Oppmerksomhetsvanskar og uro hos barn og unge

Oppmerksomhetsvanskar og uro hos barn og unge kan være heilt normale reaksjonar på hendingar eller forhold i eller rundt barnet/ungdommen, men kan også vere eit teikn på underliggande nevrologisk forstyrring og ADHD. Viss det er mistanke om at eit barn eller ungdom har ADHD, må det alltid vurderast om det er andre forhold som forklarer vanskane betre. Tidleg hjelp er viktig for at barnet skal få best mogleg utvikling og læring.


Dei kommunale tenestene har ei viktig rolle i å oppdage tidlige teikn på oppmerksomhetsvanksar og uro. Mistanke om ADHD gir rett til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Barn eller ungdom som får diagnosen ADHD, vil ofte ha behov for tilrettelegging i barnehage og skule og tiltak får både kommunale tenester og spesialisthelsetenesta over tid. Her finn du informasjon om dei ulike tenestene si rolle og ansvar ved oppmerksomhetsvanskar og uro.

​Les meir om oppmerksomhetsvanskar og uro

ADHD

ADHD er ein forkorting for Attention Deficit/Hyperactivity Disorder. Mistanke om ADHD er den hyppigaste tilvisingsgrunnen til psykisk helsevern for barn og unge. Om lag 3-5 prosent av barn og unge under 18 år har ADHD. Førekomst av ADHD varierer med alder og kjønn, og det er flest gutar som får diagnosen. Kjenneteikn på ADHD er vanskar med oppmerksomhet og konsentrasjon, påfallande høgt aktivitetsnivå og impulsive handlingar. Barn og unge med ADHD treng ofte tiltak over lang tid, dei treng blant anna informasjon, foreldrerettleiing, støttetiltak i barnehage og skule, terapi individuelt eller i gruppe, og eventuelt medikasjon.

Det er mange årsakar til oppmerksomhetsvanskar og uro hos barn og unge. Forhold som somatisk sykdom, psykososiale belastningar, store bekymringar, omsorgssvikt, og fysisk eller psykisk sykdom hos føresette kan vere årsak til dei aktuelle symptoma. Det er derfor viktig med ei grundig kartlegging og vurdering av alternative forklaringar før diagnosen blir stilt.

Kjernesymptom på ADHD er

  • Konsentrasjonsvansker og problem med vedvarande oppmerksomhet
  • Hyperaktivitet
  • Impulsivitet

Konsentrasjonsvansker og problem med vedvarande oppmerksomhet

ADHD kan føre til vanskar med å fange opp beskjedar og andre signal frå omgivelsane. Mange med ADHD slit med å handtere informasjon, og kan få problem med å følgje instruksjonar, gjennomføre oppgåver og organisere eigne aktiviteter. Det er og vanleg å unngå eller mislike oppgåver som krev vedvarande merksemd. Mange blir lett distrahert, gløymer lett, mister ting og skifter ofte aktivitetar utan å gjere ting ferdig.
  

Hyperaktivitet

Barn med ADHD har ofte mye uro i hender og føter. På skulen vil dei ofte forlate plassen sin i timen og vandre omkring. Andre teikn hos barn er støyande lek, overdriven kroppslig aktivitet og at de snakkar mykje utan å tilpasse seg den situasjonen dei er i. Ungdom og vaksne har oftast ikkje det same høye aktivitetsnivået, men er ofte rastlause. 

Impulsivitet

Impulsivitet gjer at dei som har ADHD ofte handlar før dei har tenkt seg om. Det fører ofte til at dei svarar før et spørsmål er avslutta, ikkje klarer å vente på tur og avbryt andre.

Tilleggsvansker ved ADHD

ADHD fører ofte til andre vanskar som åtferdsproblem, emosjonelle problem som angst og  depresjon, lærevanskar og samspelsvanskar. Nokre barn og unge med ADHD har vanskar med konsentrasjon og oppmerksomhet utan å vere impulsive eller hyperaktive. Dette kallast ADHD uoppmerksam type, tidligare ADD. Det er lettast å oppdaga ADHD når barnet/ungdommen er uroleg, rastlaus og hyperaktiv. Barn og unge med som slit med konsentrasjon og oppmerksomhet utan hyperaktivitet, kan ofte gå lenge utan at vanskane blir oppdaga. På skulen kan dei ha lærevanskar, problem med å meistre egna følelsar og tankar, utfordringar i sosiale relasjonar og vanskar med å planlegge kvardagen. 

Informasjon til barn, unge og føresette

Ung og bekymra?

Dersom du er barn eller ungdom og er bekymra for at du er uroleg, rastlaus og har konsentrasjonsvanskar, tilrår vi at du søker råd hos helsesjukepleiar, kontaktlærar eller sosiallærar på skulen. Dei kan hjelpe deg å vurdere om du kan få hjelp i kommunale tenester som psykisk helseteneste eller PPT, eller ta kontakt med fastlegen for tilvising til BUP. Viss du er over 16 år, kan du sjølv ta direkte kontakt med fastlege for å drøfte bekymringa di. 

