I toppleiarforumet sit den øveste politiske og administrative leiinga i kommunane (ordfører og rådmann) og kommunalsjef for helse- og omsorg.
Helseforetaket er representert ved styreleiar og føretaksleiing. I tillegg er medlemmene i Samhandlingsutvalet med i forumet.
Det er to brukarrepresentantar i toppledeiarforumet. Høgskulen Stord/haugesund (HSH), Fylkesmannen og KS har rett til å stille med ein representant kvar. Tillitsvalgte kan møte med to representantar.
Toppleiarforumet gjennomfører årlege møte.
Møtereferat og presentasjonar frå Toppleiarforumet er på fousam.no