Nettverk for læring og meistring i Helse Vest

«Brukarane sine behov i sentrum – likestilling av fag- og erfaringskunnskap.»

Lærings- og mestringstilbod skal bidra til mestring og betre livskvalitet for personar som har langvarige helseutfordringar, og deira pårørande.

I Helse Vest er det Lærings- og mestringssenter ved alle føretak. Det finnes tilbod både innan somatikk og psykisk helsevern/rus, det er tilbod både for barn og vaksne.

Nettverk for læring og mestring i Helse Vest skal vere  ein ressurs for Lærings- og mestringssentra og deira samarbeidspartnarar. Nettverket er finansiert via midlar frå Helse Vest og leiinga er lagt til Helse Fonna for dei første tre åra.

Koordinator Sølvi Heimestøl, telefon 996 29 365, e-post: solvi.heimestol@helse-fonna.no

Fagsamling 2016

Over 80 engasjerte fagpersonar og brukarar var samla da Nettverk for læring og mestring i Helse Vest inviterte til si årlege fagsamling i Bergen 9.-10. november. Her får du eit lite samandrag frå samlinga.

Føredragshaldarar Nettverk Læring- og meistring 2016. (Fotomontasje)

«Nettverket ønskjer å vere eit fyrtårn i vest for feltet læring og mestring»
sitat: Sølvi Heimestøl, Koordinator for Nettverk for læring og mestring i Helse Vest
Godt samarbeid mellom fagperson og brukar gjev betre helsetenester, her har lærings- og mestringssentra lang erfaring og gode verktøy som me ønskjer å dele, me ønskjer å vere eit fyrtårn for feltet her i vest.   Brosjyren for brukarrepresentantar og tilhøyrande rettleiar for helsepersonell, utarbeida av nettverket i 2015, er eit godt eksempel på verktøy for å få til godt samarbeid.  

«Fortellinger trenger trygghet for å trives»
sitat: Anita Eide, brukarrepresentant og Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna
Brukarinnlegg er ein viktig del av lærings- og mestringstilbod i grupper. Janne Kristiansen, rådgjevar i Seksjon for Fag og utdanning i Helse Bergen, gav oss gode og konkrete råd om korleis formidle bodskapen vår på ein god og truverdig måte. God formidling er ein kunst og det fekk me vist via eksempel frå regionen vår på korleis metodar som er beskrive i brosjyre og rettleiar, vert brukt i praksis.

Mange ulike lærings- og mestringstilbod i Helse Vest-regionen
Siste del av dagen fekk me presentert lærings- og mestringstilbod frå kvart føretaksområde. Det var  tilbod frå både spesialist- og kommunehelseteneste, tilbod for unge og vaksne,  og tilbod spesielt for innvandrarar. Det var interessant å sjå breidda  i arbeidet med læring og mestring og korleis ein kan samarbeide på tvers av kommune og føretak slik at tilbod kan bli ein del av pasienten sitt forløp.

«Hallo, hallo, hvordan har du det?»
tekst/melodi: Knutsen og Ludviksen
Nettverksbygging, utveksling av erfaringar, sosialt og hyggeleg er ei kort oppsummering av middagen på kvelden. Her var det lagt til rette for å bli kjent med nye folk, det var leik og musikalske innslag bunde saman med Knutsen og Ludviksen  sin «Hallo, hallo, hvordan har du det?» som «gjennomgongsmelodi».

Pasienten si helseteneste
Pakkeforløp, pasientforløp og behandlingslinjer er viktig, men må tilpassast den enkelte med spørsmålet «kva er viktig for deg?» . Her må både erfaren brukar og fagperson lytte saman for å få til dei gode, individuelle løysingane for pasient/brukar. Dette vart godt illustrert ved Liv Alsaker Sande, erfaringskonsulent i FOUSAM og Sølvi Heimestøl sitt rollespel der ulike par med sko fekk ei viktig rolle.

«Du skal kunne – og gjøre – mye samtidig!"
sitat: Andre Vågan, seniorforskar ved NK LMH
Helse Vest og nettverket er involvert i store deler av utviklings- og forskingsarbeidet ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH). Vi sette stor pris på at fleire frå kompetansetenesta deltok på fagsamlinga vår. Spennande å høyre om nye verktøy og om forsking og utvikling på feltet. Andre Vågan, seniorforskar ved NK LMH, gav oss ei kunnskapsoppsummering av kva som trengs av helsepedagogisk kompetanse innan læring og mestring, krydra med eigne opplevingar. Margrèt H Svavaarsdottìr, førsteamanuensis ved NTNU, presenterte doktoravhandlinga si som mellom anna får fram  både helsepersonell og pasientar si oppfatning av kva som beskriv ein ekspert i pasientopplæring. Interessant å høyre at her har pasient og fagperson same oppfatning.
I regionen vår går det føre seg fleire forskings- og utviklingsarbeid på lærings- og mestringsfeltet, viktig og spennande arbeid. Me fekk høyre om Wenche Listøl sitt mastergradsarbeid og Birgitte Berentsen sitt doktorgradsarbeid.