Råd til foreldre

Dersom du er forelder og er bekymra for om ditt barn/ungdom har oppmerksomhetsvanskar og uro, tilrår vi at du søker råd hos helsesjukepleiar, pedagog i barnehagen eller kontaktlærar på skulen. Du kan og ta kontakt med fastlege eller psykisk helseteneste for å drøfte bekymringa di. Dei vil hjelpe deg og gi råd om kva som er lurt å gjere. Barnehagen/skulen vurderer om det er grunnlag for å be om bistand frå PPT.

Tilvising og vurdering

Det er fastlege som vurderer om det er grunnlag for tilvising til BUP for vidare utgreiing av diagnose. Helsestasjon og skulehelsetenesta eller PPT gjer vanlegvis ei kartlegging før tilvising til BUP, men det er ingen føresetnad for tilvising. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan og tilvise til BUP, men fastlegen bør gjere ei helseundersøking av barnet/ungdommen før tilvising. 


Kommunale tenester

Fastlege

Fastlegen si rolle er å gjere ei brei kartlegging av barnet eller ungdommen sine utfordringar og vurdere om det er behov for å tilvise til utredning i spesialisthelsetenesta. Fastlegen kan få mistanke om at eit barn eller ungdom har ADHD i vanlege konsultasjonar. Føresette eller ungdom kan sjølv ta opp problemstilling med fastlegen, eventuelt etter råd frå helsesjukepleiar, barnehagen/skulen eller PPT. I tilfelle der PPT eller kommunal psykisk helseteneste allereie har gjort kartlegging og vurdert at det er behov for tilvising til BUP, må fastlegen gjere ei somatisk vurdering som et supplement til tilvisinga.

Ved kjent ADHD er oppgåva til fastlegen å følgje opp somatiske kontrollar og evaluere legemiddel, og samarbeide med føresette og barnehage/skule for å sikre at barnet/ungdommen får rette tiltak. Ved behov må fastlege tilvise barnet/ungdommen til kommunale tenester eller BUP for behandling av tilleggsvanskar.

Kartlegging ved oppmerksomhetsvanskar og uro bør innehalde:

  • Vurdering av symptom på oppmerksomhetsvanskar, hyperaktivitet og impulsivitet – debut, omfang av åtferdsproblem og grad av funksjonsnedsetting (familie, barnehage/skule, fritid). Kartleggingsverktøyet  «ADHD Rating Scale» kan nyttast.
  • Somatisk status og somatisk historie (syn, høyrsel, språk, motorikk, blodprøvar ved indikasjon)
  • Utviklingshistorie og vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar
  • Psykososialt miljø rundt barnet/ungdommen og eventuelle belastningar som eventuelt kan forklare symptoma betre
  • Familieanamnese (førekomst av ADHD, psykiske lidingar, lærevanskar, rusmisbruk eller hjertesjukdom i nær familie)
  • Reguleringsvanskar (matinntak, uro, søvnmønster, handtering av følelsar)
  • Kartlegging av medikamentbruk og rusmiddelbruk
  • Innhente opplysningar frå kartlegging/observasjon i barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta og eventuelt PPT
  • Barnet/ungdommen og føresette si skildring av vanskar og utfordringar og forventningar til BUP.

Ver særleg merksam på at oppmerksomhetsvanskar og uro hos barn og unge kan ha mange forskjellige årsakar som eksempelvis somatisk sjukdom, andre psykiske lidingar, psykososiale belastningar/traume, fysisk eller psykisk sjukdom hos føresette eller omsorgssvikt. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnets/ungdommens situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet.

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for tilvising til BUP. I kartlegginga må ein få fram om symptoma var til stades før skulealder, om dei har vart over tid, om dei kan observerast i ulike situasjonar og om vanskane er av ei slik karakter at dei fører til funksjonsnedsetting hos barnet/ungdommen.

Ved mistanke om ADHD må fastlege tilvise barnet/ungdommen til BUP for vidare utgreiing og vurdering av diagnose. Det tilrådd at tilvising skjer i samråd med skule/barnehage og andre kommunale instansar som er involvert i saka, som helsesjukepleiar, PPT eller kommunal psykisk helseteneste. Aktuelle rapportar frå kartlegging i PPT eller helsestasjon og skulehelesetenesta bør innhentast før tilvising. Fastlege bør drøfte med føresette og barnehage/skule om det er grunnlag for å be om bistand frå PPT eller annan spesialpedagogisk kompetanse for kartlegging av behov for tilrettelegging i undervisninga.

Tiltak ved kjent ADHD diagnose

Når det er konkludert med ADHD og medikamentell behandling er prøvd ut og evaluert i BUP, blir ansvar for medisinske kontrollar overført til fastlege. Fastlege bør foreta minimum halvårlege kontrollar med tanke på å følgje med på og registrera effekt av behandlinga og eventuelle biverknader. Kontrollane bør inkludere:

  • Måling av høgde og vekt.
  • Måling av blodtrykk og puls.

Ved betydelege biverknader må det vurderast om ein skal justere dosen, eventuelt skifte eller avslutte legemiddelbehandlinga. Ved spørsmål må fastlege kontakte legespesialist ved BUP. Det kan og vere behov for ny tilvising til BUP for vurdering av medikasjon eller endring av medikament.

