"Snakk om sjølvmordstankar" - Kampanjestøtte

Helse Vest og Helse Fonna gjennomfører ein kampanje for å førebygge sjølvmord. Her finn du bakgrunnsinformasjon, fakta, filmar og anna materiell dersom din arbeidsplass ønsker å bidra i kampanjen.

Kva er bodskapet og målet med kampanjen?

Hovudbodskapet i kampanjen er "Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv". Målet er å redusere talet på sjølvmord ved å bidra til meir openheit, seinke terskelen for å snakke om sjølvmordstankar og vise kor og korleis ein kan få hjelp.

Kven står bak kampanjen?

Det er Helse Vest som eig kampanjen. Alle lokale helseføretak i Helse Vest støttar opp om og bidrar til gjennomføringa: Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen og Helse Stavanger.

Kampanjen er i tråd med mål og metodar i Regjeringa sin nyleg lanserte handlingsplan for førebygging av sjølvmord og sjølvskading. Kampanjen er utforma i samarbeid med Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging, NSSF.

​Kvifor gjennomfører vi kampanjen?

Det er framleis ei rekke myter om sjølvmord i samfunnet. Ei av dei er at det er farleg å spørre nokon om dei har sjølvmordstankar fordi ein kan gjere situasjonen verre. Dette stemmer ikkje. Gjennom kampanjen ønsker vi å gjere folk trygge på at det å snakke om sjølvmordstankar tvert i mot kan vere til hjelp. Det kan gjere det lettare å be om hjelp og å hjelpe andre.

Vi ønsker også å synleggjere hjelpetilboda som fins. Det er mykje du sjølv kan gjere gjennom å vere ein god ven, kollega, nabo eller familiemedlem. Det å bli sett og høyrt og kjenne at nokon bryr seg er ei viktig støtte når ein har det vanskeleg. I tillegg fins det ei rekke hjelpetilbod når det er behov for profesjonell hjelp.

Kvart år tar rundt 600 nordmenn sitt eige liv. Samtidig er det mellom 3500 og 7500 personar som forsøker. Vi vil bidra til at desse tala går ned.

Førre runde av kampanjen blei gjennomført i 2019. Den blei sett av rundt 150 000 innbyggarar på Vestlandet, og ei spørjeundersøking etter kampanjen viste tydelege tendensar til at fleire veit at openheit om sjølvmord er viktig og kor dei kan få hjelp. Derfor vil Helse Vest vidareutvikle og gjenta kampanjen.

Kva inneheld kampanjen?

Kampanjen baserer seg på filmar, bilder, bannerar, nyheitssaker og artiklar som omhandlar tema "Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv". I tillegg vil helseføretaka ha eigne tiltak som oppslag i lokale medier, temadagar og kompetanseheving for eige personell innan vurdering av sjølvmordsrisiko. I Helse Fonna er kommunane særleg inviterte til å bidra til å dele innhaldet i kampanjen og gjerne sette i verk eigne tiltak i kampanjeperioden. Det kan vere ei god tid for å dele informasjon om kommunale hjelpeinstansar, sosiale arenaer og treffstader, lågterskeltilbod og anna.

Korleis kan eg bidra?

Først og fremst gjennom å ta kampanjen sitt bodskap på alvor. Er du bekymra for nokon, ta kontakt med dei og fortel dei at du ønsker å hjelpe. Ikkje ver redd for å spørje hvis du er redd for at personen kan ha tankar om å ta sitt eige liv.

Du kan også bidra gjennom å dele innhald frå kampanjen i sosiale media.

Her får du hjelp

Fann du det du leita etter?