«Helhet, sammenheng, samhandling»
sitat: seniorrådgiver, Helsedirektoratet
Feltet læring og mestring er i utvikling og endring. Fleire nye rettleiarar påverkar feltet vårt og opnar nye muligheiter for samarbeid  på tvers til brukaren sitt beste. Helsedirektoratet, ved seniorrådgjevar Sigrunn Gjønnes, presenterte Rettleiar for habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinatror, og Kristine Skjøthaug, leiar for Frisklivssentralen i Stavanger, presenterte revidert rettleiar for frisklivssentralar. Siste del av samlinga vart via korleis vi best kan samarbeide regionalt og lokalt mellom friskliv, habilitering og rehabilitering og læring og mestring. Dialog og innlegg viste at her er mykje god vilje til å arbeide for å bli gode saman, men òg behovet for tydlegare forankring og prioritering av arbeidet med læring og mestring/ pasient og pårørandeopplæring.

09.11.16 Wirak Fagdag nettverk Helse Vest.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/09.11.16 Wirak Fagdag nettverk Helse Vest.pdf09.11.16 Wirak Fagdag nettverk Helse Vest.pdf
10.11. 2016. Svavarsdottir. Bergen.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/10.11. 2016. Svavarsdottir. Bergen.pdf10.11. 2016. Svavarsdottir. Bergen.pdf
1609 Formidlingskurs FOKUSSETNING.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/1609 Formidlingskurs FOKUSSETNING.pdf1609 Formidlingskurs FOKUSSETNING.pdf
Edith Lunde 10.nov.16.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Edith Lunde 10.nov.16.pdfEdith Lunde 10.nov.16.pdf
Fagsamling Helse Vest nov 2016 NK LMH.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Fagsamling Helse Vest nov 2016 NK LMH.pdfFagsamling Helse Vest nov 2016 NK LMH.pdf
Formidling Kristiansen 9.nov.16.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Formidling Kristiansen 9.nov.16.pdfFormidling Kristiansen 9.nov.16.pdf
Heimestøl Innledning fagsamling 2016.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Heimestøl Innledning fagsamling 2016.pdfHeimestøl Innledning fagsamling 2016.pdf
Helse Fonna hjerterehabiliteringsprosjekt Fagdager LMS.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Helse Fonna hjerterehabiliteringsprosjekt Fagdager LMS.pdfHelse Fonna hjerterehabiliteringsprosjekt Fagdager LMS.pdf
Liljedal Frisklivssentralen Sogn.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Liljedal Frisklivssentralen Sogn.pdfLiljedal Frisklivssentralen Sogn.pdf
Liv Alsaker Sande og Sølvi Heimestøl.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Liv Alsaker Sande og Sølvi Heimestøl.pdfLiv Alsaker Sande og Sølvi Heimestøl.pdf
Ny veileder frisklivssentraler Skjøhaug.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Ny veileder frisklivssentraler Skjøhaug.pdfNy veileder frisklivssentraler Skjøhaug.pdf
PP_Vågan.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/PP_Vågan.pdfPP_Vågan.pdf
Skjøthaug friskliv læring og mestring.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Skjøthaug friskliv læring og mestring.pdfSkjøthaug friskliv læring og mestring.pdf
Skjøthuag 9.nov. Minoriteter.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Skjøthuag 9.nov. Minoriteter.pdfSkjøthuag 9.nov. Minoriteter.pdf
Stuhaug og Eide Formidlingskunst LMS FAGSAMLING.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Stuhaug og Eide Formidlingskunst LMS FAGSAMLING.pdfStuhaug og Eide Formidlingskunst LMS FAGSAMLING.pdf
Veileder for rehabilitering habilitering individuell plan og koordinator_Nettv for læring og mestring Helse Vest 10nov16.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Fagsamling 2016/Veileder for rehabilitering habilitering individuell plan og koordinator_Nettv for læring og mestring Helse Vest 10nov16.pdfVeileder for rehabilitering habilitering individuell plan og koordinator_Nettv for læring og mestring Helse Vest 10nov16.pdf

​Oppgåver

  • Koordinering mellom helseføretaka og samordna utvikling i regionen

  • Fag- og kompetanseutvikling

  • Samarbeid og kompetansedeling med  kommunar

  • Gje innspel til Helse Vest når det gjeld utvikling av pasient- og pårørandeopplæring

Nettverket  skal vere ein ressurs i utvikling av

  • Helsepedagogiske tilbod  som byggjer på systematisk brukarmedverknad.