Ved tilleggsvanskar som eksempelvis åtferdsproblem, emosjonelle problem, lærevanskar og samspelsvanskar må fastlege vurdere om det er behov for å tilvise barnet/ungdommen til kommunale tenester for kartlegging/tiltak eller til BUP for utgreiing/behandling.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast jamleg saman med barnet/ungdommen, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar i kommunen og spesialisthelsetenesta, gjerne gjennom faste ansvarsgruppemøter.

Samarbeid med andre instansar

Barn og unge med ADHD har ofte behov for tilrettelegging og støttetiltak i barnehage/skule og tiltak frå fleire tenester over lang tid. Fastlegen en viktig aktør i samarbeidet rundt barnet og bør delta på nødvendige samarbeidsmøter/ansvarsgruppemøter for å sikre koordinerte og heilskaplege tenester.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om ADHD skal tilvising sendast BUP (Tilvisingsskjema BUP). Tilvising bør innehalde informasjon om:

  • Aktuelle symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Somatisk status og historie (syn, høyrsel, språk og motorikk)
  • Utviklingshistorie og eventuelle utviklingsforstyrringar
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Familieanamnese
  • Aktuelle rapportar frå barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta og PPT skal leggast ved

Helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjon og skulehelsetenesta har ei viktig oppgåve i å oppdage barn og ungdom med psykiske plager og utviklingsforstyrringar på eit tidleg tidspunkt og sikre at dei får nødvendig oppfølging. Helsesjukepleiar kan oppdage barn og unge med oppmerksomhetsvanskar og uro gjennom vanlege rutinekontrollar og samtalar med barn, unge og føresette. Ved mistanke om utviklingsvanskar er helsesjukepleiar si rolle å kartlegge vanskane og sikre at barnet får nødvendige tiltak. Les meir: (Link til veileder for helsestasjon og skulehelsetenesta).

Kartlegging av oppmerksomhetsvanskar og uro

Helsesjukepleiar kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesjukepleiar bruke generelle kartleggingsverktøy som

  • Firfot-modellen  som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.
  • Ages and Stages Questionnaire (ASQ)
  • Ages Stages Questionnaire – Social/Emotional Scale (ASQ-SE)

Ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro hos barnet/ungdommen er det viktig med ei systematisk kartlegging av symptoma. Det er mange årsaker til uro og konsentrasjonsproblem hos barn og unge. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnets/ungdommens situasjon, belastningar og familiefungering i vurderinga av symptombildet. I kartlegginga bør ein utforske eit bredt spekter av faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg og kor lenge plagene har vart
  • Trivsel, humør og venneforhold.
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, om fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette
  • Klassemiljø, konfliktar eller mobbing fra medelevar
  • Vurdering av syn og hørsel
  • Vurdering av språk og kommunikasjon (Språk 2 og Språk 4)
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Kartlegging av barnet si fungering heime og i barnehage/skule
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmidler eller medikamenter
  • Suicidalitet, sjølvskading og selvdestruktivitet
  • Bruk av sosiale medier og spill
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Medisinske tilstandar eller sjukdommar som påverkar barnet si utvikling
  • Innhente informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette/ungdom

I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Ved mistanke om pågåande vold/overgrep/omsorgssvikt i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma. Sentralt i vurderinga er om oppmerksomhetsvanskar og uro har vart over tid, om dei kan observerast i ulike situasjonar som både heime og i barnehagen/skulen, og om vanskane er av ei slik karakter at dei fører til funksjonsnedsetting hos barnet/ungdommen. Viss kartlegginga peikar i retning av gjennomgåande vanskar med oppmerksomhet og uro, bør helsesjukepleiar etablere kontakt med barnehage/skule og fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak i samråd med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved kjent ADHD

Helsestasjon og skulehelsetenesta kan gi oppfølging til barn og ungdom med kjent ADHD og delta i samarbeidet omkring barnet/ungdomen for å sikre heilskaplege tenester og tiltak. Aktuelle tiltak frå helsesjukepleiar kan vere:

  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om tilrettelegging og tilpassing i kvardagen
  • Samtalar og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus kan vere å forstå seg sjølv og sine vanskar, sortering av følelsar/tankar og strategiar for å handtere eigen uro
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp eller KAT-kassen
  • Programbasert rettleiing til føresette som eksempelvis Internatonal Child Development Programme (ICDP), Parent Management Training (PMTO) eller SMARTE FORELDRE.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i barnehagen/skulekvardagen

Evaluering av tiltak

Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenestene som følgjer opp. Tiltak skal evaluerast i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage, skule, PPT, fastlege, ergo- og fysioterapiteneste, psykisk helseteneste og BUP. Helsesjukepleiar kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen dersom dette er vurdert som formålstenleg.

Helsesjukepleiar bør samarbeide med barnhage/skule når barnet/ungdommen har behov for tilpassingar i kvardagen og tilrettelegging i undervisninga. Det er barnehage eller skule som vurderer om det er grunnlag for å be PPT om bistand og kartlegging i forhold til opplæringssituasjonen. Ved motorisk uro kan helsesjukepleier tilvise barnet/ungdommen til fysioterapeut/ergoterapeut for vurdering.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Det er fastlege som vurderer om det er grunnlag for tilvising til spesialisthelsetenesta for utgreiing av ADHD diagnose. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta har tilvisingsrett, men det er tilrådd at tilvising går gjennom fastlege som legg ved relevante helsedata. Oppsummering av kartlegging i helsestasjon og skulehelsetenesta skal sendast til fastlege som vedlegg til tilvisinga.

