Snakk om sjølvmord

Mange sliter i periodar av livet sitt. Det er vanleg å ha tankar om at livet ikkje er verdt å leve. Ved å snakke ope om sjølvmordstankar, kan ein lettare få og gi hjelp. Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv.


Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv

​Mange opplev det som vanskeleg å snakke om sjølvmordstankar, og det finst mange mytar. Det er til dømes ikkje slik at det blir fleire sjølvmord dersom vi snakkar om sjølvmordstankar. Det er ikkje farleg å spørje, men vi må vere førebudde på å tole å høyre svaret.

Video - vel å leve

 




Teikn på at ein person kan ha sjølvmordstankar

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

Fareteikn kan vere at den det gjeld ...

  • Verkar tristare og endrar oppførsel utan nokon spesiell grunn

  • Kjenner seg verdilaus og som ei byrde for andre

  • Snakkar om at livet ikkje er verdt å leve, og manglar håp for framtida

  • Er uvanleg oppteken av døden som tema

  • Brått fokuserer på økonomiske plikter som testament, forsikringar og lån

  • Bruker meir alkohol, medisinar eller narkotika enn før

  • Oppfører seg annleis enn før

Hjelpetelefonar og anna hjelp

  • Mental Helse: 116 123

  • Røde Kors: 800 33 321

  • Kirkens SOS: 22 40 00 40

  • Haugaland/Karmøy DPS 907 61 525, kvardagar 8.00–15.00

  • TIPS 51 51 59 59, kvardagar 8.00–15.00

  • Ved akutt fare for liv og helse, ring naudnummer 113

  • Helsenorge - hjelpeside

Fann du det du leita etter?