  • Felles verktøykasse - skjema, rapportar, praktiske råd

  • Standardiserte opplæringsprogram/arbeidsmetodar

Nettverket skal bidra til

  • Kunnskapsdeling  på tvers av kommune og føretak

  • Samarbeid på tvers – arbeidsfordeling

  • Forsking og utviklingsarbeidUtvikling av tilbod til innvandrarar/framandspråklege

  • Bruk av moderne teknologi

  • Pasient- og pårørandeopplæring/lærings- og mestringstilbod  inn i pasientforløp

  • Samarbeid mellom helseregionar

  • Nasjonalt og nordisk samarbeid

Organisering

Arbeidsutval

Består av HF-representantane og  koordinator for nettverket. Utvalet følgjer opp handlingsplanen,  førebur saker til Nettverksgruppa og sikrar  forankring og dialog med LMS-leiarane i føretaka.

Medlemmar

  • Kari Marie Olea Esaiassen, Helse Førde
  • Maria Tjelta,  Helse Bergen
  • Christense Ek, Helse Fonna
  • Marit Wirak, Helse Stavanger
  • Sølvi Heimestøl, koordinator

Nettverksgruppe

Nettverksgruppa representerer Lærings- og mestringssentra (LMS)  i regionen ved leiarane for LMS’ane og arbeidsutvalet. I tillegg er representantar for aktuelle samarbeidspartar  invitert inn, som kommune, private ideelle institusjonar og regionalt brukarutval. Gruppa gjev innspel til arbeidet og kjem saman fram til årlege satsingsområde og handlingsplanar i tråd med mandat for nettverket.

Medlemmar

  • Grete Müller, brukarutvalet i Helse Vest
  • Kari  Toftøy – Andersen, brukarutvalet i Helse Vest
  • Kristine Skjøthaug, kommunerepresentant
  • Ann Vigdis Holi, HSR, ideelle private institusjonar
  • Kari Fredriksen, leiar LMS Helse Stavanger
  • Sigrid Bøthun, leiar LMS klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna
  • Cathrine Bjorvatn, leiar LMS Helse Bergen og Haraldsplass
  • Are Mikael Lillebø, leiar LMS Helse Førde


Formål

Nettverk for læring og mestring i Helse Vest vart etablert i 2013 og skal vere  ein ressurs for Lærings- og mestringssentra og deira samarbeidspartnarar. Nettverket er finansiert via midlar frå Helse Vest og leiinga er lagt til Helse Fonna for dei første tre åra.

Nettverket skal bidra til

  • at pasientar og pårørande får eit kunnskapsbasert og likeverdig tilbod i heile Helse Vest
  • at pasient og pårørandeopplæring og lærings- og mestringstilbod vert ein integrert del av pasientforløpet.

Planar, rettleiarar og rapportar

2016 Årsrapport Nettverk for læring og mestring i Helse Vest .pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Planar og rettleiarar og rapportar/2016 Årsrapport Nettverk for læring og mestring i Helse Vest .pdf2016 Årsrapport Nettverk for læring og mestring i Helse Vest .pdf
Brosjyre - Rettleiar for fagpersonar som samarbeider med brukarrepresentantar.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Planar og rettleiarar og rapportar/Brosjyre - Rettleiar for fagpersonar som samarbeider med brukarrepresentantar.pdfBrosjyre - Rettleiar for fagpersonar som samarbeider med brukarrepresentantar.pdf
Brosjyre for brukarrepresentantar som samarbeider med lærings- og mestringssentra.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Planar og rettleiarar og rapportar/Brosjyre for brukarrepresentantar som samarbeider med lærings- og mestringssentra.pdfBrosjyre for brukarrepresentantar som samarbeider med lærings- og mestringssentra.pdf
Handlingsplan Regionalt nettverk for læring og mestring.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Planar og rettleiarar og rapportar/Handlingsplan Regionalt nettverk for læring og mestring.pdfHandlingsplan Regionalt nettverk for læring og mestring.pdf
Hva er nettverk for læring og mestring i Helse Vest.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Planar og rettleiarar og rapportar/Hva er nettverk for læring og mestring i Helse Vest.pdfHva er nettverk for læring og mestring i Helse Vest.pdf
Årsrapport 2015 Nettverk for læring og mestring Helse Vest.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Nettverk for læring og meistring i Helse Vest/Planar og rettleiarar og rapportar/Årsrapport 2015 Nettverk for læring og mestring Helse Vest.pdfÅrsrapport 2015 Nettverk for læring og mestring Helse Vest.pdf