Barnehage

Barnehagen skal fremme god psykisk helse ved å stimulere livsglede, meistring og eigenverdi. I det psykiske helsearbeidet har barnehagen ei viktig rolle i å oppdaga teikn på psykiske vanskar og skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt. Viss barnehagen mistenker uro og konsentrasjonsvanskar hos eit barn, må barnehagen samarbeide med føresette for å sikre at barnet får riktige tiltak. Ved uro og konsentrasjonsvanskar vil det ofte vere behov for tilrettelegging av barnehagetilbodet og samarbeid med andre instansar over tid.

Teksten gir ei beskriving av barnehagen si rolle når barnet har teikn på uro og konsentrasjonsvanskar. Ved meir generell bekymring, sjå eige forløp for Barn 0-3 år.

Kartlegging ved konsentrasjonsvanskar og uro

Vanskar med konsentrasjon og uro kan kome til syne tidleg i barnet sin utvikling og ofte allereie i barnehagealder. Når det gjeld førskulebarn er det viktig med eit vidt normalitetsbegrep. Oppmerksomhetsvanskar og uro kan for mange barn vere forbigåande. Oppmerksomhetsvanskar og uro hos barn kan og vera uttrykk for andre vanskar som ulike syndrom, epilepsi, autisme, utviklingsforstyrring, språkforstyrring, psykososial belastning og/eller omsorgssvikt. Det er derfor viktig med eit bredt og heilskapleg perspektiv på barnet si fungering og familieforhold i vurderinga.

Teikn som kan gi grunn til bekymring kan vere:

  • Høgt aktivitetsnivå.
  • Er stadig uroleg og har problem med å sitte stille, eksempelvis i samlingsstund
  • Er flakkande og gir lite stabil blikk kontakt
  • Plukkar/fiklar på «alt og ingenting».
  • Snakkar særs mykje.
  • Er rastlaus i lek og skifter stadig mellom ulike aktivitetar
  • Kommer lett i konflikt med andre barn
  • Blir lett frustrert
  • Blir lett forstyrra
  • Er sein og motorisk klossete
  • Har språkvanskar og problem med å gjere seg forstått
  • Vanskar med å delta i fellesaktiviteter i barnehagen
  • Reguleringsvanskar i forhold til søvn og mat
  • Gret mykje og er vanskelig å roe
Viss barnehagen mistenker at eit barn har oppmerksomhetsvansker og uro, gjennomfører pedagogisk leiar ein undringssamtale med føresette. Barnehagepersonellet beskriv kva dei har observert og spør føresette om beskrivinga stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen skal ein be føresette om samtykke for nærare kartlegging av barnet. 

Kartlegginga kan innehalde:

  • Vurdering av generell utvikling, språk og kommunikasjon.
  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne, og i ulike situasjonar.
  • I kva situasjonar strevar barnet med konsentrasjon og uro, kor hyppige og intense er symptoma
  • Bruk av kartleggingsverktøy som
    • Tidlig hjelp til små barn. Kartlegging av motorikk, sosiale reaksjonar, høyrsel/tale og problemløysing
    • Ages & Stages Questionnaires (ASQ) og ASQ-Social Emotional (ASQ-SE). Observasjon og pedagogisk bruk av lek.
    • TRAS. Tidlig registrering av språkutvikling.
    • Askeladden. Språkscreeningtest for 2-7 år.
    • Alle Med. Utvikling innan språk, lek, sosioemosjonelt, kvardagsaktivitet, trivsel og sansemotorikk.
    • KALA. Kartlegging av lekeåtferd.
  • Drøft saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. 
  • Ved behov drøft sak med PPT, etter samtykke frå føresette.
Viss dei observerte teikna på konsentrasjonsproblem og uro kjem til syne ofte og i mange forskjellige situasjonar og viss dei er så alvorlege at dei påverker barnet si fungering negativt, skal barnehagen tilvise barnet til andre kommunale tenester for kartlegging i samarbeid med føresette. Barnehagen bør drøfte med PPT om det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Barnehagen kan og tilvise barnet til helsesjukepleiar eller psykisk helseteneste for kartlegging av utvikling og utfordringar. Barnehagen bør anbefale føresette å kontakte fastlege dersom dei ønsker vurdering av om det er grunnlag for tilvising til BUP.

