Raskare tilbake

Raskare tilbake er et tilbod til sjukmelde arbeidstakarar, og skal gjere det mogleg for dei som tilvisast å komme raskare tilbake i arbeid.

Erfaringane har vist at mange har fått forkorta sin sjukmeldingsperiode gjennom Raskare tilbake. Vi har også eit tilbod til arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukmelde, der målsettinga er å hindre sjukemelding.

Les om NAV sitt tilbod Raskare tilbake


Tilvisingsrutinar

Alle fastlegar og andre som kan tilvisa til behandling i spesialisthelsetenesta skal vurdere om pasientar kan komme raskare tilbake i jobb gjennom Raskare tilbake.


Våre tilbod

Somatikk

Fysikalsk medisin

Trygg Rygg, Stord sjukehus: Utgreiing av ryggplager, gjort av lege

  • Tverrfagleg ryggskule over to dagar
  • Individuell oppfølgingssamtale
  • Utgreiing og eventuelt behandling av skulder av lege
  • Behandling og rettleiing ved fysioterapeut

Ortopedi

  • Kirurgisk poliklinikk, Stord
  • Kirurgisk poliklinikk, Odda (to dagar per veke)
  • Kirurgisk poliklinikk, Haugesund
  • Dagbehandlingseiningane Stord og Haugesund

Generell kirurgi (brokk, åreknutar, tronge nervekanalar)

  • Kirurgisk poliklinikk, Stord
  • Kirurgisk poliklinikk, Odda
  • Kirurgisk poliklinikk, Haugesund
  • Dagbehandlingseiningane alle stader

Nevrologi (utgreiing av liding i muskel- og skjelett, som tronge nervekanalar) 

  • Nevrologisk poliklinikk i Haugesund

Tverrfagleg smertepoliklinikk

Smertepoliklinikken ved Odda sjukehus tek i mot tilvisingar frå alle kommunane i Helse Fonna-området for pasientar over 18 år med langvarige (meir enn 6 månader), ikkje-maligne smerter.

Les meir om tverrfagleg smertepoliklinikk

Psykisk helsevern

Tilbodet innan psykisk helsevern er retta mot personar som har mild til moderat depresjon, angstproblem eller andre lettare psykiske problem.

Behandlingsstader

  • DPS Folgefonn, Valen
  • DPS Folgefonn, Odda
  • DPS Stord
  • DPS Karmøy
  • DPS Haugaland
  • Seksjon for spesialisert behandling, Haugesund sjukehus


Rusbehandling


Haugaland A-senter

Tilbod til pasientar med avhengigheitsproblem knytt til rusmiddel eller spel. Tilbodet gjeld også for pårørande.

  • Poliklinisk behandling
  • Ambulante tenester
  • Dagbehandling
  • Døgnbehandling: Stabiliserings- og utgreiingseining, døgnpost

Fastlege eller tilvisande instans skal sende tilvising merka «Raskere tilbake» til  Haugaland A-senter, Haraldsgata 16, 5528 Haugesund.

Stiftelsen Karmsund ABR-Senter
Tilbod til pasientar med avhengigheitsproblem knytt til rusmiddel.

  • Poliklinisk behandling
  • Ambulante tenester
  • Dagbehandling
  • Døgnbehandling: Stabilisering- og utgreiingseining, døgnpost

Fastlege eller tilvisande instans skal sende tilvising merka «Raskare tilbake» til  Karmsund ABR-Senter, Postboks 213, 4299 Avaldsnes.

Kontakt

Raskere tilbake-koordinator Helse Fonna Wenche Jakobsen, telefon 52 73 20 73.