Vil gi utsette barn ein betre start på livet

Alle barn fortener ein god start på livet. Familieambulatoriet er eit lågterskeltilbod som skal hjelpe foreldre med psykiske helseutfordringar eller rusproblem å klare nettopp det. No har dei flytta inn i betre lokaler.

– Foreldre som ønsker hjelp kan ta kontakt med oss direkte, seier leiar for Familieambulatoriet i Helse Fonna, Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen.

Flest foreldre kjem dei likevel i kontakt med via andre instansar i helsevesenet, både frå kommune og sjukehus.

– Stadig oftare er det jordmor i kommunen eller føde/barsel og nyføddintensiv som tar kontakt med oss. Det er bra, for det betyr at vi kjem tidleg i kontakt med foreldra og barnet, sier ho.

familieambulatoriet-foto-stina-steingildra-4-nett.jpg

EIN GOD START PÅ LIVET: Hjelpa bør komme tidleg og aller helst alleiere i svangerskapet. På ein pult ved Familieambulatoriet står denne vesle modellen av eit barn i mors liv.

Aller helst vil dei at mor tar kontakt allereie i svangerskapet. Jo tidlegare foreldra får hjelp, jo betre er det for barnets start på livet.

– Familieambulatoriet har helsesjukepleiar, jordmor, barnelege, pedagog og psykolog og tilbyr langvarig hjelp til foreldre som grunna problem med rus eller psykiske vanskar har utfordringar med å gi barnet dei trygge omgivnadane dei treng frå starten og i dei viktige første leveåra.

familieambulatoriet-foto-stina-steingildra-7-nett.jpg

TVERRFAGLEG SUKSESS: Ved Familieambulatoriet jobbar folk med ulike yrker. Som eit tverrfagleg team kan dei gi god støtte og hjelp til familiar som treng det. Brukarundersøkingar viser at familiane som har vore i kontakt med tilbodet er nøgde.

Slik jobbar Familieambulatoriet

  • Tilbodet er gratis
  • Det er låg terskel for å ta kontakt og få hjelp
  • Vi bruker lang tid på å bygge tillit
  • Vi er fleksble i møte med den enkelte familie og skal gi hjelp der skoen trykkar
  • Vi kan tilby rettleiing, støttesamtalar, tverrfagleg samarbeid i teamet og ut mot andre instansar i kommune- og spesialisthelseteneste
  • Vi kan vere støtte i møte med og i tillegg til annan
    hjelp som familien treng
  • Vi kan følgje familien over fleire år. Det er ikkje nødvendig å avslutte kontakten i periodar der familien klarar seg bra. Terskelen for å ta kontakt igjen når livet buttar i mot er låg.
  • Oppfølging av barna er ein viktig del av tilbudet. Dele glede og bekymring knytt til barnet si helse og utvikling, og få rettleiing om sitt barn. 

Har vore avgjerande for fleire familiar

Familieambulatoriet blei starta i 2014 som ein del av satsinga for å gi eit godt tilbod til barn som pårørande. Sidan den tid har dei vore i kontakt med 150 familiar.

– Vi har fleire familiar som seier at Familieambulatoriet si hjelp og støtte gjennom svangerskap og småbarnstid har vore avgjerande for at dei har klart seg bra, seier Kjersti Nygaard Bårdsen.

Brukarundersøkingar viser at foreldre som har fått oppfølging i Familieambulatoriet opplever seg møtt på ein god måte, at dei opplever forståing for sin situasjon og at dei får god hjelp. No er tilbodet flytta til nye og lyse lokaler i Worum-bygget i Karmsundgata. 

familieambulatoriet-foto-stina-steingildra-1-nett.jpg

OFFISIELT OPNA: Direktør i medisinsk klinikk John Conrad Brandsø fekk ære av å klippe snora under opninga. Kollegiet ved Familieambulatoriet hadde invitert gjester frå samarbeidspartnarar som BUP, habilitering og nyføddintensiv.

– Vi ser fram til å ta i mot foreldra i betre og meir moderne lokaler. Her har vi fleire rom og kan slik ha fleire foreldre inne samtidig, seier Nygaard Bårdsen, som har vore leiar for tilbodet sidan starten i 2014. No skal ho ha ei anna rolle ei stund, medan Elisabeth Carnegie skal overta leiarrolla i ein eittårsperiode.