Tiltak ved kjent ADHD

Ved kjent ADHD blir barnehagen einige med føresette og involverte instansar om tiltak i barnehage og heim. Tiltak bør som hovudregel gjennomførast på fleire arena samtidig. For å sikre optimal utvikling hos barn med ADHD-symptom skal barnehagen tilrettelegge ut i frå barnet sitt utviklingsnivå. For å legge til rette på ein god måte, må barnehagen ha kunnskap om barnet sine sterke og svake sider og tilpasse barnehagetilbodet til barnet sine forutsetningar og moglegheiter. Tilrettelegginga bør omfatte både lek, sosialt samspill, omsorg og læring. Tiltak i barnehagen kan vere:
  • Ha eit oversiktlig og godt strukturert miljø i barnehagen/avdelinga og ute.
  • Ha tydelege og klare regler som du vet barnet kjenner til og forstår.
  • Gi vaksenstøtte i situasjonar som kan vere utfordrande for barnet, eksempelvis måltider, av- og påkledning i garderobe, lek- og læringssituasjonar og i samlingsstunder.
  • Gi ein beskjed om gangen. Gi beskjed nå du har blikk-kontakt med barnet. Bruk visuell støtte når du gir viktige beskjedar, eksempelvis dagsplan med bilde.
  • Gi ekstra tid til å løyse eller å bli ferdig med oppgåver i leke- og læresituasjonar. Bruk leker, læremidler og metoder som er motiverande for barnet, eksempelvis spill, dataspill, bøker osv.
  • Tilpass omfang, vanskegrad og lengde på læringsøkter.
  • Bruk positiv merksemd aktivt, gi positive konsekvensar etter gjennomføring av oppgåver. Oversjå avvikande åtferd som ikkje fører til problem for barnet eller andre. 
  • Støtt barnet i leikesituasjonar slik at barnet utviklar gode strategiar for samhandling med andre barn
  • Samtaler og rettleiing til føresette
  • Dersom barnet etter sakkunnig vurdering frå PPT og enkeltvedtak frå kommunen har fått rett til spesialpedagogisk hjelp (§19A) eller tilrettelagt barnehagetilbod (19G) skal ein utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) som er i samsvar med tiltak frå sakkunnig vurdering og enkeltvedtaket som er fatta. 
  • Barn med oppmerksomhetsvanskar og uro er sensitive for overgangar og det er svært viktig å sikre desse. Overføringar må vere godt planlagd og ein bør ha overføringsmøter i alle overgangar. 

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med føresette og i samarbeidsmøter med PPT og andre instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom barnet har ein individuell utviklingsplan skal tiltak i denne evaluerast/justerast i samarbeidsmøter.  

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere PPT, spesialpedagog, helsestasjon, ergo- og fysioterapitenesta, psykisk helseteneste, familiesenter, barnevernstenesta og BUP. Ved behov etabler eit tverrfagleg team ikring barnet – kall inn tenester som PPT, helsesjukepleiar eller andre til samarbeidsmøter

Ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro er det fastlege eller psykolog i kommunen som vurderer om barnet skal visast til spesialisthelsetenesta for utgreiing. Barnehagen kan vise barnet til kartlegging i andre kommunale instansar i samarbeid med føresette, eksempelvis til PPT, helsestasjon eller psykisk helseteneste. PPT kan hjelpe barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Ved utgreiing i BUP skal barnehagen involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet. 

Skule

Skulen er ein viktig førebygging og meistringsarena for barn og ungdom. I det psykiske helsearbeidet har skulen ei viktig rolle i å oppdage teikn på psykiske vanskar og skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt. Ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro hos ein elev skal skulen samarbeide med føresette og andre instansar for å sikre at eleven får riktige tiltak. Ved kjent ADHD vil det ofte vere behov for tilrettelegging av skuletilbodet og samarbeid med andre instansar over tid.

Kartlegging ved mistanke om uro og konsentrasjonsvanskar

Vanskar med konsentrasjon og uro kan kjem ofte til syne tidleg skolealder. Det er viktig med eit vidt normalitetsbegrep. Vansker med konsentrasjon og uro kan for mange barn vere forbigående. Oppmerksomhetssvansker og uro hos barn kan og vera uttrykk for ulike syndrom, autisme, utviklingsforstyrring, språkforstyrring, psykososial belastning og/eller omsorgssvikt. Det er derfor viktig med eit bredt og heilskapleg perspektiv på barnet si fungering, sosiale forhold og familieforhold i vurderinga.

Teikn som kan gi grunn til bekymring kan vere:

  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar)
  • Forsinka utvikling (språk og sosial kommunikasjon)
  • Samspelsvanskar
  • Vanskar med overgangar
  • Vanskar med å delta i fellesaktivitetar i skulen
  • Kort spenn for merksemd
  • Motorisk uro (vandring)

Ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro hos ein elev:

  • Sett ord på det som er observert overfor barnet/ungdommen
  • Ta opp problemstilling med føresette i skule-heim samtale så raskt som mogleg og innhent samtykke til vidare kartlegging og drøfting.
  • Drøft bekymring med skuleleiing/støtteapparat eller skulen sine etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon
  • Drøft mistanke med PPT eller andre støtteinstansar, etter samtykke frå føresette. 

Kartlegginga kan innehalde

  • Vurdering av generell utvikling, språk og kommunikasjon.
  • I kva situasjonar strevar eleven med konsentrasjon og uro, kor hyppige og intense er symptoma
  • Bruk av kartleggingsverktøy som
    • ADDES kartleggingsskjema
    • Språk 6-16
    • STAS (standardisert test på avkoding og staving)
    • Logos

Etter kartlegging gjennomfører ein ny samtale med føresette og/eller elev der ein blir einige om tiltak heime og på skulen. Viss kartlegginga gir mistanke om manglande utbytte av opplæring, må skulen tilvise barnet til PPT i samråd med føresette. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Skulen kan og tilvise barnet til helsesjukepleiar eller psykisk helseteneste for kartlegging av andre utfordringar. Skulen bør anbefale føresette å kontakte fastlege dersom dei ønsker vurdering av om det er grunnlag for tilvising til BUP.

