Vi har lansert chatbot

Helse Fonna har lansert ein chatbot på nettsidene helse-fonna.no. Den skal hjelpe deg å finne svar på det du lurar på. No håpar vi du vil hjelpe oss med å trene den opp.

– Helse Fonna sine nettsider inneheld mykje informasjon og jobben til chatboten er å hjelpe deg å finne fram, fortel kommunikasjonsrådgivar Janneth Hægland. Ho er ein av dei som har bygd roboten og lært den kva den skal svare. Jo meir den blir brukt, jo flinkare blir den å svare presist.

Du kan bli robottrenar

Chatboten er ei automatisk svarteneste og kan berre svare på førehandsprogrammerte spørsmål. Jo fleire spørsmål den får, jo meir presise blir svara.

Janneth Hægland (t.v.) og Marit Hausken Hustvedt. (Foto)

Janneth Hægland (t.v.) og Marit Hausken Hustvedt.


–  Vi håpar mange har lyst å prøve den og stille eit spørsmål eller to. Vi vil sjølvsagt at den skal klare å svare rett, men det er like verdifullt for oss å avdekke feil eller manglande tema, slik at vi kan forbetre den, seier Hægland.

– Når det kjem inn eit spørsmål den ikkje kan svare på, sender den ein beskjed til oss slik at vi kan fikse det.

Roboten har ikkje tilgang til informasjon om deg

Chatboten er ein robot. Det betyr at det ikkje er eit menneske som svarar deg når du stiller den spørsmål. Hægland har saman med koordinator på dialogsenteret Marit Hausken Hustvedt brukt mange timar på å lære chatboten kva den skal svare.

– Den kan svare deg på generelle spørsmål knytt til ditt besøk på sjukehuset. For eksempel fortel den deg korleis du kan sjekke timane dine på helsenorge.no, når det er besøkstid på sjukehuset, kor du kan parkere eller opningstida for blodprøvetaking, forklarar Hustvedt.

Du treng ikkje uroe deg for sensitive opplysningar, forsikrar Hustvedt og Hægland.

– Den kan ikkje svare på spørsmål knytt til enkeltpersonar. Den har ikkje tilgang på pasientjournal og den lagrar ikkje informasjon dersom du skriv inn opplysningar om deg sjølv, seier Hægland.

Alle spørsmåla blir sendt inn anonymt og vi kan ikkje sjå kven som har stiller oss spørsmål.

– Vi oppmodar likevel om å ikkje skrive noko personleg informasjon som namn eller personnummer, seier Hustvedt.

Chatboten er tilgjengeleg for alle når du besøker Helse Fonna si nettside. Den ligg nede i høgre hjørne på nettsida, men fungerer ikkje i nettlesaren Internet Explorer. Den er tilgjengeleg alle dagar heila døgnet.