per dag har god behandlingseffekt på depresjon (NICE).
Medikamentell behandling
  • Vurderast ved behov og særleg dersom psykoterapi aleine ikkje gir effekt. Skal alltid brukast saman med psykososial intervensjon. 
  • Ved alvorlig depresjon og ved svært redusert fungering kan det være nødvendig å komme i gang med medikamentell behandling raskt. Behandlingsformer som kombinerast med et SSRI preparat kan gi raskare effekt, enn hvis psykologisk behandling gis alene, i alle fall i akutt fase (første 12 uker).

Effekt av behandling

Effekt skal evaluerast løpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og jamleg i tverrfagleg team. Ved manglande effekt av behandling skal ein vurdere endring av tilnærming.

Samarbeid

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg barnehage/skule, helsesjukepleiar, fastlege og psykisk helseteneste i kommunen. BUP deltar i ansvarsgruppe ved behov. 

For å sikre god effekt av behandling er det viktig med felles behandlingsplan og samtidighet i tiltak frå ulike tenester i både kommune og spesialisthelsetjeneste. Tiltak evaluerast i jevnlige samarbeidsmøter.

Avslutning

Ved avslutning i BUP skal epikrise sendast til fastlege/tilvisar med tilråding om vidare tiltak i kommunen. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat leggast ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.


Kommentarar?

Send oss ein e-post

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.