Tiltak ved kjent ADHD
Elevar med ADHD treng at læringsmiljøet er prega av rammer, struktur og oversikt. Alle tiltak må drøftast med føresette, og setjast i samanheng med tiltak i heimen. Etabler faste møtepunkt med føresette. 

Aktuelle tiltak ved ADHD kan vere:

  • Legg til rette i klasserommet ut frå eleven sitt behov
  • Tilpass undervisning, lekser og vekeplanar. Eleven kan trenge tilrettelegging sjølv om han/hun følger kompetansemål og derav ikkje har rettigheter i følge §5-1
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP) som byggjer på det som allereie er kome frå i sakkunnig vurdering og enkeltvedtak. 
  • Barn med oppmerksomhetsvanskar og uro er særleg sensitive i overgangar. Det er naudsynt med overføringsmøter i alle overgangar.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast i samtalar med eleven og føresette, og i nettverksmøter med aktuelle instansar ikring eleven. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. 

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er PPT, skulehelseteneste, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, fastlege, barnevernstenesta, og BUP.

Ved mistanke om ADHD kan fastlege eller psykolog i kommunen tilvise til BUP. Ved bekymring for ein elev skal skulen og evt. andre involverte tenester skrive informasjon som fastlegen kan legge ved tilvisinga til BUP. Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta kan skulen involverast i utgreiingsfasen og delta på tilbakemeldings- og samarbeidsmøter.

 Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

PPT si rolle i det psykiske helsearbeidet er å bistå skular og barnehagar i det helsefremmande og førebyggande arbeidet. PPT skal vurdere om barn i barnehagealder eller elevar i grunnskulen har utfordringar når det gjeld utvikling, læring og trivsel. Viss barnet/ungdommen har oppmerksomhetsvanskar og uro som påverker utbytte av opplæringa, kan barnet/ungdommen tilvisast til PPT for kartlegging og vurdering. PPT er viktig rådgivande instans for barnehage/skule når det gjeld tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Arbeidet er heimla i Barnehageloven og i Opplæringsloven.

Kartlegging ved uro og konsentrasjonsvanskar

Når PPT startar opp ei sak kan kartlegginga innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette. For vidaregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri
  • Innhente opplysningar frå skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenestar i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Samtale med barnehagelærar/lærar
  • Kartlegging av generell fungering med for eksempel CBCL/TRF eller 5-15 R - Nordisk skjema for vurdering av barns utvikling og atferd
  • Kartlegging av språk, til dømes CCC2, Språk 6-16, Reynell eller Celf-4
  • Kartlegging av kognitiv fungering og utviklingsnivå, til dømes WISC eller WPPSI
Etter kartlegging og vurdering skal ein oppsummera kartlegginga med barnet/ungdommen og føresette. I kartlegginga må ein vurdere barnet/ungdommen sitt utbytte av opplæring i barnehage/skule før ein lagar plan for tiltak. Tilvising til spesialisthelsetenesta skal drøftast med foreldre.

Tiltak ved kjent ADHD kan være

  • Samtale med barnet/ungdommen 
  • Rettleiing til barnehage/skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing av konsentrasjonsvanskar og uro har å seie for læring
  • I tilfelle der lova krev det skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

Evaluering av tiltak

Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, utarbeider barnehagen ein individuell utviklingsplan (IUP) og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast/justerast kontinuerleg i tråd med barnets utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov. I BTI-kommunar skal stafettlogg brukast i evaluering av tiltak.


Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar og vere med å sikre barns rettar etter opplæringslova og barnehageloven.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år. Aktuelle instansar kan være helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, fastlege og BUP.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta kan PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt barnet og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Fastlege, psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan tilvise til BUP, men det er tilrådd at tilvising går gjennom fastlege som legg ved relevante helsedata og informasjon frå eventuell kartlegging i PPT. 

Psykisk helseteneste

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for kommunen og kan involvere alle kommunale tenester som er i kontakt med barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog. Felles for desse tenestene er at dei har ansvar for førebygging og lavterskel tilbod ved lette-moderate psykiske helseplager hos barn og unge.

Ved mistanke om uro og konsentrasjonsvanskar, har kommunale tenester ansvar for å kartlegge symptoma og vurdere om det er grunnlag for å tilvise barnet/ungdommen til utredning. Ved kjent ADHD kan psykisk helseteneste tilby oppfølging til barnet/ungdommen eller rettleiing til føresette.

