Pasientane er nøgde med digitale kurs

Bruken av digitale kurs for å lære pasientar å meistre sjukdomen sin har auka i Helse Fonna. Studier viser at pasientane både er nøgde med digitale kurs og opplever mindre einsemd og stress.

I Helse Fonna er det lærings- og meistringssenteret som organiserer slike kurs.

– Vi gler oss til å kunne tilby kurs med fysisk oppmøte igjen, men det er ingen tvil om at våren 2021 blir digital, seier leiar Anna Henriette Hovland i lærings- og meistringssenteret for somatikk i Helse Fonna.

I 2020 blei det i Helse Fonna gjennomført digitale LMS-kurs for åtte ulike diagnosar, og tilbakemeldingane frå pasientane er gode. Hovland opplever at fagfolk er bekymra for om utbyttet av digitale kurs er godt nok, men seier erfaringane tilseier det motsette.

Les meir om lærings- og meistringskurs i Helse Fonna

DIGITAL HJELP: Funksjonsleiar Anna Henriette Hovland (t.v.) og koordinator Emy Kirkhus Dale vil gjerne få fleire over på digitale kurs i 2021. Foto: Eirik Dankel

Nøgde pasientar

– Kunnskapsoppsummeringar viser at pasientar som får eit digitalt tilbod i staden for avlysning opplever mindre einsemd og mindre symptomtrykk frå angst og depresjon, seier Hovland. Du kan lese meir om studiene på nettsidene til Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse.

Eitt av kursa som er gjennomført digitalt er for foreldre til barn med epilepsi. Sjukepleiar Åshild Jektnes frå nevrologisk avdeling samarbeidde med barneavdelinga om gjennomføringa. Ho er både nøgd med opplevinga og med støtta frå LMS.

– Eg var litt skeptisk, men eg likar nye utfordringar. Det var meir aktivitet og respons frå deltakarane enn eg hadde trudd. Det er vel berre ein kommunikasjonsform ein må venne seg til, meiner ho, og oppmodar pasientar om å delta digitalt om dei får moglegheita.

– Det må vere tøft å få ein diagnose og så sitte aleine med utryggleik og spørsmål medan ein ventar på at det skal gå an å arrangere kurs med fysisk oppmøte igjen, seier Jektnes.

POSITIV ERFARING: Spesialsjukepleiar Åshild Jektnes har positive erfaringar med digitale kurs. - Eg var skeptisk, men eg likar ei utfordring, seier ho. Arkivbilde: Eirik Dankel

Pandemien ga fart til arbeidet

Andre digitale kurs i katalogen er hjerte, diabetes type 2, tinnitus, cøliaki, autismekurs for foreldre, astma, kols, og foreldrekurs epilepsi. Fleire er under planlegging.

Lærings- og meistringssenteret var allereie i gang med å tenke digitalt rundt årsskiftet 2019/2020, men arbeidet skaut fart med pandemien.

– Vi har kompetanse til å hjelpe fagavdelingane og jobbar for å få fleire digitale kurs, seier Hovland.