Ved geriatrisk sengepost er det 300 dagar sidan ein pasient fekk trykksår

Stort sett alle pasientane deira har auka risiko for å få trykksår. Likevel kan medarbeidarane ved geriatrisk sengepost markere at det i dag er gått 300 dagar sidan førre gong ein pasient fekk trykksår under opphaldet.

– Vi har hatt gode tal dei siste åra, men vi har aldri klart så mange dagar utan trykksår før, seier funksjonsleiar Kristin Kristiansen.

Geriatrisk har i fleire år jobba med å sikre at alle pasientar blir screena for Trygg pleie. Trykksårsuksessen har fleire forklaringar:

  • Rutinar for screening og risikoreduserande tiltak er innarbeidd
  • Alle pasientar blir screena for risiko ved innkomst
  • Alle pasientar som treng det skal få trykkavlastande madrass
  • Daglege tavlemøter med sjukepleiarar og legar der risiko og tiltak blir gjennomgått
  • Ny rettleiar for sårbehandling gir god oversikt over pleieprodukt som kan førebygge trykksår

 

– Imponerande

– I ei avdeling der stort sett alle pasientane har ein eller fleire risikofaktorar, er det imponerande kva fagfolka på geriatrisk har fått til, seier konsulent i pasienttryggleik Målfrid Christoffersen. Ho rosar personalet for måten dei har innarbeidd risikovurdering og tiltak i arbeidskvardagen på. Målet er å unngå at pasienten blir påført ein skade under sjukehusopphaldet.

– Vurdering av trykksår er like naturleg som å måle pasienten sitt blodtrykk.

Christina Sørhaug, fagsjukepleiar
 

– Hos oss er vurdering av trykksår no like innarbeidd og naturleg som å måle pasienten sitt blodtrykk. Vi har også fått betre kompetanse på sår. Før sa vi kanskje at pasienten er litt raud, no slår vi fast om han har trykkmerke eller trykksår. Men det har tatt tid å komme dit, seier fagsjukepleiar Christina Sørhaug.

For trykksårfrie dagar betyr mykje meir enn fine tal på ei tavle eller kake når ein rundar 100, 150 og 200. For pasienten betyr det å sleppe smerter, nedsett livskvalitet og i verste fall død.  

 

Trykkavlastande madrassar eit viktig tiltak

– Det er fantastisk at vi no alltid har tilgjengeleg trykkavlastande madrass, og at pasienten får det så tidleg, seier Kristiansen.

For allereie i ambulansen skal det vurderast om pasienten vil trenge madrass, slik at akuttmottaket kan ha det klart til dei som treng det. I tillegg gjer sjukepleiarane på geriatrisk ei ny vurdering når pasienten kjem opp på sengeposten. Då er dei snare med å hente madrass slik at risikoen for trykksår skal reduserast så tidleg som mogleg.

kristin-kristiansen-christina-sørhaug-foto-stina-steingildra1-intranett.jpg
STOLTE: Funksjonsleiar Kristin Kristiansen og fagsjukepleiar Christina Sørhaug ved geriatrisk er svært nøgde med utviklinga. Foto: Stina Steingildra

I tillegg bruker dei den Helse Fonna-utvikla sårrettleiaren som også Stavanger universitetssjukehus no har tatt i bruk. Den skal rettleie personalet i å førebygge, klassifisere skader og sette i verk tiltak basert på nasjonale retningsliner og produkt som har dokumentert effekt. Rettleiaren viser mellom anna korrekt vurdering og bruk av pleiemiddel som barrierekrem og trykkavlastande bandasjar.

– Vi har tilgang på fantastiske produkt både til førebygging og behandling og legg vekt på god opplæring i korrekt bruk, seier Sørhaug.

trykksårveileder-allesider.jpg
ENKEL OG OVERSIKTLEG: Rettleiaren er utvikla av Målfrid Christoffersen og Eirik Dankel i Helse Fonna. Du finn den i eHandboka. 

 

Hardt arbeid og masing

Då eininga i 2015 for første gong nådde 100 dagar utan trykksår, blei det lag ein film som inspirasjon til godt arbeid med pasienttryggleik. I filmen innrømmer Sørhaug at både hardt arbeid og masing måtte til.

– Det er mykje takk vere Målfrid at vi er der vi er. Det å ha ei eldsjel som heile tida minna oss på kor viktig det var å vurdere kvar pasient og sette i verk tiltak har vore viktig for å få så innarbeidde rutinar som vi har no, seier ho.

I filmen fortel Christina at Målfrid etterspurte trykksårvurdering så mykje at dei av og til snudde når dei såg henne i gangen. Sørhaug meiner det seier noko om kor vanskeleg det er å få nye rutinar til å bli ein del av det daglege.

– For å bli god, må ein prioritere det.

Kristin Kristiansen, funksjonsleiar
 

– No er screening for trykksårrisiko like naturleg som å måle pasienten sitt blodtrykk. Det kan sjå lett ut når nokon har oppnådd gode resultat, men det ligg utruleg mykje arbeid bak, seier Sørhaug. Ho fortel at pasientar av og til får trykksår hos dei, men at det er veldig sjeldan.

– Når det skjer, er det som regel fordi vi glipp på rutinane. Det kan vere i særleg travle periodar.

Sørhaug og Kristiansen sine råd til andre avdelingar er tydeleg:

– For å bli god, må ein prioritere det. Ha gjerne ein person med særleg ansvar for å passe på at rutinane blir følgt, nokon som tør å «mase». 

geriatrisk-sengepost-foto-stina-steingildra2-intranett.jpg FRUKTKORG: Geriatrisk fekk i november månadens frukkorg for god innsats innan pasienttryggleik. Foto: Stina Steingildra