Kartlegging

Ved oppstart er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, funksjon og oppvekstforhold. Kartleggingsverktøy som kan nyttast er:

  • ASEBA (ungdom/foreldre/skule/barnehage)
  • Firfotmodellen som kartlegg symptom, utvikling, personlege eigenskaper og oppvekstmiljø
  • Ages and Stages Questionnaire (ASQ)
  • Ages and Stages Questionnaire - Social/Emotional Scale (ASQ-SE)

Ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro, er det tilrådd at symptom blir nærare kartlagt. Det er mange årsakar til uro og konsentrasjonsproblem hos barn og unge. Det er derfor viktig med eit helskapleg perspektiv på barnets/ungdommens situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet. I kartlegginga bør ein utforske eit bredt spekter av faktorar som:
  • Trivsel, humør og venneforhold.
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om det har vært mange og/eller langvarige belastningar som fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette, fråvær av beskyttande faktorar og om barnet/ungdommen har hatt kontakt med barnevernet
  • Klassemiljø, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Kartlegging av barnet/ungdommen si fungering heime og i barnehage/skule
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Somatisk helse
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller legemiddel
  • Suicidalitet, sjølvskading og selvdestruktivitet
  • Bruk av sosiale medier og spill
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Innhente informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette/ungdom

Ver merksam på at vanskar med oppmerksomhet og uro også kan vere teikn på vald/overgrep/omsorgssvikt, traume, psykisk utviklingshemming eller tilknytningsforstyrring. Ved mistanke om pågåande vold, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det gjerast ei vurdering av alvorsgrad av symptoma og om det er grunnlag for å tilvise barnet/ungdommen til vidare utgreiing eller ikkje. Ved grunna mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro, bør barnet/ungdommen tilvisast spesialisthelsetenesta for utgreiing.

Tiltak ved kjent ADHD diagnose kan vere:

  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om tilrettelegging og tilpassing i kvardagen
  • Samtalar og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus kan vere å forstå seg sjølv og sine vanskar, sortering av følelsar/tankar og strategiar for å handtere eigen uro
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp eller KAT-kassen
  • Rettleiing til føresette i å handtere barnet/ungdommen sine utfordringar
  • Programbasert rettleiing til føresette som eksempelvis Internatonal Child Development Programme (ICDP), Parent Management Training (PMTO) eller SMARTE FORELDRE.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i barnehagen/skulekvardagen
  • Behandling av lettare komorbide tilstandar som for eksempel angstlidingar og depresjon

Evaluering av tiltak

Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenester som følgjer opp. Tiltak skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis stafettlogg i BTI-kommunar.

Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen ved behov.

Samarbeid med andre instansar                                                               

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Psykisk helseteneste samarbeidar med barnehage/skule, helsestasjon, PPT, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernsteneste, fastlege, kommunal helse og sosialteneste og BUP.

Ved mistanke om uro og konsentrasjonsvanskar kan ein etablere samarbeid med helsesjukepleiar og eventuelt PPT for vidare kartlegging og vurdering viss ein sjølv ikkje har denne kompetansen.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro skal ein kontakte fastlege for vidare kartlegging og tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd at tilvising går gjennom fastlege som legg ved relevanta helsedata. Oppsummering av kartlegging i psykisk helseteneste skal sendast til fastlege som vedlegg til tilvisinga.

Barnevernsteneste

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre rett hjelp til barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling deira. Barnevernet er ikkje primær hjelpeteneste ved ADHD, men barn og unge med slike vanskar kan motta hjelpetiltak frå barnevernstenesta. Viss barnevernet mistenker at eit barn eller ungdom har uro og konsentrasjonsvanskar, skal barnevernet sikre at barnet/ungdommen får rett oppfølging.

Kartlegging i barnevernstenesta

Ei barnevernssak startar med ei melding til barneverntenesta. Barneverntenesta skal snarast og seinast innan ei veke avklare om meldinga skal følgjes opp med ei undersøking eller om det ikkje er grunnlag for bekymring. Omfanget av undersøkinga og kva tiltak som er aktuelle, er avhengig av forholda i den enkelte sak. Undersøkinga skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Så raskt som mogleg, og innan tre månadar, skal det konkluderast med om det er grunnlag for å sette i gang tiltak, eller om saken skal avsluttas. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, er det viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv.

Kartlegging ved mistanke om oppmerksomhetsvanskar og uro

Viss barnevernet mistenker at eit barn eller ungdom strevar med uro og konsentrasjonsvanskar, er det tilrådd å kartlegge symptoma nærmare. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med helsesjukepleiar, kommunepsykolog, PPT, familiesenter eller psykisk helseteneste om kartlegginga. Barnevernstenesta skal også ha eigne helseansvarlige som kan bidra i slik kartlegging. 

Ver merksam på at oppmerksomhetsvansker og uro også kan vere teikn på vald/overgrep/omsorgssvikt, tilknytningsforstyrring eller kompleks traumatisering. Det kan være svært vanskelig å skilje mellom symptom og funksjonsvanskar ved ADHD og reaksjonar på traumatiske opplevingar. I tillegg kan barn med ADHD ha ein økt risiko for å bli utsett for traumer og omsorgssvikt på grunn av felles genetiske og psykososiale risikofaktorar. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet.
Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er. Viss oppmerksomhetsvanskar og uro vurderast å vere relatert til belastningar i familien, må barnevernet sikre at barnet/ungdommen får oppfølging for disse vanskene enten i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Viss kartlegging gir mistanke om underliggande ADHD, må barnevernet samarbeide med fastlege om tilvising til BUP.

Tiltak ved ADHD

Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, blir det laga ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette der det blir sett opp konkrete mål. Barn og unge med ADHD treng at eventuelle tiltak frå barnevernstenesta er koordinert med tiltak som gis frå andre tenester. Det er da viktig med god dialog for å sikre at tiltak blir implementert på alle arenaer som skule, heim og fritid.

