Tilsett på Odda sjukehus har fått påvist Covid 19-smitte

Alle testar av nærkontaktar har vore negative, etter at ein tilsett på Odda sjukehus fekk påvist Covid 19-smitte i sist veke. 



- Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar gjer at totalt 11 medarbeidarar er i karantene ut denne veka. Men alle smittetestar har vore negative, og drifta går som normalt, opplyser seksjonsleiar Kari Marie Tjelmeland ved Odda sjukehus (biletet). 


kari-marie-tjelmeland-foto-stina-steingildra.jpg