Opptrening etter overarmsbrot

Dei fleste brot i overarmen kan behandlast utan operasjon. Tilhelingstid kan variere med alder og bruddtype, men er vanlegvis rundt åtte veker.

​Dette er generelle retningsliner. Har du fått anna informasjon av legen enn det som står her, er det det legen har sagt du skal halde deg til.

Fatle

For å avlaste skuldra bruker ein vanlegvis fatle (collar 'n' cuff) dag og natt dei første 7-14 dagane etter brotet. Dette er for å gi smertelindring og sikre stabil stilling. Viss du ikkje har fått beskjed om anna, kan du slutte med fatle så snart du klarar å la armen henge fritt.

Smerte

Smerter etter brotet er normalt. Bruk smertestillande om du har behov for det. Ispakning kan dempe smerte og hevelse. Det er vanleg å få hevelse og blåfarge på huden over/under albogen. Dette vil gradvis forsvinne av seg sjølv. Legg gjerne armen på ei pute når du ligg/sit for å redusere hevelse og smerter.

Kontroll

Kontrolltimar på poliklinikk blir avtalt med ansvarleg lege.

Tips

  • Unngå belastning og tunge løft dei første 6-12 vekene etter skaden.
  • Unngå å løfte armen over skulderhøgd og rotere armen utover dei første seks vekene.
  • Opptrening kan vere tidkrevjande. Du kan derfor be om tilvising til fysioterapeut som kan hjelpe deg med treninga.

Øvingar

Du skal gjere øvingane i eit roleg tempo. Ikkje provoser fram smerte.

Øvingar du kan gjere med fatle

1. Bør fingrane heilt inn og strekk ut igjen. Bruk evt. ein liten mjuk ball. Gjer øvinga mange gonger dagleg.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

2. Ta kun handa ut av fatle. Bøy og strekk ut i albogen. Hald skuldra i ro.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

Øvingar du kan gjere når du kan ta armen ut av fatle og bevege skuldra litt meir

3. Fald hender og løft dei opp foran deg. NB: Ikkje heis opp skuldrene. Øvinga kan også gjerast liggande.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

4. Hev og seink skuldrene. Trekk skulderblada saman.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast