Ventetida går ned i Helse Fonna

Ventetida i Helse Fonna går ned. Barn og unge med psykiske utfordringar har rekordlåg ventetid samanlikna med andre helseføretak. For andre pasientar kor fastlegen mistenker kreftsjukdom går det raskt til utgreiing og eventuell behandling i sjukehus.

​Styret i Helse Fonna blei i dag oppdatert på ventetider. På vegne av pasientane er det mykje å gle seg over. Ser vi alle dei pasientane som til ei kvar tid ventar på behandling er ventetida 58 dagar. Barn og unge med psykisk lidingar ventar  i 30 dagar på behandling, noko som er heilt i landstoppen. Vaksne med psykiske lidingar ventar 37 dagar og pasientar med rusmiddelavhengighet ventar 32 dagar på behandling. Innan andre poliklinikkar på sjukehusa er ventetida i snitt 60 dagar. Alt er innan målkravet, men det blir det arbeidd kontinuerleg for å redusere ventetida ytterlegare.

-Vi skal innan 2021 ha mindre enn 50 dagar i gjennomsnittleg ventetid. Eg er glad for at vi er på veg mot det målet, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Han presiserer at det sjølvsagt ikkje er ventetid om du blir akutt sjuk eller om fastlegen mistenker at du har ein kreftdiagnose. Då går det raskt å komme i gang med utgreiing og behandling. Svendsen er også strålande nøgd med det gode tilbodet til barn og unge med psykisk lidingar i Helse Fonna. Desse avdelingane har vore gjenstand for tilsyn frå Fylkeslegen kor det ikkje blei gitt avvik verken på tilbodet til pasientane eller korleis ein legg til rette for behandling av barn og unge med psykiske lidingar.

-Rett og slett imponerande, slår styreleiaren fast.

Viktig planlegging


-Eg er stolt over den fantastiske jobben som blir gjort på ulike avdelingar i sjukehusa for å gi pasientane helsetilbod innan den fristen som er sett, seier Svendsen. Han har tru på at målet om å redusere ventetida ytterlegare er innan rekkevidde.  I dag er det forskjell i ventetid alt etter kva du skal behandlast for. Det er sett i verk tiltak i klinikkane for å sørge for at tilvisingane til sjukehus blir vurdert raskt. Vidare blir det arbeidd for at pasientane får time i første brev og at det blir planlagt i lang tid framover i poliklinikkane. Effektiv drift av poliklinikkane har ført til at stadig fleire pasientar i Helse Fonna får utgreiing og behandling.

-Det er svært bra at vi behandlar fleire samstundes som ventetida går ned, seier Svendsen. Han legg ikkje skjul på at innan nokre fagområde er ventetida over målkravet, dette blir det arbeidd kontinuerleg med. Han ber pasientar gjere det dei kan for å nytte timen dei har fått på sjukehuset, endring av timar er ressurskrevjande og ofte eit puslespel å få til å passe når pasienten treng både utgreiing og behandling kor fleire behandlarar er involvert.

Økonomi


Det økonomiske resultatet for november månad var om lag fire millionar betre enn budsjett. Det er mål om å klare å nå eit overskot på 25 millionar kroner i Helse Fonna i 2018. Det er viktig å sikre overskot for å ha nok pengar til investering i sjukehusa også neste år. I år er det investert i brannsikring på Stord sjukehus og sentral for driftsovervaking er oppgradert.


Det er bygd nytt tak på Søsterheimen på Valen og brannalarmanlegga ved både Odda og Valen sjukehus er rehabilitert. I Ølen er det levert inventar til den nye ambulansestasjonen som snart står klar. Nytt sjukehusbygg i Haugesund følger plan og skal stå ferdig sommaren 2021. I alt er det handla for 37,1 millionar kroner i medisinsk teknisk utstyr. Dette utstyret blir nytta i pasientbehandling ved ulike avdelingar og sjukehus i Helse Fonna.