Plutseleg vaksen – om overgangen til vaksenlivet

Kurs

Plutseleg vaksen er eit lærings- og meistringskurs til deg som har ungdom med funksjonshemming. Over fire kursdagar ser vi på foreldrerolla i endring – korleis blir mi rolle som forelder nå?

Når barnet ditt fyller 18 år kan det sjølv velje kva ho eller han vil. Å ta gode val kan vere vanskeleg og korleis kan du som forelder hjelpe til?

Vi vil også sjå på kva tilbod som finst og kva det vil seie for deg som forelder. I løpet av kurset ønskjer vi å skape gode nettverk mellom foreldre og dele erfaringar. 


Praktisk informasjon

Tilvising

For å delta må barnet/ungdommen ha tilvising. Ta kontakt med oss om du har spørsmål om dette.

Opplæringspenger og dekking av reise

Les om Pasientreiser og korleis få dekkke dette på helsenorge.no

Les om opplæringspenger hos NAV

 

 

Tema for kurset

Kommunen og NAV

Kommune

  • Kommunale tenester
  • Heim
  • Verje
  • Praktisk hjelp i heimen
  • Støttekontakt/avlasting
  • Saksgang
  • Kartlegging av funksjonsnivå og behov for tilrettelegging  

NAV

  • Arbeidsavklaringspengar
  • Uføretrygd
  • Arbeid med bistand
  • Varig tilrettelagt arbeid i ordinær bedrift
  • Hjelpestønad
  • Kva kartleggingar tek NAV?

Tilrettelagt arbeidsplass

  • Korleis få plass og for kven?
  • Oppfølging for ungdom og unge vaksne

Sjukehuset is oppfølging

  • Spesialisthelsetenesta si rolle
  • Korleis er spesialisthelsetenesta organisert?
  • Kva ansvar har spesialisthelsetenesta for å følgje opp ungdommane framover

Brukarstyrt personelg assistent (BPA)

Sjølvstende og familien

Sjølvstende

  • Identitet hos ungdommen
  • Ungdommen min skal flytte for seg sjølv, kva blir mi rolle?
  • Korleis gjere ungdommen sjølvstendig?

Verje og andre juridiske spørsmål

Ungdommen sitt liv og foreldrerolla

Ungdommen sitt liv

  • Nettvett hos ungdommen
  • Rusmiddel
  • Seksuell helse
  • Få barn eller ikkje
  • Førarkort
  • Militæret
  • Behov for støttesamtalar?

Foreldrerolla etter utflytting

Når og kor

Kontaktinformasjon
Ansvarlige for kurset er Marian Yrke og Randi Hjelmervik.
 
Meir informasjon
marian.yrke@helse-fonna.no  
Fann du det du leita etter?