Vil at fleire snakkar om sjølvmordstankar

«Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv». Slik var bodskapet i befolkingskampanjen frå Helse Vest i fjor. No kjem runde to av kampanjen, og Helse Fonna skal bidra til å dele bodskapet.

​– Kampanjen har eit ganske enkelt, og likevel vanskeleg mål: At fleire skal våge å fortelle at dei har sjølvmordstankar og at menneska rundt dei skal våge å spørje.

Det seier psykologspesialist og leiar for Haugaland og Karmøy DPS Camilla Heggland. Ho leier den lokale arbeidsgruppa som har ansvar for å følgje opp Helse Vest sin kampanje i Helse Fonna. Befolkingskampanjen fekk mykje merksemd i fjor, der Kristoffer Joner bidro til å formidle hovudbodskapet. Filmen med Joner blei sett over 1 million gonger i sosiale medier og ei spørjeundersøking etter kampanjen viste tydelege tendensar til at kampanjen hadde gitt folk meir kunnskap om temaet.
Kampanjestart er planlagt i desember.

Snakk om sjølvmordstankar.
Det kan redde liv

Vil bryte ned tabu og fjerne myter

– Spørjeundersøkingar i Noreg tyder på at tabuet rundt sjølvmord og sjølvmordstankar er i ferd med å brytast ned. Det er ei god utvikling som vi gjennom kampanjen ønsker å bidra til, seier Heggland.

– Det er heilt vanleg å ha periodar med tankar om at livet ikkje er verd å leve, og det fins hjelp å få. Dei aller fleste vil ikkje trenge behandling i verken kommune- eller spesialisthelseteneste, men kan få god hjelp av sine næraste. Men då må vi våge å snakke om det som er vondt, seier Heggland.

Ho understrekar at det er forskjell på å ha tankar om sjølvmord og det å vere i akutt fare for å ta sitt eige liv.

– Akkurat dette er nok litt av utfordringa for kampanjen. Vi ønsker å fortelle at det fins profesjonell hjelp i kommunen og i spesialisthelsetenesta, men samtidig vise at ikkje alle med sjølvmordstankar treng behandling, seier Heggland.

– Det aller viktigaste er å gjere folk flest trygge på at dei kan ta denne samtalen med nokon dei er bekymra for, og at folk skal ha kunnskap om kor dei kan få hjelp dersom det er nødvendig.

Ho meiner vi ikkje må undervurdere kva vi sjølv kan gjere for andre. Og at det ikkje alltid treng å vere så mykje.

– Det å bli sett, høyrt og forstått kan vere til stor hjelp for veldig mange. Det å få sette ord på smerten, sorga eller bekymringane ein går med vil kunne gjere at ein kjenner håp og ser løysingar, seier ho.

Portrettfoto av Camilla Heggland

MEIR OPENHEIT: – Spørjeundersøkingar i Noreg tyder på at tabuet rundt sjølvmord og sjølvmordstankar er i ferd med å brytast ned. Det er ei god utvikling som vi gjennom kampanjen ønsker å bidra til, seier Heggland. Foto: Eirik Dankel

Arbeidsgruppa i Helse Fonna jobbar no med ein plan for å følgje opp kampanjen. Heggland seier tiltaka inneber alt frå å dele filmar og artiklar i sosiale media til å auke helsepersonell sin kompetanse i vurdering av sjølvmordsrisiko.

– I klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna inngår NSSF sitt e-læringskurs om vurdering av sjølvmordsrisiko no i kompetanseplanane for legar og ein del høgskuleutdanna. Vi vil jobbe for at e-læringskurset blir kjent og gjennomført også i somatikken, seier Heggland.
 

– Vi skal sjå heile mennesket

Direktør Kenneth Eikeset i klinikk for psykisk helsevern seier kampanjen kjem på eit veldig passande tidspunkt.

– No har regjeringa akkurat lansert ein nasjonal handlingsplan for sjølvmordsførebygging. Ikkje berre blir Helse Vest sin kampanje spesifikt nemnt i planen, ein legg også opp til at ein skal gjennomføre ein nasjonal kampanje etter modell frå Helse Vest, seier Eikeset.

Portrettfoto av Kenneth Eikeset

HEILE MENNESKET: Kenneth Eikeset seier Helse Fonna jobbar for å bygge tenester der ein ser heile mennesket, kropp og sinn. Foto: Eirik Dankel

Regjeringens handlingsplan for forebygging av selvmord 2020-2025
 
– Den nasjonale handlingsplanen legg opp til det vi i Helse Fonna skal satse på i nybygget: Å sjå heile mennesket. Kropp og sinn heng saman. Vi jobbar no med å utvikle felles akuttmottak for somatikk og psykiatri. Nasjonal handlingsplan for sjølvmordsførebygging tar i stor grad opp somatikken si rolle, seier Eikeset.

Nasjonale tal viser nemleg at opp i mot 80 prosent av dei som tar livet sitt hadde vore i kontakt med fastlegen sin i månadane før sjølvmordet, utan å ta opp sjølvmordstankane der.

– Folk som ender opp med å ta livet sitt har også hyppigare kontakt med fastlegen enn befolkinga ellers, seier Camilla Heggland.

– Dei kjem gjerne for å ta opp somatiske problemstillingar som brystsmerter eller søvnvanskar, og her ligg det ein moglegheit for fastlegen til å gå nærare i dialog med pasienten og sjå om det kanskje er andre ting som ligg bak legebesøket, seier Heggland.

– Alle har eit ansvar

Helse Fonna inviterer kommunane til å dele kampanjen. Kommuneoverlege Katrine Haga Nesse i Karmøy har bidratt til Helse Fonna si planlegging av kampanjeperioden for å få med kommuneperspektivet.

– Eg tenker at vi har eit felles samfunnsoppdrag, alle vi som jobbar med folk, anten det er i skule- eller helsesektoren. Alle har eit ansvar for å bry seg og om å sjå kvarandre. Eg håpar denne kampanjen kan bidra til det, seier Haga Nesse.

Heggland støttar dette og meiner det er viktig å gjere helsepersonell både i kommune- og spesialisthelsetenesta trygge på korleis dei kan nærme seg slike vanskelege tema i møte med pasientar og korleis dei skal handtere situasjonen vidare. Det håpar både Heggland og Eikeset at kampanjen vil bidra til.

– Det er eit langsiktig arbeid, men vi er i gang. Vi håpar mange vil hjelpe med å dele bodskapet når kampanjen startar, og at mange vågar å ta den praten når dei er bekymra for nokon rundt seg.