Eksempel på tiltak frå barnevernet kan vere:

  • Rettleiing til føresette i form av programbasert rettleiing eller individuelle støttesamtaler
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttekontakt/fritidskontakt
  • Avlasting
Barnevernstenesta har ofte ansvar for å koordinera det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar tiltak frå barnevernet. Når fleire instansar er involvert, kan individuell plan (IP) vere eitt av tiltaka.


Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad. Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar kan tiltak skildrast i ein felles plan som stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeidar med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i barnet/ungdommen og familien sin situasjon basert på samtykke (barnevernloven §3.2). Aktuelle instansar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, PPT, BUP, ergo- og fysioterapiteneste, helse og omsorgstenester.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barnevernstenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta. Ved mistanke om ADHD er det tilrådd at tilvising går gjennom fastlege som legg ved relevante helsedata. Informasjon frå kartlegging i barnevernet kan sendast fastlege som vedlegg til tilvisinga.



Spesialisthelsetenesta

BUP

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle. Barn og ungdom som får eit tilbod i BUP får denne hjelpa i pakkeforløp, som sett krav til innhald, framdrift, brukarmedvirkning og samhandling undervegs i forløpet. (link til pakkeforløp?)

Utgreiing

Ved oppstart i BUP skal ein gjere ei basisutgreiing (PDF) som kartlegg barnet eller ungdommens vanskar og ressursar.  Utgreiinga skal utformast i samråd med pasient og føresette, med fokus på pasientens symptom, funksjon og psykososial situasjon. Ut frå funn i basisutgreiing skal ein vurdere om det også er grunnlag for utvida utgreiing av vanskane, spesielt ved samansette problemstillingar. 

Utredning av uro og konsentrasjonsvansker hos barn og unge bør være omfattende og inneholde medisinsk og psykososial utviklingshistorie innhentet fra foresatte og barnet selv. Utgreiing bør innehalde:

  • Kartlegging av symptomer på ADHD ved eksempelvis «ADHD-intervju» eller «DIVA- intervju».
  • Spørreskjema utfylt av pasient, foreldre og skule (eksempelvis Russel Barkley, SNAP, nordisk spørreskjema 5-15, BRIEF, Conners` forkortede spørresskjema)
  • Diagnostisk intervju med eksempelvis Kiddie-SADS eller MINI for differensialdiagnostisk vurdering og vurdering av komorbiditet
  • Barnepsykiatrisk legeundersøking (BPU) og supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon
  • Observasjon i barnehage/skule og samtale med pedagog/lærar viss dette ikkje allereide er gjennomført av PPT
  • Vurdering av kognitive evner, ved eksempelvis Mullen, WPPSI, WISC, WAIS, Leiter, Wechsler NonVerbal 
  • Kartlegging av bruk av eventuelle rusmidler og fare for rusmiddelavhengighet 
  • Kartlegge søvn

Ved mistanke om tilleggsvansker relatert til språk eller hukommelse kan ein tilvise pasient til nevropsykologisk vurdering. Ved kompliserte differensialdiagnostiske vurderingar kan det vere aktuelt med innlegging på sengepost for miljøobservasjon.  

Utgreiing blir oppsummert og diagnose/komorbiditet vurdert i tverrfagleg team. ADHD-diagnosen settes når tilstrekkelig antall symptom på oppmerksomhetsvanskar og/eller impulsivitet/hyperaktivitet har vært til stede over tid, symptoma har oppstått i barndom, fører til betydelige problem i kvardagen og ikkje kan forklarast ut i frå andre diagnoser.

Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om diagnose, gjennomgang av konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen og saman drøftast behov for vidare oppfølging/behandling. BUP sender utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre samarbeidande instansar etter samtykke.


Behandling

Hensikten med behandling for ADHD er å redusere symptom på ADHD, betre fungering og livskvalitet i kvardagen, legge til rette for best mogleg utvikling, og redusere eller forhindre utvikling av andre lidingar.

Tilrådd behandlingstilbod for barn og unge med ADHD er
  • Diagnoseformidling og opplæring til barnet/ungdommen, føresette og familie/søsken
  • Foreldrerettleiing/trening: infokurs, nettverkskurs, programbasert rettleiing som «Strategi» eller PMTO som særleg er aktuelt ved komorbide åtferdsvansker
  • Skolebaserte tiltak
  • Behandling med legemidler er førstevalget i behandling av barn og unge med alvorlige funksjonsvanskar
  • Individuelt samtaletilbod til barnet/ungdommen ved behov, særleg aktuelt ved komorbide tilstandar.
  • Råd om søvnhygiene 
  • Sosial ferdighetstrening individuelt eller i gruppe

Samarbeid

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Sentrale samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, PPT, oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege, helse- og omsorgsteneste i kommunen, psykisk helseteneste i kommunen og barnevernstenesta.

Avslutning

Før avslutning i BUP blir barnet/ungdommen, føresette og aktuelle kommunale instansar invitert til eit oppsummeringsmøte.

Etter avslutning sender BUP epikrise til fastlege/tilvisar. Her blir tilstandar og forhold som kan vere uavklarte spesifiserte og det blir gitt informasjon om kva som bør eller kan medføre retilvising for dette barnet, for eksempel utvikling av komorbide psykiske lidingar eller behov for ny diagnostisk vurdering.


Kommentarar?

Send oss ein e-post



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.